Gå til innhald

Jesus Christ Superstar.

oktober 16, 2009

Eit av høgdepunkta i haustturen til austlandet var to billettar til Jesus Christ Superstar på Det Norske Teateret. Me er tidleg ute for å få henta billettane våre, og set oss ned i kafeteriaen i første etasje me kvart vårt glas fullt av boblande vatn. Publikum fyller snart lokala. Det er ei ganske brokete forsamling mef alt frå ungdomar i holete dongeribukser til dresskledde menn og eldre damer i lange strikka husflidskjørt.

I inngangen til salen sit ei dame og tiggar. Ho ser akkurat ut som sigøynerskene på Karl Johan. Handa mi er på refleks ned i veska etter lommeboka, men eg skjøner i same tidels sekundet at ho er ein del av stykket. I programmet står hovudpersonen, best kjend som «Hank von Helvete» , presentert over ei heil side. Då han takka ja til rolla hadde han framleis store problem med tunge rusmiddel, men under innøvinga hadde han klart å bli heilt rusfri.

Scenebiletet er lagd til ei bakgate i ein moderne storby. Tiggarar, prostituerte og andre med relativt låg status blant besteborgarane befolkar gatene. Fremst på scenen er det vatn, som ei elv, ein dam eller eit basseng. Litt lenger bak ser me kryssande jernbanelinjer. Jesusfiguren kjem inn i lang morgonkåpe, i open pelskåpe utan noko under, eller med bar overkropp, tatoveringar og røyrleggarsprekk. Eg tenkjer at det heile er eit ganske modig prosjekt.

Dersom ein er ute etter å sjå ein rå og aggressiv Jesus-figur, så er dette rett plass. Truleg gjer det godt å få røska litt i glansbileta, og her er det lite glansbilete å sjå. Jesus-stemmen er det lite musikal-spenst over, han er rå og raspande, lett ironisk og samstundes sår. Maria Magdalena med masse raudt hår, syng rått og med stor kraft i stemmen.

Eg leitar etter noko eg ikkje heilt finn. Det aggressive og såre finn eg i beste fall heilt på sin plass, men eg leitar samstundes etter noko varmt og karismatisk. Noko som gjer Jesusfiguren truverdig der han står med bar overkropp og blir tiljubla av menneske frå alle samfunnslag. Kva har dei sett som eg er ute av stand til å sjå frå stolen min ytst på rad 21?

Dansarene frå Bordar-instituttet har dette. Dei er intenst inne i rollene sine. Dei klatrar på stolseta i salen, ropar og jublar. Eit par av dei lyser av begeistring og gløder av overbevisning. Hildegunn Rise i raud flommande silke i ei stor snøkvit seng som ein tankeplaga Pontius Pilatus trur eg og på. Ho er like truverdig når ho leiar piskinga av Jesus, ikledd lateksbukse og matchande topp. Truverdig er ho og når ho vasker hendene gong på gong på gong i dammen etter at dommen har falt. Det Høge rådet i ulike uniformer, mellom anna som russarar og nasister, trur eg og på.

Den angrande Judas legg seg i korsfestingspositur i jernbanekrysset og blir påkjørt av toget. Jesus ender opp på eit gigantisk lysande kors av noko som kunne vera plast og pleksiglas. Inni det står ein syngande Hank. Ein augneblink er eg redd for at korset tek overbalanse og tippar framover. I levande framføringar kan alt skje. Heldigvis vippar det tilbake i rett posisjon og stabiliserer seg.

Når Hank von Helvete blir klappa inn for fjerde gongen av eit ståande publikum, lyser det av augene hans. Utstrålinga er rein og ekte glede og ber med seg ein varme som gjer at eg plutseleg ser Jesus i han likevel.

Heidi

From → Teater og film.

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: