Gå til innhald

Quiz:

august 6, 2009

Eg lurer på om det var vettugt av meg å hoppa inn på facebook. Eg blir magnetisk dregen til å sjekka om det er noko nytt, og når eg først er på maskinen så må eg bare… Men det blir vel ein vane som det meste?
Eg har lyst til alt anna enn det eg må. Det eg må heiter husarbeid og tydding og skriving av manus. Og aldri blir ein så kreativ på andre frontar som når ein må noko.

Sidan det tross alt er ferie, blir dagens innslag ein litt meiningslaus quiz om korleis livet ser ut ein uvanleg torsdag på slutten av ferien for ei nettopp heimkomen husmor for tida aleinemor med eit barn…

1. Kven var den første eg snakka med i dag?

A: Ein nabo som lurte på om eg kunne passa på dei sju hundane hans i helga.

B:Ei barndomsvenninne eg ikkje har snakka med på 30 år som ringte for å høyra korleis eg har det.

C: Ein forlagsagent som lurte på om eg hadde lyst til å skriva biografien til Åse Marie Nesse.

2. Korfor hadde ikkje mor mi tid til å snakka med meg då eg ringde?

A: Ho skulle til audiens hos kongen.

B: Ho var på eit kjøpesenter med ei venninne.

C: Ho var på veg inn til legen for å sjekka om ho har svineinfluensa.

3: Korfor har eg plaster under den venstre foten?

A: Det gjekk hull på ei vannblemme på størrelse med ein tomat, ho vart full av sand då eg bada, og det vart lite sår.

B: Eg stakk meg på ein fjesing i sjøen i Spania.

C: Eg brant meg skikkeleg då eg prøvde å gå på glødande kull på avslutningsfesten på Solgården.

4. Kven var den siste uniformerte mannen som gav meg ein spontan klem?

A: Bror min, på veg til utrykning.

B: Flystuerten på flyet heim.

C: Sjømannspresten i Alicante.

5. Korfor drakk eg ikkje kaffi då eg kom heim, slik eg hadde tenkt?

A:Eg fann ikkje kaffiposane fordi nokon hadde lagt dei i fryseboksen.

B: I traktaren var det ein mygla traktepose, og glasskanna hadde grøne prikkar i botnen.

C: Naboen venta med nytrekt te.

Eg hadde fleire punkt, men er lei av å legga dei ut gong på gong fordi internett-tilkoblinga sviktar heile tida. Fem punkt er sikkert meir enn nok… Nokon som klarer fem rette?

Heidi

From → Quiz

16 kommentarar
  1. Syster permalink

    c

  2. Syster permalink

    c

  3. Heidi: permalink

    Men quizen var ikkje ferdig då du svarte. Prøver på ny. Internett er av og på i dag.

  4. Tintomara permalink

    b b a c b

  5. Tintomara permalink

    b b a c b

  6. Heidi permalink

    Du imponerar Tintomara. 4 rette. Venter litt med fasiten.

  7. Torhild permalink

    c,b,a,c,b

  8. Torhild permalink

    c,b,a,c,b

  9. Torhild permalink

    Ett eller anna vil ha kommentarer x2!!

  10. Heidi : permalink

    Ja eg veit. Tre rette til Torhild. Tintomara leiar. Fasit kjem kasnkje i morgon.

  11. Anonym permalink

    1C
    2B
    3A
    4C
    5B

  12. Leif permalink

    Jag er den «namnlösa»

  13. Heidi: permalink

    Tre rette til Leif og. Viss du hadde tenkt deg om ville du sett at du svarte identisk med Torhild, som altså har tre rette.

  14. Tintomara permalink

    Om jag vinner kan vi väl bli vänner på Facebook? 😉

  15. Heidi: permalink

    Du vinn! Du har namnet mitt. Ver så snill å inviter meg til å bli din venn! 🙂

    Då avsluttar eg konkurransen og kjem med fasiten:

    1B. Ei barndomsvenninne ringde meg og lurte på korleis eg hadde det. Omtrent litt surralistisk, for eg har ikkje sett henne eller snakka med henne på nokså nøyaktig 30 år. Veldig koseleg.

    B: Mor var på kjøpesenter, og me avtalte å ringast litt seinare.

    3 A: Grundig forklart i spørsmålet. Nå er det grodd ved hjelp av grønnsåpe, bacimysin og pyrisept.

    4.B Her var fella 😉
    Eg kjende han frå før av, me gjekk i lag på lærarskulen.

    5.B Men nå er traktaren rein og i full bruk att. Torhild hadde kome heim til ein heilt tilsvarande traktar, og meinte det var heilt normalt… 😉

  16. Heidi permalink

    Premien i boks, Tintomara. Dette liker eg.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: