Gå til innhald

This lady is a tramp.

mai 8, 2010

Åttande mai er ein dag som framleis har ein smak av frigjering. I barndomen min var det alltid ein lærar eller ein annan vaksen som repeterte historia for oss om tyskerane som kapitulerte. Då eg var liten brukte vaksne framleis eit kvart passande høve til å snakka om krigen, og me ungar fekk med oss mange spennande detaljar, sjølv om me altså syntest at det var uendeleg lenge sidan.

I dag er eg frigjort til heimearbeid, og hagearbeid, prøver eg å fortelja meg sjølv i ein munter tone. Eg har drukke morgonkaffien min, og er klar for dagens dåd. I denne veka gjekk eg forbi ein gjenbruksbutikk, og såg eit gammalrosa kaffikrus med kvite blomar på ei hylle utanfor butikken. Eg gav etter for impulsen og gjekk inn og betalte fem kroner for å få kjærleikvedførsteblikkobjektet med meg heim. Eg har spart det til i dag og nå er det innvia…

Etter lange og usedvanleg intense arbeidsveker, kan det vera den store manndomsprøven å motivera seg for å få unna alt husarbeidet ein ikkje har rukke å ta unna når helga kjem. Eg seier oppmuntrande til meg sjølv at husarbeid er koseleg og meiningsfylt bare ein kjem i gang, og at det blir utruleg deilig å få gjort det. Og hagearbeid i sola, det er noko å sjå fram til det…

Eg får bare innrømma at eg på eit par felt i livet er litt dysfunksjonell. Eg vil heller sitja her og skriva heile nettene enn å pussa opp kjøkkenet… Og eg vil heller driva barneteater enn å spa opp bed i hagen. Medan fornuftige, jordnære menneske vil seia; Først gjer eg det eg må, og så kan eg lesa ei bok om eg får tid, så tenkjer eg at sjølve livet er å skapa, undra seg, vera saman med andre, bruka masse tid på elevane mine, lesa bøker, skriva tekstar, bli kjent med andre menneske, filosofera, lesa teologi og biografiar, lesa dikt, mala bilete, plukka ein bukett løvetann eller andre markblomar, tenna eit stearinlys, koka masse kaffi og baka eit grovt brød viss eg får lyst og nokon bankar på døra… Det kan sikkert vera til irritasjon for naboar og andre interesserte.

Og eg tek meg i nakken dersom eg får tak, og seier til meg sjølv at eg vil då ha det reint og ryddig nok til at andre finn det triveleg om dei kjem på besøk. Og visst er det ei glede å ha det ryddig i huset, eg klarer bare ikkje å godta at det er den sjølvsagte førsteprioriteringa i eit liv med alt for få timar til alt eg gjerne ville ha gjort. Kanskje eg får synga med Frank Sinatra: That`s why this lady is a tramp…

Heidi

2 kommentarar
  1. Tintomara's avatar
    Tintomara permalink

    Känner så väl igen mig i dina funderingar! Ska försöka bli lit inspirerad till hushållsarbete jag också – kanske det blir roligare om jag kallar det rydding? 😉
    Men idag är det söndag och vilodag…

  2. heidiskriv's avatar
    heidi permalink

    Eg synest hushållsarbete høyrest likear ut, så me får byta omgrep. Er stolt av at eg faktisk fekk lukt bed og sådd frø i går…

Legg att svar til heidi Avbryt svar