Gå til innhald

Etter festreisene…

juni 20, 2010

I hovudet mitt har eg døypt dei siste vekene for festreisene. Det er eit uttrykk eg har frå Salmenes bok i bibelen, og eg må innrømma at eg ikkje har det teoligiste innhaldet heilt klart for meg. Eg innbillar meg at det til dømes er eit uttrykk som blei brukt om det å reisa til Jerusalem for å feira påske, men heilt sikker er eg ikkje.

Desse siste par vekene har eg hatt det så travelt på scenen i det ekte livet, at eg ikkje har hatt tid til å smyga meg ut i kulissane for å skriva blogg, men nå innleiar eg eit nytt og spennande avsnitt i livet mitt og er på banen att. Denne helga har eg stort sett sett av til landing og avslapping, og slik har det fungert og.

Det viktigste eg har gjort sidan sist er å avrunda sju skuleår saman med ein flokk ungar eg har fått god tid til å bli veldig glad i. Skulle eg synga kjenslene mine for dei, så ville kanskje det næraste vera å få med seg eit storband med skikkeleg swung i og sunge » I got you under my skin». Me har rydda og avrunda, skrive rapportar og ordna elevmapper. Me har hatt fin fest med lærarar elevar og foreldre med sang og dans, varm mat og talar. Me har sykla tur til stranda i sol og nordavind, og eg har danna baktroppa medan me suste forbi grøne marker, beitande hestar, kvilande kyr og duvande markblomar. Det anga gras og mold og fjos og sjø og naturen var så vakker at det var til å gråta av. Dei tøffaste ungane bada i sjøvatn som må ha vore kaldare enn ti grader. På veg heim fekk eg brukt spisskompetansen min i tålmod og oppmuntrande tilrop, og til slutt hadde me fått alle med oss heim att.

Ein dag tok eg med meg alle elevane opp i hagen til Syster der me grilla, spelte gitar, hoppa på trampoline, åt kaker og skulebollar og spelte krocket. Det viste seg og at me hadde nok pengar i klassekassen til å ta med elevane til Kongeparken ein dag. Nest siste dagen kappåt dei lakris med raude hjarte i midten. Siste dagen hadde eg fri, men kunne ikkje halda meg vekke. Eg sneik meg inn i aulaen gjennom bakdøra. Då såg eg femti sjuandeklassingar stå oppstilde framme i aulaen syngande «When I find myself in times of trouble mother Mary comes to me, whispers words of wisdom: Let it be…» Akkurat der og då går det endelege i situasjonen opp for meg. Eg blir varm i auga og må tørka vekk ei tåre.

Eit band frå elevane våre og to songsolistar går fram. Songarane får kvar sin mikrofon; og så kjem det meir trøystande tonar frå The Lillos repetoar; «Jeg sitter ned på berget og ser utover havet, en sommerdag i ferien min. I sommer skal jeg surfe, stå på vannski og bade, ja denne ferien tror jeg blir fin. Har du det bra? Takk skal du ha, jeg har det bedre enn de fleste her til stede, jeg smiler hver dag, for di jeg er glad. Det er så fint å leve, si meg kan du ikke se det, og blir du med og lyser etter krabber? For krabber er det beste jeg vet…»

Etter sermonien i aulaen samlar me elevane for å seia endeleg ha det bra til dei. Eg har med meg ei skål med raude smågodthjarte og vil gje dei kvar sitt symbolske hjarte saman med avskilsklemmen. Eg var ikkje førebudd på at det skulle bli så mange tårer. Ikkje frå meg, men frå elevane. Når lærarane har drukke kaffi og ete kaker i halvannan time etter at elevane gjekk heim står det framleis gråtande jenter på gangen som synest det er så trist å forlata barneskulen for siste gong. Det får bli endå ein runde med klemming før dei siste av dei endeleg legg på heimveg.  Og eg har fått kort og blomebukettar, dikt og bøker og eit magnoliatre med rosa blomar som eg skal planta i hagen. Eg har fulgt to kull elevar ut av skulen før i lærarlivet mitt som nå faktisk er blitt 25 år langt, men eg hadde viss gløymt kor overveldande det kjennest.

Og det å senda avgangselevar ut i verda er på langt nær det einaste som har skjedd dei siste vekene. Boka eg har laga med elevane på skrivekurset er blitt ferdig, og me har hatt releaseparty med opplesing og servering av kaffi, saft, kanelkake og lappar til foreldre og besteforeldre. Det vart fint og koseleg og litt høgtideleg akkurat som eg hadde håpa. Eg har høyrt Sunniva synga Maria- Mena -musikk på kulturskuleavslutninga og fått frysningar på ryggen av alle dei flinke songarane. Og så har eg i full fart smurt 25 smørbrød på tre store fat som eg bar med meg til Halvard si tiandeklasseavslutning, som var høgtideleg og vakker. Elevane kom marsjerande inn i lokalet i bunadar og mørke dressar til feiande marsjmusikk medan foreldra stod tåreøygde og klappa. Så var det underhaldning, fin mat, talar og utdeling av vitnemål. Kjenslelivet mitt er viss kobla nær opp mot syngande barn og ungdomar, for då konsentrerte bunadkledde jenter med stort alvor song «Hallelujah» av Leonard Cohen måtte eg fortelja meg sjølv med min indre fornuftsstemme at dette var på ingen måte noko å gråta av. Det faktum at ein er så utruleg sliten på slutten av eit semester er med på å forsterka emosjonane som alltid truer med å ta overhand på avslutningsfestar i desember og juni. Og om kveldane har det vore rydding for kolleger skal få overta klasseromet og arbeidspulten min så fort som mogleg. Heilt ferdig vart eg likevel ikkje, så i morgon skal eg ned og rydda opp i det som står att og få skrive dei siste evalueringane. Så begynner sommarferien og forfattaråret mitt.

Og midt i desse intense vekene var me sist helg på ei heilt ekte festreise. Me reiste til Hamar for å vera med på Astrid og Lars sin felles femtiårsdagsfest. Det vart ei flott oppleving. Me var ein gjeng gamle venner som framførde ein slags heimelaga cabaret for dei. Festen varte til dei små timane var i ferd med å veksa seg store, og dagen etter var det å setja seg i bilen att og kjøra dei 55 mila eller kva det nå er, tilbake over fjellet. Eg er så glad for at me reiste. Det vart ein strålande fest som vart avslutta med frokost rundt langbordet i stova deira morgonen etter.

Og denne helga har vore avsett til landings- og kvilehelg. Kva skjer ei slik helg? Då var det venninnekveld på fredagen, ein snartur til Ikea lørdag føremiddag, drikka kaffi og eta restar av fruktsalat i sofaen framfor fjernsynet medan ein tek del i eit kongeleg bryllaup. I dag har me vore ein snartur i Ryfylke saman med Ingrid og Oddvar og sett den fine utstillinga til Sissel. Etterpå vart det soving i sofaen med ei avis eg eigentleg hadde tenkt å lesa, servering av Arme riddarar til eldstesonen, og ein timeslang telefonsamtale med Torhild som eg ikkje har hatt tid til å snakka med på lenge. «Sånn går nu dagan…» som dei ville ha sagt det i nordnorge.

Og nettene er eigentleg for lyse til å sova bort.

Heidi

2 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Det måste vara härligt att följa eleverna i så många år som ni gör i Norge (och rent av fler år i Danmark tror jag). Här har vi dem bara i tre… fast nog fäster man sig vid dem ändå! Jag har tänkt många gånger att det är tur att jag har egna barn! Annars vet jag då inte hur det gått!
    Jag har varit lärare i 40 år, jag, men nu är det slut med det. Och det är skönt, men overkligt än så länge.
    Jag har nog ungefär samma spetskompetens! 😉

  2. heidi permalink

    Eg forstår godt at det er uverkeleg. For meg kjennest det uverkeleg bare det å ha avslutta løpet for dette kullet med elevar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: