Luke ti
Bak luke ti fann eg
Ein hasteeksamen
Ein farleg biltur
Eit juleball
Ein strikka hundegensar i babyull
Eg vakna med framleis vond hals og tungt hovud, men nå i kveld har forkjølinga flytta seg litt meir til hoste- snuestadiet. Det er bra det er utvikling for då går det vel framover…
Det vart meir dramatisk enn me hadde tenkt med Ingrid sin eksamen. I går kveld hadde eg lese gjennom, og ho meinte sjølv det var så godt som leveringsklart. I dag hadde deler av teksten forssvunne, og eg måtte setja meg ned med henne for å rekonstruera det som var blitt borte. Så viste det seg at ho fekk printarproblem, den eine printaren gjekk tom for blekk, og den andre maskinen hadde me litt problem å lasta ned på. Plutseleg oppdaga ho at papirutgåva, den som skulle leverast på posten, måtte poststemplast klokka to, ein time før innleveringsfristen på internettinnlevering var ute. Og denne oppgåva måtte leverast i begge variantar. Då ho heldigvis oppdaga det, var det bare 25 minutt att til stemplingsfristen, og framleis var ikkje følgjeskjemaet trykt ut i rett format. Frontruta på bilen måtte skrapast, og vegen var såpeglatt, men ho rakk postkontoret med 15 minutts klaring. Det var så glatt ute at på veg til butikken etter å ha send eksamensoppgåva, fekk Ingrid ein bil i mot i ein nedoverbakke som ho ikkje fekk til å stansa for. Det stod ein parkert bil på vår side av vegen som ho måtte svinga til venstre for ikkje å skli rett inn i, og der kom det ein møtande bil som ikkje kunne stansa for oss. Heldigvis gjekk det bra. Speila dunka mot einannan, men ingen av bilane fekk skade. Eg som sat ved sida av reagerte veldig uprofesjonelt, eg lukka auga og haldt meg for øyrene i rein refleks medan Ingrid som var sjåfør haldt hovudet kaldt nok til å klara å manøvrera sjølv om bilen var på rein skli og bremsene ikkje tok i det heile tatt. Heldigvis hadde begge bilane veldig lav fart, så direkte livsfarleg var det vel ikkje. Det var likevel ei ganske ubehageleg oppleving, så eg har nekta å kjøra eller henta dei i familien som skulle ut på livet i kveld. Statusen nå er stålis med fem cm vatn oppå frå ganske friskt regnver og eit par plussgrader, og sånt føre er definitivt ikkje noko for meg… Kjærasten min tok bilen sjølv og ofra vinglaset, og han seier at føret var minst like ille nå. Sunniva er på veg heim frå julebord på skulen sin i bilen til ein kompis. Eg skal vera glad når ho er velberga heime att, men ho sende trøystemelding frå bilen om at han er ein flink sjåfør og kjører sååå forsiktig.
Og alt ein let seg lokka til å gjera… Nå strikkar eg ullgensar i mjuk babyull til vårt firbeinte familiemedlem, Oscar Otto. Genseren er i fem-seks fargar eller fleire og eg håpar han kjem til å passa. Eg har aldri strikka noko til dyr før…
Heidi
LIknande innhald
From → Barna mine, jul, vinter
Fantastisk å få lesa denne bloggen, finne masse glød og inspirasjon her, mest kvar gong. Tusen takk, Heidi! Kvittere med ein liden tanke som kom te meg ein dag:
tastetrykk i natten
det nytter lite å klage
over sneen som falt i fjor
da er det bedre å lage
en snømann i full vinterflor
med hatt og knapper og krage
og en trillrund velstandsmage
med reklame fra DNB NOR
og en liten gulrot som nase
obsternasig så alle tror
at det er en sjelden rase
som i en standard hage bor
Jarfeld
förstår tt det var obehagligt med olyckstillbudet! fint att Ingrid höll huvudet kallt. De unga har snabbare refexer, det gör en del i trafiken. Men visst är man orolig när de är ute och far – det hjälper inte att de blir 39 och 44 som mina är!
Så kjekt å sjå deg her igjen, Jarfeld! Og takk for muntre tastetrykk i natten. Eg trur deg, Tintomara, ein sluttar nok aldri å engsta seg…