17.mai igjen.
Åra går så fort, og me var jo nettopp der i sist runde. Men sola skein og alt var bra. Me har fått med oss tog og tale og hatt familien her på kaker og pølser og lefser og spekemat og nysteikte rundstykke. Det vart til og med varmt nok til å sitja ute i solveggen på verandaen og drikka kaffi. Nå er eg trøytt og det er deilig å slappa av i heimen. Dei obligatoriske gnagsåra er på plass og oppvaskmaskinen slit seg runde etter runde. Eg har lova ungane tacos til kvelds. Oddvar dreg tilbake til skulen sin i morgon for å ta eksamenar. I mange år hadde eg litt problem med å stemma desse linjene på nasjonalsongen:
Alt hva fedrene har kjempet, mødrene har grett,
har den Herre stille lempet så vi vant vår rett…
Når eg seier det til folk, trur dei at problemet mitt er gråtande kvinner og kjempande menn, men det er ikkje av feministiske grunner eg har fått tonane i halsen. Nei det er den siste av desse to linjene. At me bare har vunne vår rett, og at Gud har lempa det så me har fått det me har fått rett på; eit land fullt av overflod medan andre svelt, mellom anna på grunn av dei vestelege marknadskreftene og århundreder av gamle synder med imperialisme og heile suppa…
Men reint politisk har eg roa meg og syng så reint eg kan om at Gud ville me skulle bu i eit fritt land og at me har vunne vår rett. Men framleis synest eg dette burde ha vore den norske nasjonalsongen:
Gud signe vårt dyre fedreland og lat det som hagen bløma,
lat lysa din fred frå fjell til strand, og vetter for vårsol røma,
lat folket som brøder saman bu, som kristne det kan seg søma.
Det er ei nydeleg salme, og teksten er langt meir sympatisk og lågmælt enn i den litt pompøse nasjonalsongen vår. Ein blømande hage med vårsol og fred, og eit folk som lever saman som søsken etter bibelske prinsipp, det kan me leva med,
Heidi
LIknande innhald
From → Barna mine, Mat, Mor og far., Tru
Men jag tror de flesta nationalsånger är ganska pompösa? De kom till i en tid då slika ord kändes naturliga, tankesätten också.
Här i Sverige har fana och annat solkats lite av att de används av högerextremister. Det är sorgligt tycker jag. Hur han ni det i Norge, har ni «Norgedemokrater» på högerkanten som är emot invandring och sånt?
Ja,det er nok nokon på ytterste høgre som er nokså rasistiske her og, med slagord «Norge for nordmenn» og slikt, men heldigvis får dei mykje motbør. Trur nok du har rett i det med pompøse songar frå ei litt anna tid. På grunn av den store feiringa av 17.mai, så lærer dei fleste barn ganske mange «nasjonale songar», men det er helst i mai me syng dei…