Gå til innhald
Tags

Flue på veggen.

november 30, 2010

I dag tok eg toget til Stavanger og spaserte opp til Eiganes for å sjå på barneteater. Gunn Brigitte sette opp det Astrid Lindgrenstykket me laga for nokre år sidan til våre elevar, og eg hadde veldig lyst til å sjå det. Eg var imponert over meg sjølv med min stedssans at eg verkeleg fann fram. Eg såg på alle dei fine husa og tenkte på «de pene gottene fra Egenes, som har gått på Kongsgård og fått det til.»

Det er alltid litt spennande å vera flue på veggen i andre sine prosduksjonar. Sjå foreldra venta spente på å koma inn og sjølv ikkje kjenna eit menneske i publikum og ikkje ha ein millimeter ansvar for noko som helst. Stykket var koseleg og sjarmerande, og når det er andre sine elevar er det bare sjarmerande at dei snublar litt i mikrofonleidningane eller gløymer ein replikk, og det gjer ingenting at ein av mikrofonane sluttar å virka. Ungar som opptrer med glede og lyst er det flottaste i verda.

Og det var iskaldt å venta på toget då eg skulle til Stavanger. Akkurat nå er kulda gjennomtrengande. Heldigvis var det varmt på toget, og då eg skulle heim slapp eg å venta i det heile tatt. Då eg kom heim kokte eg varm suppe til dei tre heimebuande barna mine. Eg blir glad fordi dei er gode venner og likar å le saman. Firbeinte vesle Oscar blir søtare og søtare for kvar dag som går.

Om eg bare kunne finna ein skøyteleidning til adventstjerna…

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: