Gå til innhald

Raud veske på Sira stasjon.

oktober 12, 2009

Før var eg så roleg når det gjaldt allsalgs reising. Eg var der to minutt før tog og bussar gjekk. Kanskje det er eit teikn på aldring at eg nå er livredd for å koma for seint? Fordi eg ikkje kunne bruka bil til stasjonen, spende eg på meg ryggsekken og gjekk i så god tid at eg var på stasjonen 50 minutt før togavgang. Eg måtte gjera meg ærend i butikkar fordi det vart lenge å venta.

Ein mann i oransje jakke sa at eg såg ut som eg venta på langdistansetoget. Det gjorde eg, og han kunne opplysa om at den første timen vart det buss for tog på grunn av arbeid med toglinja. Me vart stabla inn i ein buss, og kjørde av stad gjennom eit haustgult landskap medan lokalradioen underhaldt oss med songen: «Jag trodde änglarna fanns bara, bara i himmelen».

Etter ein time vart me ønska velkomne på toget som nå var eit kvarter forsinka. Etter mindre enn ein ny halvtime stansa toget på grunn av lynnedslag i det elektriske sikkerheitsanlegget. Etter ein time vart det bestemt at passasjerane skulle fraktast eit nytt stykke med buss. Så var det ut av toget og inn i ein ny buss, som skulle kjøra skytteltrafikk. Det var fascinerande å sjå på folk sine reaksjonar. Dei fleste tok det med godt humør, men nokre var tydeleg stressa…

Så stod me på Sira stasjon. Det regna og torna, tett i tett stodd me der. Eg satte ned veske, ryggsekk og paraply, og brukte tida til å senda tekstmeldingar. Etter ein ny time fekk me vita at feilen var reparert, og at toget skulle plukka oss opp igjen.

Først vel inne i togsetet oppdaga eg at handveska mi ikkje var med. Ho stod truleg att på Sira stasjon med pengar, bankkort, billett og nistemat. – Og for sikkerheits skuld låg passet mitt framleis i vesa etter Romaturen. Så var eg altså reisande med ryggsekk og to bøker, men utan billett og alt det andre. Konduktøren etterlyste veska mi på høgtalaren, men ingen hadde sett ho…

Rar kjensle å sitja på toget utan billett og utan mat og utan kontroll over lommeboka. Konduktøren prøvde å ringa opp Sira stasjon, men der var det visst ingen. Det er ein bitteliten stasjon dei har på Sira. Eg prøvde å pusta roleg ut og inn, og søkte trøyst i boka eg hadde med av Martin Lönnebo. Tilfeldigvis handla kapittelet som stod for tur om utfordringa i å våga å kvila i tilliten, og å ikkje vera bekymra. Det passa ganske godt for å seia det sånn…

Først fleire timar seinare fekk eg vita at veska var funnen, og på veg med neste tog. Eg var sjeleglad, og folk i vogna hadde fått med seg litt av dramatikken gjennom samtalane med konduktøren og mobilen. Dei gledde seg med meg…

Eg sende melding til Eva Mari om at toget var to timar forsinka, og at eg måtte venta ein time til på neste tog for å henta veska mi. Ho sa at eg ikkje skulle stå aleine på stasjonen. Ho ville koma for å venta saman med meg. Og omsorgsfullt nok dukka ho opp. Med seg hadde ho varm lasagne pakka inn i plast, handkle og aviser for at det ikkje skulle bli kaldt. Ho tenkte at eg måtte vera kjempesvolten etter ein lang dag på toget utan mat og drikke. Det er omtrent det søtaste nokon har gjort med meg i heile mitt liv. Etter eit varmt måltid i bilen kunne me henta veska på perrongen. Alt låg sjølvsagt på plass oppi der. All grunn til å takka Gud og  livet, og til å le litt av seg sjølv…

Heidi

From → Reiser

4 kommentarar
  1. Petra permalink

    Vilken pärs!

  2. Tintomara permalink

    Ibland besannas ens tro på mänskligheten! 😉
    Jag gick en gång ifrån en röd handväska på Grand Central Station i New York. (Innebar ett väldigt intresasnt besök på polisstationen därstädes!)Och jo, den hade tagits tillvara vid biljettluckan där jag ställt den. Jag har den kvar än. Fast jag har inte använt den på många år.

  3. Heidi permalink

    Det er mykje ein skal vera med på…

  4. heidi permalink

    Då får me tenkja på dei raude veskene våre viss tiltrua til menneskeheita skulle vakla, Tintomara 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: