Gå til innhald

Velkomen oktober.

oktober 1, 2010

Eg var fire- fem år, og bestemor ropte til meg frå kjøkkenvindauget at eg måtte koma og sjå. Sidan ho hadde slutta å gå lenger enn ut i hagen sin på den tida, bortsett frå ein og annan biltur, var opplevingane av natur og folkeliv knytte til det ho såg ut vindauget. «Du må kåma å sjå,» sa ho og peika ut med ein litt giktkrokete peikefinger.» Å så må du stå ganske alldeles stilt, så me ikkje skræme det.»  Ute i gardsromet, mellom trappa og garasjen til Magnus, sat det eit lite brunt ekorn og kikka på oss med svarte glaskuleauge. Det sat slik ganske lenge før det hoppa innover hagen med bustehalen bak seg. «I dag æ det blitt oktober,» sa Bestemor. «Nå kan me tenkja på atte ekodne kom den fyste oktober.» Ho hadde så varm og glad stemme då, nesten litt høgtideleg. Om ekornet nokon gong kom tilbake, er eg ikkje sikker på, eg trur me såg det ein sjeldan gong, kanskje… Men det rare er at for meg vil desse minutta uløyseleg vera knytta til første oktober. Det er merkeleg kva som brenn seg inn i minnet på eit barn, og kva som ikkje gjer det. Av og til når eg er saman med barn, tenkjer eg, er dette ei hending dei vil hugsa resten av livet eller ikkje? Det hender at eg håpar dei skal gjera det, og det hender eg tenkjer at dette kan godt gløymast.

I alle fall er mine minne veldig fragmentariske. Eg har minne som eg føler sit spikra fast som krystall frå eg var ca to og eit halvt år, men eg kan slett ikkje alltid finna nokre tungtvegande grunnar for at det er akkurat desse minna som stikk opp som små øyer i eit hav av tid som er blitt borte. Dei eldste minna er minne om situasjonar som kanskje var skjedd og forbi i eit tidsrom på under eit minutt. Det er sikkert nokon som har forska på det, men kva dei eventuelt har kunna finna belegg for veit eg ikkje. For meg er minna ofte knytta til setningar og replikkar som eg meiner å hugsa ordrett, men lukter får meg til å hugsa stemningar, det er ein hukommelse som sit i kroppen. For eksempel kan eg få eit merkeleg sug i magen av ei spesiell type flytande handsåpe som dei brukte på sjukehuset dei gongene eg var der og fødde barn. At minne eigentleg kan vera manipulerte av seinare fantasi, det trur eg på. Eg trur at om eg  fekk sjå ting eg hugsar på film så ville ein del detaljar vore annleis, men essensen den same… Den einaste personen som for eksempel kunne ha verifisert minnet om ekornet, har vore død i snart 17 år, og det er langt frå sikkert at ho ville ha hugsa det uansett. Dersom du trur du deler eit minne med nokon, kan det absolutt tenkjast at den andre parten ikkje har den fjernaste erindring om at dette kan ha skjedd. Hukommelse er merkelege greier.

I går var Ingrid og eg ute og gjekk tur langs stranda. Eg fotograferte at ho skreiv gratulasjonar og teikna hjarte i sanden, som ho sende til Oddvar i Porsgrunn, som fyller år siste dagen i september.  Me var på ei anna strand enn der me går mest, og opplevinga var på ein måte litt ny og annleis. Dette må vera stranda der dei einging filma filmen, «Monstertorsdag». Det er ein samlingsstad for bølgesurfarar, og dei velta seg i dei høge bølgene med svarte våtdrakter og likna på store svarte selar. Havet kokte ganske godt, sjølv om det var relativt lite viind og lyset var skiftande og dramatisk. Det var den type ver der himmelen plutseleg set eit overjordisk spotlys på ei sky eller eit fjell, og landskapet ser ut som om det er henta frå ei ikkje heilt realistisk eventyrbok.

Eg trur det er Garborg som skriv i prologen til fred at havet kjem kjørande med kvite brimhestar. I går fekk eg for første gongen sjå akkurat kva han meinte. Enkelte stader løfta bølgene seg på ein måte som gjorde at bølgeskummet spruta høgt opp, og i nokre sekund såg ut akkurat som store kvite hestar som vart kjørde i full fart inn mot land. Plutseleg må eg ha sett akkurat det diktaren såg då han skreiv ned dette biletet i boka si. Det må vera dette som er å låna andre sine ord til å setja ord på opplevingar. Nå når eg har teke meg tid til å gå turar, stort sett ute i naturen, kvar einaste dag, så ser eg verkeleg kor utruleg fin natur me har i dette hjørnet av verda. Og eg kjenner kor godt det gjer å vera ute i lag med alt det som er natur. Nå høyrest det omtrent ut som om eg går til fots over Hardangervidda eller over Grønland på ski, medan det i realiteten er snakk om småturar på ein time på småstier nær den vesle byen vår, men ein treng ikkje gjera det så ekstremt for å oppleva natur.

Sidan eg nå er til dels min eigen arbeidsgivar, har eg gjort ferdig del 1 av opplegget eg har laga for meg sjølv. Eg har brukt halve august og heile september til å skriva 100 små tekstar som eg skal bruka som råmateriale for dikt, innimellom har eg lese masse, masse lyrikk, og det har vore så fint. Rundt midnatt i går skreiv eg ferdig tekst nummer hundre, og eigentleg har eg lyst til å halda fram med dette, for det kjennest ikkje som eg er ferdig med denne fasen, men sidan eg bare har eit år på meg, så får eg i alle fall koma i gang med å gjera litt andre ting i tillegg, trur eg… Tenk om eg hadde vore like strukturert på alle område i livet… Det kunne kanskje blitt litt…kjedeleg…

Nå høyrest det ut som om det er tilløp til skikkeleg haustvind ute, og eg skimtar lettskya oktoberhimmel. Ingrid har fri i dag og romsterer på kjøkkenet. Ho spør om eg vil bli med ein tur til ikea, og det kan eg vel unna meg sidan eg kom greitt i mål i går. Men først skriva litt til…

Heidi

2 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Om det är «kjedeleg» att ha allt strukturerat så riskerar jag då inte att råka ut för det… 😉
    Faktiskt tror jag att du har något där…
    Mitt första minne är också från två-och-halvtårsåldern. Det vet jag, för jag säger högt: «Nästa år då blir jag stor. Då blir jag tre år!» Och det är en sommareftermiddag, det vet jag, utanför huset där vi bodde. Sen eftermiddag, för solen står lågt och ljuset är så där varmrött. Och jag fyller i januari. Min bästa lekkamrat var tre år, och hon var stor, tyckte jag, därav reflektionen…

  2. heidi permalink

    Ja, det er slike ting eg og hugsar, ting som blir sagt, fargar, stemningar. Eg hugsar sikkert ein del setningar på grunn av at eg ikkje heilt forstod dei, og gjekk og tenkte og grubla for å prøva å forstå.Og tenk kor vaksen ein eigentleg kjende seg i 2 1/2 års-alderen… Når ein tenker på kor lite eit slikt barn er i vaksne auge…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: