Gå til innhald

Colosseum og Palatinarhøgda

september 13, 2009

Det merkelege med å vera i Roma er at ein plutseleg står midt oppi noko med skikkeleg historisk sus. «Hjelpe meg der er jo Panteon, liksom, midt i ei vanleg gate.» Det er rart å plutseleg vera inne i Colosseum og.  Sist eg var der i lag med Anne Mette, Sigrid og Olaug, for sånn ca 29 år sidan, var eg bare på gjennomreise. Interrailturen var så viseleg innretta at me hadde bevilga oss nokre timar i Roma medan me venta på eit tog som skulle ta oss sørover. Plutseleg stod me midt i Colosseum. Denne gongen lurte me på korleis i all verda me kunne ha klart akkurat det. For ved Colosseum var det jo gjerder og køar og guidar og handelsboder. Men viss me ikkje var i Colosseum den gongen, kor i all verda var me då? Sjå det vil me kanskje aldri få vita. I 29 år har me vore overbeviste om at me var i Colosseum, nå må me leva med tvilen… Sjølv om me nå veit 100% sikkert at me faktisk var akkurat der for ei veke sidan.

Denne gongen gjekk me saman med ein guide. Eg syntest formeleg eg kunne sjå keisaren sitja på keisartribunen og vinka med kvite eller svarte lommetørklær medan han peikte opp eller ned med tommelen.  Aller øverst på ståtribunen var det rom for slavar og kvinner. Kvinnene måtte i fylgje guiden stå der fordi dei fekk hysteriske anfall ved synet av dei veltrente gladiatorane, og dermed kunne koma til å forstyrra dei i kampane… Gladiatorane var visstnok dåtidas store sexsymbol…

Utanfor Colosseum står ein mann med romerske klede og plastbrynje. Håret er langt og armane tatoverte. Sandalane er vel strengt tatt ikkje heilt tidsriktige. Først forstår eg ikkje korfor han står der, men så går det opp for meg at han håpar på å tena pengar gjennom å bli fotografert saman med turistar, – endå eit at desse merkelege yrka ein kan ha i Roma by. Når me nærmar oss kjem han springande mot oss. «Do you want to take your picture with me?»  På ein relativt høfleg måte, takkar me nei. Neste spørsmål blir som fylgjer: «You don`t want to take your picture together with a sexmachine?»  Me får håpa at han hadde så pass glimt i auget at den spontane latteren frå fire damer ikkje går på sjølvbiletet og manndomen laus…

Etterpå får me omvisning på Palatinerhøgda der keisarane velta seg i marmor og hadde baderom med varmt og kaldt vatn i tillegg til dampbad. Me såg ruinane frå der keisaren sine gjester låg bekvemt til bords medan dei kunne nyta synet av dansande slavinner gjennom vinduet. Me såg og restane etter keisar Nero sin underjordiske gang til gullpalasset sitt eit stykke unna. Der kunne han gøyma seg om nokon kom for å drepa han. Det kosta å vera kar den gongen og. Frå kanten av høgda ser me ned på Forum Romanum.

Om kvelden et me pasta på ein fortausrestaurant like utanfor Pantheon medan musikarar spelar «I did it my way» på trekkspel og saksofon. Men både musikarar og roseseljarar blir jaga av kelnarane når dei driv oppsøkjande betalingsverksemd ved borda.  Så merk3eleg det må vera å bu midt oppi dette… At Pantheon og Colluseum er noko ein passerer på veg til jobb eller når ein luftar hunden om kvelden. Eg grublar halvseriøst over spørsmålet om korvidt ein burde unna seg å bu i Roma eit års tid ein eller annan gong.

Men vaska føtene sine i Trevifontena bør ein definitivt ikkje gjera. Vatnet i fleire av dei store fontenene kjem framleis frå fjella utanfor Roma i ein gammal akvedukt. Det ser ut og luktar som norsk fjellvatn. Eg skjønar godt den godt vaksne dama som i 33 graders varme fall for freistinga å sparka av seg skorne og dyppa føtene i det klare vatnet… Men det gjekk ikkje mange sekunda før lyden av ei ilter politifløyte flerra lufta, og ein uniformert mann med politikølle bana seg fram gjennom folkehavet til ho som var sveitt på føtene. Ho fekk så øyrene flagra. Så ein tullar tydelegvis ikkje med kulturminna i Roma.

Heidi

From → Reiser

3 kommentarar
  1. Petra's avatar
    Petra permalink

    🙂

  2. Petra's avatar
    Petra permalink

    Ho hoooo! (?)

  3. Heidi's avatar
    Heidi permalink

    Er her framleis…

Legg att svar til Petra Avbryt svar