Det er 16.mai framleis…
Så vidt det er i alle fall. Eg har hatt sundagsskule med hånddokkene min. Det kjennest fint og rett og viktig kvar gong eg gjer det. Eg er glad for å få vera med og formidla noko som er veldig viktig for meg sjølv. Etterpå fekk eg rydda i dei siste elevmappene, og brukt nokre timar på jobb.
På gartneriet fekk eg kjøpt rosa margeritter, fordi eg hadde for meg at gult, oransje, blått og rosa ville bli ei spennande fargeblanding i bedet mitt. Eg har laga gele og pynta bløtkake og sjokoladekake, bunadskjortene heng nystrokne på hengarane sine, Halvard er vel i hus sånn omtrent på tida, og nå kjem Vilde og Sunniva heim og. Det er bra. Då kan me snart gå inn for landing.
Eg har hjulpe Ingrid å legga siste hand på innleveringa i norsk, og Oddvar har lasta ned «Valentines day» til oss som me har sett eg og ho medan resten av hushaldninga var på vift sånn rundt omkring. Det var eit ganske kaotisk plot med mange kryssande parallellhandlingar, og eg må bare innrømma at eg trong hjelp frå henne for å halda styr på alle brukkene. Eg innrømmer at eg ikkje alltid fekk tak på alle detaljane med så mange personar og amerikansk tale utan støttande undertekster. Trur eg vil stempla det som ein ganske søt film for folk som vil slappa av og ikkje tenkja på veldig djupe ting.
Eg har invitert gjester i morgon og lova kjærasten min at han skal få slippa eit kvart førearbeid fordi han har meir enn nok med spanskoppgåvene sine. Skal bare få på ein oppvaskmaskin, så trur eg me bestemmer oss for at me er greitt nok i rute. 17.-maifeiring er ikkje lenger fire ungar som skal klest i innvikla finstas og vera klar til eit barnetog tidleg på morgonen. Barnetoget går ikkje ein gong tidleg på morgonen lenger. Eg trur ikkje det startar før halv elleve. Men eg må nok ut og sjå likevel. Det er trass alt 17.mai. Og dei som har greie på det har lova opphaldsver til og med. I dag har det regna heile dagen. Det var veldig tørt i jorda, så dette regnet gjorde godt. Viss det til og med er borte til i morgon så er det veldig sympatisk.
Nå rekk eg til og me å posta dette før eg rundar datogrensa. So far so well…
Heidi
LIknande innhald
From → Barna mine, Kjærasten min, Mat, Natur, Teater og film., Tru
Oppdaga i tide at det var halv ti… Og det regnar ikkje, så langt i alle fall.