Morfar var ein bitteliten mann.
Eg hadde ikkje planlagd at eg skulle skriva eit dikt om morfar. Men plutseleg så hadde eg gjort det. Om teksten skal brukast til noko meir seriøst enn dette, må eg truleg jobba meir med det, men eg kan jo la de som les dette få eit lite kjapt glimt inn i barndomen min. Eg budde meir eller mindre i same hus som morfar til eg var seks år gammal. Eg var veldig glad i han.
Morfar var ein bitteliten mager mann,
men det visste eg ikkje.
Ikkje før eg var vaksen og såg det på eit fotografi.
Den gongen såg eg bare morfar.
Han hadde vide bukser og bukseselar,
og det hende han gjekk med hue inne.
Han tok meg med på turar
til det eg trudde var Amerika,
og som seinare viste seg å vera ein stad på Tu.
Nokre gonger hadde eg på meg ein liten raud rypesekk
med saftflaske og kjeks i på amerikaturane våre.
Du må ikkje lura ungane, sa bestemor,
men det glitra litt i auga hennar då ho sa det.
Om kveldane kunne me sjå Esau og Jakob i vindauget,
dersom me kikka ut etter at det var blitt mørkt.
Me kikka ut mange gonger,
og Esau og Jakob såg ut
som ein mann med skjorte og eit barn med kulerunde auge.
Nokre gonger når det var jønsok,
gøymde han flasker med eventyrbrus ute.
Bror min og eg måtte leita,
mellom forene på eplestykket,
mellom dei store steinane,
langs steingarden
i det høge gulkvite graset frå i fjor.
Morfar hadde to tenner,
ei på kvar side av munnen.
Han song når han var aleine
om Jonas som låg i fiskens buk.
Morfar tissa i tomme fiskebolleboksar
når han måtte på do om nettene,
og av og til hadde han kramper i føtene
så han måtte hoppa rundt på golvet.
Morfar laga små runde hol i bestemor sine tyllgardin.
Dei smelta rundt sigarettane hans
fordi han måtte stå så nære kjøkenglaset for å sjå ut.
Morfar røykte Blue Master,
men han fekk ikkje lov inne i stova.
Han hadde eit sår i panna,
men huene hans var slik
at han kunne slå skuggen opp eller ned
og festa med ein knapp.
Morfar laga kjøttkaker om kveldane.
Han fylde opp store gryter fordi me var så mange.
Sausen var tynn og brun,
og smakte salt og kjøt og søndag,
om ein fekk lurt ei teskei ned i gryta når ingen såg.
Aller best sakte det
om skeia først var innom ertestuingen.
Etterpå pussa han skorne våre
til det lyste av dei,
og sette dei på avispapir på gangen.
Om morgonane kom han syklande
På den gamle damesykkelen sin med sidetasker.
Han hadde vore på Bryne og kjøpt ferske rundstykke til meg.
Eg smurde dei med kald margarin
og fatost med karve,
eller kanskje med bringebærsyltetøy,
og bestemor lo mot meg medan eg åt.
Nå i første omgang kjennest det ikkje mindre enn vidunderleg at dagane mine skal gå til skriving. Eg kan gå til arbeidsromet utan å nærma meg stova eller kjøkkenet, som for tida mest av alt er eit stort hol. Montørane kjem i beste fall i slutten av veka. Eg seier til meg sjølv at nå skal eg på jobb, og visst skal eg rydda og vaska og alt dette andre, men først må eg jo på jobb, det er jo slik det er med den saken. Har ein ein jobb, så har ein ein jobb… Og så går eg lukkeleg ut til arka og pennane og macen min og set i gang.
Heidi
LIknande innhald
From → Barndomen min., Bestemor og morfar., Mat, Natur, Skriving, sommar
Heldige mennesk som hadde en slik morfar………….vakkert, vakkert
Ja, heldige meg.
Fint! Jag hade ocså en underbar morfar!
🙂