Gå til innhald
Tags

Jonsok-kvelden.

juni 23, 2010

Jonsvake heitte det frå gammalt av. Vaka for Johannes døyparen med andre ord, det er vakkert uttrykt. Jønsok heitte det då eg var liten, då morfar gøymde brusflasker til oss på eplestykket, eller potetåkeren som det ville ha heitt nå. Seinare har me vel like ofte sagt St Hans, etter den same heilage Johannes døyparen. St.Hans dagen er i morgon, og dette er St. Hans-kvelden, ein av dei lysaste kveldane i året. Klokka er ti over elleve, rekna ut frå sommartid, og framleis kan eg sitja her og skriva i dei siste restane av dagslys.

Dagen har vore usedvanleg vakker, og tanken har slått meg at det er ein slags galskap i det at me reiser vekk kvart einaste år på denne aller lysaste tida. Nå skal eg verkeleg nyta dei tre lyse kveldane me har att i tillegg til denne før me set oss på eit fly som går til varmare og mørkare deler av Europa. Kjellaren er snart ferdigrydda, og berget av skitne klede i vaskekjellaren er snart ferdigvaska. Me har vore ganske flinke. I går fekk eg besøk av Torhild, eg hadde tenkt å stikka av frå rotet, men ho fekk denne edle tanken at nå skulle me heller rydda kjeller slik at me kunne bli ferdige ein gong. Og slikt kan ein vel ikkje protestera på. Me fekk gjort mykje. I dag har eg hengt ut og lagt saman store mengder klede, og eg har planta fleire av stiklingane eg har sådd over i store sinkbøtter. Eg har mista oversikta over kva slags frø det er som blømer, men eg trur det er kornblomar og rosa evighetsblomar. I tillegg lurer eg på om det kjem opp ei og anna valmue. Til neste år har eg tenkt å planta masse stauder, peonar, ranunklar, akeleier, lupiner, sibirvalmuer og små rosa strandnellikar. Me får sjå om me får det til. I år er året for å dyrka fram sommarblomar frå frø, og i morgon må me få magnoliatreet i jorda.

I føremiddag øvekjørde eg med Ingrid. Me kjørte ned til galleriet på den gamle prestegarden ytterst i havgapet. Det er så vakker natur der ute at ein får lyst til å setja seg ned å gråta fordi ein blir så berørt av det vakre. Havet ligg og rullar, rålmodig og uendeleg, og i grøftekantene langs vegen veks det alle slags ville blomar. Me såg ei utstilling der det vart stild ut all slags samleobjekt. Så gjekk me opp på det faste galleriet og fekk sjå bilete frå mappene i store skuffer. Ingrid fekk velgja seg eit lite trykk av Terje Ythjall til gebursdagen sin først i juli. I fjor fekk ho eit anna trykk av den same kunstnaren. Det er humoristiske og detaljrike små bilete med menneske med klovnemasker først trykte og så handkolorerte. Dei to bileta var laga med ca 20 års mellomrom, men hadde same typen figurar på. Det er så koseleg at eg og Ingrid har same interessa for kunst og kan kosa oss med å gå på utstillingar og i galleri saman.

Til middag steikte me aure som Oddvar fiska i går kveld og forærte til oss. Det var fin fisk som var heilt lyserød i kjøtet. Steikt aure vend i mjøl med pepar og salt i og så steikt i margarin i varm steikepanne er for meg lukt og smak av barndom. Me fiska aure i vatnet like nedanfor garden til farmor og farfar, steikte han med det same, og åt han til kvelds eller middag. I dag åt me fisken saman med masse røn salat med raude paprikaskiver, agurksalat og rømme. Det smakte heilt nydeleg.

I kveldinga kjørde eg og Sunniva opp til mor og far der me drakk kaffi på terrassen saman med syster og familien hennar. Blomane blømde for livet, for far er flink til å få hagen til å leva. Daniel kjærasten til Elisa, hadde fått med seg prinsessekake frå mor si i Skien og me lunka ho i steikeomnen før servering. Eg fotograferte Sunniva og Vilde sitjande og liggande i graset bak barndomsheimen min, og Sunniva fekk fleire flåttar oppover beinet som ho måtte rista av seg før dei beit seg fast. Dei seier det er flått- år i år, og i bakhagen til foreldra mine går det rådyr som truleg dreg med seg slike småkryp. For første gongen på fleire veker roa nordavinden seg såpass at det faktisk kjendest sommarvarmt ut ute. Den typen sommarver som faktisk kan vera ganske stabilt i ein krok av verda med jamnt over ustabilt ver er somrar med sol og nordavind. Det kan vara i veker og nesten i månadar. Vinden er så kald at varmen liksom ikkje slepp til, men vakkert er det å sjå på.  I vår del av Europa treng ein levegger meir enn aircondition når det er sommar.

Eg var sistemann som reiste heim, eg fekk med meg komler til middagsmat i morgon, og ein stor bukett akeleier saman med jomfruen i det grønne. På veg gjennom den lyse forsommerkvelden kjende eg konstant lukt av røyk frå ulike St. Hans- bål, og eg såg sola transformera seg om til ei oransje eldkule, som framleis hang langt over havoverflata då eg kom heim halv elleve om kvelden. Eg begynner å kjenna at det er skuleferie. Det kjennest ufatteleg godt. Og eg er overbevist om at nordiske juninetter må vera noko av det vakraste Gud har skapt.

Heidi

2 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Så, nu har ditt sabbatsår äntligen börjat! Visst får vi härligt till våren både du och jag, när vi kan hinna följa våren utan stress! Jag har också många planer för trädgården som jag tänkt förverkliga då, när jag inte behöver ge mig iväg till skolan vareviga vardag!
    Jag antar att ni ska ner till Spanien igen? Trevlig resa! Du skriver väl om det som du gjorde i fjol? Det är så roligt att höra om allt du upplever.

  2. heidi permalink

    Ja, nå trur eg eg kan seia at sabbatsåret her begynt. Det blir spennande å strukturera det og fylla det med liv. Nei, dette året dreg me ikkje til Spania. Me skal på rundtur i Europa med tog og buss. Halvard og Sunniva reiser med oss. Første etappe sundag med fly til Berlin. Der stansar me i 2-3 dagar. Eg håpar og reknar med at det blir gode moglegheiter til å oppdatera bloggen. Eg liker så godt å skriva reiseblogg.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: