Gå til innhald

Luke tretten

desember 14, 2010

Bak luke tretten fann eg

Ein tidleg morgon med Odd Christian

Luciasongen

Eit julebrev

Ei handfull liturgi

Ein kjøttkakemiddag med Joffe

Syklubb med venninner.

Eg var utruleg trøytt i går kveld, og hadde på ingen måte rekna med at eg skulle vakna klar til dåd klokka helv seks i dag. Då eg likevel gjorde det, fann eg ut at eg likegodt kunne ta eit skikkeleg tak rundt dagen med det same og halda han pinnfast, for eg hadde ganske mykje eg gjerne ville ha gjort. Eg trur Odd Christian vart positivt overraska over tilbod om morgonkaffi før han måtte reisa med bussen til skulen der han skulle ha vikartimar.

Det er Luciadagen i dag. Det var den natta bestemor døydde for sytten år sidan. Eg er ikkje heilt sikker på om det var natta til Luciadagen eller om det var natta etter. Me hadde vaka over henne sidan tidleg om morgonen, seint på kvelden sovna ho og sov tilsynelatande ganske fredeleg. Far sende meg heim for å sova litt, delvis fordi Sunniva var spebarn då og framleis vart amma, delvis fordi han meinte at eg trong litt svevn om eg skulle halda fram og vaka neste dag. Han lovte å vekka meg om ho skulle bli endå sjukare. Tidleg neste morgon kom Jan for å henta meg, ho var blitt så dårleg at dei trudde det var absolutt slutten. Eg stelde Sunniva i full fart og tok henne med meg ut i bilen. Jan fortalde at han hadde sett ei stjerne falla då han kom for å henta meg. Me tenkte begge på eventyret om «piken med svovelstikkene». Då me kom fram fortalde mor at bestemor nettopp hadde døydd. Dei haldt på å stella henne. Ho hadde ikkje vore vaken etter at eg reiste.  Etter ei stund fekk me koma inn. Ho låg med glatt oppbunde ansikt, og såg ut som ei nonne, ansiktet hennar som hadde vore skeivt og ugjenkjenneleg etter slaget var nå glatta ut. Ho låg der med voksgul hud og var ikkje mi bestemor lenger. Ho var ein kropp som livet var teke bort i frå. Dei hadde tend eit lys på nattbordet, trur eg. Eg hadde aldri før sett eit dødt menneske. Eg skjøna at bestemor som hadde vore ein veldig viktig person i heile mitt liv ikkje var i livet lenger. I armane haldt eg Sunniva. Ho var det nye livet, ho skulle leva, eg skulle leva. Resten av oss som var att, me skulle leva, men bestemor var der ikkje lenger.

Og dette er allereie sytten år sidan. Likevel står desse timane så klart for meg i tankane. Og eg hugsar advenkransen me hadde kjøpt til bestemor som stod på bordet på romet hennar på sjukeheimen. Det var blåfarga band på han fordi ho var så glad i blått. Me tende lys i han kvar sundag. Det var ei lita heilag stund kvar gong me gjorde det. Eg lurer på om det fjerde lyset vart tend nokon gong.

I dag har eg skrive mykje. Eg har skrive julebrevet, som vanleg har eg problem med å ikkje skriva det alt for langt. Utan eit ord har kjærasten min korta det litt ned før han trykte det, han tenkte nok at eg ikkje kom til å oppdaga det, men det gjorde eg. Og det var sikkert rett av han å bruka kniven litt på setningane mine som det ofte blir for mange av. Og jobben eg skulle gjera for kyrkjerådet er eg og blitt ferdig med. Eg fekk sitja og skriva medan Ingrid laga deilige kjøttkaker.

Me fekk veldig hyggeleg middagsbesøk av svoger Joffe som var på møte i Stavanger i dag. Han kom med ein pose julegavar frå dei der aust, og fekk med seg ein pose tilbake frå oss i vest. Julebrev fekk han og med seg. Eg oppdaga rett nok at nokre setningar frå eit dikt hadde hoppa ut av brevet, men det får me heller bare fiksa til neste opplag.

I kveld har eg vore i syklubb hos Laila. Me skreiv ned datoar til feiring av 50-årsdagar og utveksla små julegavar. Genseren til vår vesle firbeinte venn er snart ferdig. Eg må bare festa litt trådar…

Heidi

2 kommentarar
  1. emma's avatar
    emma permalink

    Marco høyrer at du strikke til «fetteren»…han hakka tenna ein dag vi kom frå tur.
    Eg gret då eg las om bestemor di – eg hugsar veldig godt då farmor døydde. Eg stod og såg utover Gjønnesskogen og kunne ikkje vera i lag med ho å slutten, men eg snakka med henne i telefonen to timer før og då var ho opptatt korles vi hadde det. Oscar var 1.5 år den gongen. Det er rart med desse minna.

  2. heidiskriv's avatar
    heidi permalink

    Ja,veldig rart, fekk ho eit slag sidan det gjekk så fort. Eg grein viss eit par tårer sjølv medan eg skreiv dette. Lurer på om tårene sit ekstra laust i denne førjulstida, eg blir rørt heile tida. …Skal sjå eg kan skaffa meg eit namn som hundeekvipasjestrikkar…

Legg att svar til heidi Avbryt svar