Gå til innhald

Første morgonen i Roma.

september 11, 2009

Første morgonen i Roma regnar det. Heidi og Gry er ute for å handla frokost til oss. Dei kjem heim nokonlunde tørre med nybakt brød, tomater, druer, appelsinjuice og deilig italiensk ost. Me dreg det eine bordet inn under ei markise der me kan sitja tørt. Der sit me og tygg  den gode maten medan regnet sprutar og høljar over oss som frå store hageslangar. Ute er det deilig og sommarvarmt. Me har utsikt ut over Roma med to høge kyrkjetårn med kuplar ikkje langt i frå oss.

Dei andre har med seg små praktiske samanleggbare paraplyar. Eg har tenkt at om eg skulle trenga noko slikt er det sikkert å få kjøpt. Når me kjem ned trappa og kikkar ut har det slutta å regna. Og ikkje før har eg sett foten på fortauet, så står han der rett framfor meg, paraplyselgaren med hundre paraplyar i armane sine. Eit sekund gløymer eg at eg ikkje er med i eit eventyr eller ein romantisk komedie, og kjøper den største paraplyen han har. Paraplyen er fargerik og fin med ulike fargar på sektorane mellom spilene. Først då mi langt meir praktiske venninne kommenterer det, innser eg at den paraplyen er mildast talt upraktisk å dra med seg rundt i Roma, og truleg nokså umogleg å få med seg heim på flyet.

Så tek me drosje til Petersplassen. Me hadde tenkt å gå, for vegen er ikkje veldig lang, men me er seinare enn me hadde tenkt på grunn av regnet. Først rotar me oss borti ein amerikansk guide, som garanterer for et me skal sleppa unna køar, men snart skjøner me at han er mildast talt usertifisert. «Who of you guys can guess how tall that statue is?» Eg har aldri i mitt liv høyrt nokon snakka så fort, trur eg… Etter fem minutt klarer me å sno oss unna før me har betalt. Så stiller me oss i køen som viser seg å vera så godt som ingen kø i det heile tatt.

Eg har lese i turistguiden min og ledd litt av at det står der at det er eit kjent fenomen at dei besvimer når dei kjem inn i Peterskyrkja fordi dei blir overvelda av inntrykket. Anne Mette har lova å gå på sida av meg for å vera behjelpeleg om eg skulle kollapsa. og i guiden står det at det alltid er sivilkledde sjukepleiarar i inngangspartiet klare til dyst…

Peterskyrkja ser kjend ut inni. Eg kjenner att baldakinen med dei snodde søylene og høgaltaret frå midnattsgudstenestene på julafta. Det er rart å vera der på ordentleg. Me finn fram Romabøkene våre og guidar kvarandre gjennom kyrkja. Me finn ut at grunnen til at Michelangelos Pieta er bak ei glasrute er at ein sinnsforstyrra person ein gong gjekk laus på statua med ein hammar. I fylgje ein svensk guide som kjem forbi med svenske turistar, så fekk manne lang fengselsstraff etterpå. Eg prøver å fotografera dei to pavane som framleis ligg på ein slags lit de parade under bronsemasker under kvart sitt altar, men det er ikkje så lett…

Ein stad er det eit forheng. Bak forhenget er paven sitt private kapell, og der slepp ein bare inn dersom ein vil inn for å be. Kven som skal bedømma kven som er verdige til å sleppa inn dit med bønene sine veit eg ikkje, men det er klart eg skal inn for å be. Der  inne er det stille. Romet er pynta med kvite liljer, og framme i koret ligg munkar og nonner på kne for å be. Eg kneler på eit knefall bak ein benk, og blir ei lita stund ei bøn til Gud. Det kjennest litt spesielt å få vera i bøn i sjølvaste Peterskyrkja. Paven dukkar ikkje opp, men det var vel heller ikkje å venta. Det er viss på sundagar og onsdagar han brukar å gje seg til kjenne.

Sidan ser me alle skriftestolane, og eg leikar litt med tanken på korleis mon tru det kjennest å bruka ein slik. Opningsreplikken «Forgive me father for I have sinned,» kjenner eg jo frå amerikanske filmar, men så spørs det jo kor språksterke prestane er. Skulle eg avlegga eit skriftemål på italiensk, ville eg vera relativt målbunden.

Så ser me på Petersstatua der den eine foten er kyssa glatt og ugjenkjenneleg. Vågar nokon å kyssa foten i desse svineinfluensatidene, mon tru? Ein stad er det ein veg ned til krypta, oppe ved taket er det eit skjelett. Plutseleg står det ein bitteliten mann framfor oss. Han er samankrøka og ser ut som om han er nitti eller hundre år. Auga hans lyser intenst i mot oss. Han stråler mot oss og begynner å snakka. Han snakkar og snakkar og snakkar, medan han peikar ned i krypta. Memente mori, tenkjer eg… Kva han seier veit eg ikkje, men eg klarer å skjelna orda katolsk, evangelisk og protestantisk. Eg vil helst tru at han snakka om at alle står saman i Kristus, og at alle står på like fot. Det kan like gjerne vera noko heilt anna han sa, for italiensken min er heller ustødig. Eg møter blikket hans som er like brennande medan han snakkar og snakkar og snakkar.  Eg smiler mot han. «Eg skulle ønska eg forstod deg, » seier eg på norsk. «Eg førstår du vil fortelja oss noko viktig, men eg forstår ikkje kva du seier.» Smilande ser han mot oss før me går kvar til vårt. Kanskje han trur me har forstått alt saman.

Ein time seinare står me i Det sixtinske kapellet og ser figurane langs kanten sitja der og dingla med føtene mot oss. Det er annleis enn eg trudde der inne. Det er mykje mindre enn eg trudde, og alle dei kjende figurane er malte tett i tett. Ei av vaktene har tydeleg til oppgåve å koma med kraftige hysjelydar og seia «Her inne skal det vera stille!» sånn ca kvart tredje minutt… Det finst mange rare jobbar der ute i verda, for eksempel å vera hysjar i Det sixtinske kapellet..

Etterpå er me så svoltne at me let oss lura trill rundt på ein fortausrestaurant i feil gate. Men sjå det er ei heilt anna historie, som HC Andersen ville ha sagt.

Heidi

From → Reiser

4 kommentarar
  1. Borghild's avatar
    Borghild permalink

    Du treng ikkje bilete på bloggen din.
    Alle inntrykka du beskriver kjem opp som bilete i hodet mitt mens eg les.
    Det er fint tykkjer eg.
    I dette innlegget konkurrerer paraplyen og den gamle mannen om det beste biletet for min del..

    Hvis me to vimsekopper klarer å minna kvarandre på det, så vil eg gjerne sjå fotografia du har teke på denne turen neste gong eg kjem heim. For å sjå om dei stemmer med mine intrykk 🙂

    Kos deg vidare!
    Klem Borghild

  2. heidiskriv's avatar
    heidi permalink

    Hei Borghild. 🙂 Tusen takk for fine ord. Mannen er det sterkaste biletet i mitt hovud og. Dessverre klikka kamera etter ein dag, men noko av dette har eg vel faktisk bilete av. Var forresten på eit slags fotokurs med Ingeborg Skrudland i regi av skulen, og fekk veldig lyst til å fotografera meir eg og. Men eg driv nok noko fotograferingsliknande med ord og tankar, det har du heilt rett i. 🙂 Alt godt til deg og.

  3. Petra's avatar
    Petra permalink

    Ja men det ÄR ju så underbart med stora, färgglada paraplyer 🙂

    Och vilken resa! Vad spännande!

  4. Heidi's avatar
    Heidi permalink

    Ja, ikkje sant. Og eg fekk med meg paraplyen heim 🙂

Legg att svar til heidi Avbryt svar