Gå til innhald

Sundag-sundag

juli 11, 2010

Spania har akkurat slått Nederland og blitt verdameistar i fotball. Eg har ikkje lagt mykje krefter ned i å fylgja kampen. Det har vore ein fin dag, den siste dagen vår i Struga. I morgon set me oss på ein 17 timars lang busstur til Istanbul. Me hadde tenkt å leggja turen om Thessaloniki, men det vart for innvikla å koma seg dit. Hellas får venta til ein annan gong.

I føremiddag fekk eg prøva meg som sundagstalar. Det var fint. Eg fekk snakka om ting som var viktige for meg, og Elisabeth song «Bortom tid og rom og tanke» heilt nydeleg. Spesielt imponerande med tanke på at ho ikkje hadde sett verken song eller note før i gårkveld.

Etterpå var me på ein rask bytur i lag med Gunnar og Hanne Lise for at kjærasten min skulle få investert i ein skikkeleg skopuss. Skorne vart finare enn nye. Avslappande timar på stranda. Vatnet er kaldt før ein får dukka, men hadde ein fin symjetur etterpå.

I dag var eg på pilgrimsvandring i miniformat i lag med kjærasten min, Gunnar, Torbjørn og Linda. Me gjekk på noko som nærmast var ein gangsti med sumplandskap på begge sider. Sivet vaks så høgt på begge sider at det rakk oss langt over hovuda, og markblomane var og i menneskehøgde, så det var som å vandra i «Prestekrageland». På stien smatt det hundretusen fifisler og sola skein. Me gjekk i fem kilometer til ein liten landsby, og på den andre sida av landsbyen låg det eit kloster. Me var inne i klosterkyrkja. Eg liker atmosfæren i ortodokse kyrkjer.

Om kvelden var det internasjonalt møte med ungdomar frå fleire plassar i Macedonia, frå Sørkorea, Norge og Sverige. Det vart eit fargerikt kakalorium av stemmar når alt skulle tolkast. Pizza på uterestaurant etterpå. Nå er eg kjempetrøytt og beina verkar. På tide å avrunda dagen.

Heidi

4 kommentarar
  1. Spania-hild's avatar
    Spania-hild permalink

    Sundagen her på Solgården var flott, den og! Stappfull kyrkje – og mange på terrassen etterpå! Erna var hjarteleg – med flott hatt! Tjålandsborna etterlyser Theodora…… Elles var Maren og eg dei einaste som ikkje følgde med på kampen – som gjekk på storskjerm i Festsalen…. Då Spansk seier var et faktum, vart det skote opp rakettar….du kan sikkert tenkje deg kva liv her var!

  2. Heidi's avatar
    Heidi permalink

    Å, nå lengta eg nesten litt til Solgården,og det gjer Theodora og. Hels kjende. Godt at Errna held koken. 🙂 Er det uvant med nytt opplegg?

  3. Spania-hild's avatar
    Spania-hild permalink

    Det nye verkar bra!! Eg skal helsa til Tjålandsungane!!

  4. heidiskriv's avatar
    heidi permalink

    Det er bra 😀 Gler meg til å høyra meir.

Legg att svar til Spania-hild Avbryt svar