Gå til innhald

Luke to

desember 2, 2010

Bak luke 2 fann eg desse elementa:

Ein uoppdaga mail,

ein gjenfrosen søppeldunk,

ein uventa telefon,

eit fantastisk glasmaleri,

eit bestillt operamanus,

ei lysande stjerne,

ei spøkelsesorteljing rundt blafrande eld

ein skremd polsk ballettdansar.

I kronologisk ordning hadde det seg slik:

Eg fann ein mail frå forlaget der eg har hatt ein omsetjingsjobb. Dei etterlyste bearbeidinga av ein tekst eg trudde eg var ferdig med. Eg vart lettare stressa og forstod ingenting… Var det ein viktig mail eg ikkje hadde fått? Etter litt detektivarbeid fann eg forklaringa. Eg har ein emailadresse eg mest aldri brukar, av ein eller annan grunn hadde eg send ein mail til oppdragsgjevar frå denne, og dermed låg mailen eg skulle ha lese for to veker sidan i ein postkasse eg ikkje har opna… Uff… Fekk forståing i frå oppdragsgjevar, og så var det bare å gå i gang med arbeidet, for nå har eg verkeleg dårleg tid på meg. Men i dag gjekk arbeidet lett og inspirert, så eg skal nok koma i mål. Eg fekk og skrive ein hummmm- rapp til bruk i helga, men den kan eg ikkje skriva om her i fall feil vedkomande mot all formodning skulle lesa bloggen min…

Ute var det grøssande kaldt i dag og. Det ligg tjukk skeiseis allereie, og det kan eg aldri hugsa at me har hatt før ved inngangen av desember. Dei dagane Ingrid er inne på universitetet er eg hundeluftar. Vesle hoppande glade Oscar Otto, som elles dansar av glede når han får koma ut, var ikkje begeistra for å måtta ut i hagen for å tissa. Etterpå var han iskald på labbane og skalv av frost. Då eg skulle ut med matavfallet, var loket på søppeldunken heilt fastfrose, og måtte tinast opp med ein varm klut.

Telefonen ringde, og ein stemme i den andre enden sa: «Hei, det er Mia». Mia er nabojenta frå eg vaks opp. Eg har bare snakka med henne ein gong på telefon på dei tretti åra sidan eg flytta heimefrå. Det var ein spesiell telefon å plutseleg få.

I januar skal me feira det store nye glasmaleriet som Per Odd Aarrestad har laga over heile fondveggen i kyrkja vår, den veggen som til nå har vore ei einaste stort teltforma vindauge. Fargane er sterke, sterkt oransje, sterkt gult og ulike blåfargar. I dag var dei på trinn tre av fire monteringstrinn. I den sterke ettermiddagssola fekk romet eit heilt nytt preg. Først nytte me synet, og så sette me oss ned til eit nytt komitemøte om glaskunstfesten 30.januar. Veggen med glasmaleriet gjer at kyrkja vår plutseleg liknar ein del på ishavskatedralen i Tromsø.

Eg var innom biblioteket, mellom anna for å sjekka om dei hadde eit barneteatermanus som skal vera gitt ut i bokform. Denne var ikkje å oppdriva verken her eller på andre terminalar. Derimot hadde dei ein operavariant i Bergen, så nå er denne bestilt til meg og skal hentast inn frå Bergen. Det er sikkert ikkje kvar dag det lokale biblioteket bestiller librettoar til operabruk, så det er jo fint at dei får testa ut den varianten av og til. Opera har eg ingen planar om å setja opp, men eg reknar med at manuset kan bearbeidast til barneteater.

På handleturen min kom eg over ei stjerne laga av kvistar med små elektriske lys i. Ho var sett ned til halv pris. Den som har nytt kjøkken treng ei ny adventstjerne til det nye kjøkkenet. Det seier jo seg sjølv. Så nå har eg adventstake og adventstjerne både i stova og på kjøkkenet. Nå trengst det bare ein skikkeleg rydde-og vaskerunde så skal det bli bra. Når eg skal få tid til akkurat det, er framleis eit ope spørsmål.

På skrivekurset sit me alltid i ring på golvet og snakkar og har eit par ringleiker før skrivetimen tek til. Eg har lova jentene at ein gong skal eg fortelja spøkelseshistoriar for dei. Dei bad meg tynt om det kunne bli i dag. Me sløkte lyset i romet, og lyset på gangen og sette eit brennande stearinlys i midten av ringen: Så fortalde eg om dei døde sin gudsteneste natt til julaftan. Det vesle tapre lyset blafra som eit lite bål, og stemninga vart magisk. Eg må bare passa meg for å ikkje skremma vitet av elevane mine. Eg elskar å fortelja spøkelseshistorier, og kan bli så ivrig at eg har problem med å begrensa meg.

Etter at eg hadde send heim elevane og lese tekstane deira gjenstod rydding og lesing av dagens tekstar. På veg ned til personalromet på strømpeleisten, for å legga på plass ei fyrstikkeske eg hadde lånt, ser eg Alina, den polske danselæraren vår. Eg seier eit muntert hei når eg er ein meter frå henne. Ho støkk så ho skrik høgt og hoppar til. Ho var sikker på at ho var heilt aleine i bygningen og hadde ikkje høyrt meg koma… Eg kan støkka på same måten sjølv av og til, så nå var det bare å klemma, trøysta og beklaga.

Og slik går nu dagan.

I dag har det vore 2. desember. Og framleis rekk eg å rydda litt før datoen endrar seg.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: