Gå til innhald

Eg har lova å laga middag.

mai 2, 2010

Ei ferdigsteikt oksesteik ligg i kjøleskapet og ventar. Eg er faktisk usikker på om steikeomnen min virkar. Det er masse lys i han i alle fall. Om han ikkje blir varm, får eg varma kjøtet i sausen.  Ute skin sola, og eg har halde meg inne så langt. Det vart ein sein kveld i går, og eg hadde lova Ingrid å hjelpa henne med både norsk og pedagogikk i dag. Ho har skrive ei oppgåve om «Trollvinter», av Tove Jansson, og eg hadde lova å vera både korrekturlesar og responsgruppe. For nokre fantastiske bøker den dama skriv. Det er ein prestasjon å skriva bøker om troll og andre vesen som slett ikkje finst, og samstundes gje oss ei så sterk kjensle av gjenkjenning som det ho maktar. Ingrid har vakse opp med Tove Jansson, og har elska klientellet i Mummidalen sian ho var bittelita. Problemet nå er at oppgåva har blitt litt for lang, og at eg er usikker på om strukturen i oppgåva er akademisk nok. Me får setja far hennar på saka. Nokre frynsegode skal ein vel ha lov til å ha når ein er vaksen opp med ein familie kjemisk rensa for bilmekanikarar, snekkarar, røyrleggarar, elektrikarar, frisørar og andre handverkarar ein kunne hatt nytte av å vera i slekt med. Når ein ein einskild gong i livet kan ha nytte av to foreldre som er norsklærarar, så må det vel vera legitimt å kunna nytta seg av dei…

Auga mine er litt vonde å halda oppe i dag, eg trur det må vera ein allergisk reaksjon, enten på bjørkepollen eller på augesminken Ingrid velsigna meg med i går då eg skulle i førtiårsdag. Ho fekk lov til å ta ein makeover på mor si. Etterpå følte eg meg som ein panda eller noko slikt, og ville vaska av halvparten, men Ingrid avviste meg bryskt med at eg for ein gongs skuld såg litt velstelt ut… Og så fekk det lov til å sitja på…

Johanne hadde fylt opp stova og kjøkkenet sitt med stolar,bord og glade menneske. Me var sikkert bortimot femti personar på besøk. Brørne hennar stilde opp som kokkar, og baud på ein svært imponerande tapasmeny. Så sat me tett i tett, med utsikt over havet frå stovevinduet høgt oppe på toppen av byggefeltet og åt deilig mat, såg bilete, høyrde på levande musikk og hadde det fint. Det er lyst så lenge nå om nettene. Dagane har ein undertone av noko bort i mot sommarleg.

Heidi

4 kommentarar
  1. Torhild's avatar
    Torhild permalink

    Tenkjer middagen og oppgåva blei vellukka!! Kjekt at du er igong med dagleg blogging….kom mai du skjønne milde!!

    • heidiskriv's avatar
      heidi permalink

      Ja, veldig mildt er det framleis ikkje, men det kjem. Så får me sjå om timane mine strekk til. 🙂

  2. Tintomara's avatar
    Tintomara permalink

    Låt oss hoppas att det var sminket och inte björk – smink är lättare att undvika!

  3. heidiskriv's avatar
    heidi permalink

    Trur det var/er ei blanding. Eg er allergisk mot graspollen, men bjørkepollen brukar eg ikkje reagera på. Sikkert ein kryssreaksjon med sminken. Dei totalt usminka auga mine har hatt det betre i dag…

Legg att svar til Torhild Avbryt svar