Gå til innhald

Luke fjorten

desember 15, 2010

Bak luke fjorten fann eg:

Diktarbeid

Snille konsulentar

Juleavslutning for dramagruppa

Eg hadde eigentleg som mål å bli ferdig med ei diktsamling før jul, eg ser at eg treng nok å bruka dei første vekene i januar og for å koma i mål, men klarer eg det så er eg fornøgd. I går la eg ut ein del dikt på facebook, spurde om nokon hadde lyst til å gje meg litt konsulenthjelp. Eg fekk faktisk nokre nyttige tilbakemeldingar. Nå har eg lyst til å utfordra dei som les her. Ein setning om eit av dikta er til kjempegod hjelp. Ein  blir litt blind på eige arbeid, og eg har ikkje våga å belasta vennene mine med å be dei lesa alt saman og gje tilbakemeldingar. Eg ser at det er ganske mange som les her kvar dag, og nå utfordrar eg dokke litt… Eg toler litt nådelaus kritikk og…

Dikt 1

Eg kjører gjennom det første haustregnet,
trea står overrumpla
med fulle hender,
gir seg over utan kamp,
og tek til å sleppa blad
…som sviv i ein oppjaga dødsdans
i lyskastarlyset frå fjernlysa mine
dansar og legg seg
i resignerte haugar på den svarte vegen.
Stopp seier eg innsmigrande.
Ta det litt med ro.
Det er ikkje på tide endå,
det har då inga bråhast dette her.
Truleg må stemmen ha drukna i vinden
for ingen høyrer.
Trea langs vegen
til knes i vatn
som mørke vaktmenn
frå ei større natt.
Eg veit at før eller seinare,
ein torsdag kanskje,
Kan hrnda tidlegare enn eg hadde trudd,
vil eg resignera
og ønskja hausten velkommen.
Eg låser meg inn i huset
der ungane sine sandalar
og tynne velbrukte tøysko
framleis står klare
i uryddige rekkjer,
På bare føter går eg
opp trappa
opnar vindauget
mot vinden og mot natta.
Eg kryp opp i senga
og finn den sovande mannen min.
I halvsøvne
strekkjer han ut ei hand
og stryk meg over armen.
Hundretusen bøtter vatn
blir tømde over huset
Det vaskar der ute
vaskar og skyler.
Regnet syng
gode voggesongar.
syng mjuk sorg og stille glede.
Eg sovner og drøymer
at eg går der i mørket.
Går der og leitar etter kofferten min.
*
Dikt 2
Eg såg meg i spegelen
og såg at eg var gammal.
Eg vakna
og oppdaga at det var ein draum.
Ikkje heilt endå,
…ikkje i dag,
sa spegelen.
Eg kikka nærare etter
og såg
at åra på mystisk vis
har sprunge frå meg.
Eg må jo ha vore der
Den gongen det skjedde?
Ja, eg var der nok,
det må eg jo ha vore.
Eg har jo levd og levd,
har hanka inn
gode dansande dagar
og gode strevsamme dagar,
fire barn,
og hundrevis av elevar.
Eg har sett gjester koma og gå,
sett godtfolk passera på vegen.
Det var ikkje det
at eg ikkje var der
då toget gjekk.
Eg har klamra meg fast
med tenner og negler,
har hengt bakpå tida
medan ho suste vidare,
har klort meg fast
medan det gjekk så det kosta.
Problemet,
om det då måtte vera eit problem,
er at toget har gått så fort,
at eg har så mykje å få gjort,
i dag
eller i går
eller helst i sist veke.
Kanskje eg må læra
meg å springa?
Det har eg viss aldri
heilt fått til
Eg finn ikkje svara,
kviskrar bare lågt
medan det heile susar vidare.
Gjer meg til ein reiskap for din fred.
Lat meg så fred der hatet råder.
Så får det vera det same med resten.
Når eg ein vakker dag får tid,
skal eg samla saman dagane mine,
telja dei og leggja dei i uryddige bunker,
skal eg prøva å få visdom i hjartet.
*
Dikt 3
Eg går her og plukkar ord,
som andre plukkar tytebær
eller store mogne plommer.
Eg bøyer meg ned
og plukkar dei opp frå grøftene,
…eg finn dei mellom blomane
eller oppe i greinene på store tre,
det er dei aller vanskelegaste,
orda å få tak i,
for eg er ingen flink til klatrar,
men eg gir meg ikkje så fort,
dei skal i bøtta alle saman
der skal dei ligga
til eg kjem heim,
til eg finn fram sukker
og syltepulver,
eller kanskje
den store saftkokaren?
Det gjeld å finna balansen
mellom dei søte og dei sure,
eit og anna salt ord
hender det og at eg finn
ein sein kveld
under ein lyktestolpe.
Bestemor hadde bærhentar på loftet,
sjølv har eg laga meg ein ordhentar,
ein håv med svært langt skaft.
Han er fint å ha
på bussen om kveldane
eller på toget
når det regnar og bles ute,
når nokon har tend lys inne i vogna.
Då legg orda seg
lunt og koseleg som mjuk musikk
under taket.
Men om sommaren i august
er det betre å gå
gå langs jernbanelinja
helst ein stad der det ikkje går tog
og plukka ord,
som luktar godt av tjøre, gras og ville blomar.
Det kan til og med tenkjast
at nokon har kasta frå seg
eit og anna ispapir
mellom jernbanesvillene,
dersom det ikkje har regna alt for mykje,
kan du framleis sjå bokstavane.
dei er fine å ha.
Ein treng mass slike om ein skal laga dikt,
så det gjeld å halda auga opne.
heilt til bøtta er full og du må snu og gå heim
om du då ikkje
tilfeldigvis skulle slumpa til
å ha ekstra store lommer den dagen.
*
Dikt 4
Det er sundag
og alle ting er nye.
På kjøkkenet er mitt
heng det nye kvite skap,
og dikta kjem i lange rekkjer,
…dei held einannan i hendene
og eg smilar til dei.
Kakerøre med egg og valnøtter,
med sukker og knuste ritzkjeks
med døtrene mine
på dei nye kvite stolane
og mor og far i døra
med rosa roser
til alt det nye,
og til slutt er det kake
kake med krem og bringebær
med druer, nektarin og kiwi
med sukker og kanel
og krem i ei lita blå skål:
Der kjem Anne Mette,
akkurat tids nok til kaka.
Ho får ein klem,
men vepsane er innpåslitne
Far min,
Supermann utan supermanndrakt,
prøver å fanga stikkeklare veps
med bare fingrane,
han er den siste mohikanar
eller noko slikt
og det har han ikkje tenkt å slutta med.
Eg vil sjå Vilde dansa,
vil sjå mor hennar få tårer i auga
fordi Vilde dansar,
om eg bare kunne finna brillene,
for eg ser ikkje utan dei,
og der er dei jammen,
i aller siste minutt
før dørene stenger,
står Sunniva i døra og sel brus,
give me five seier ho,
og det gjer eg.
Fin sundag dette her.
*
Dikt 5
Her kjem alle me som ikkje held mål,
me som er for lange for korte,
for tjukke, for magre.
Me som ikkje eingong skjønar
kor me burde ha putta silikonen
…eller kva me burde ha sugd vekk,
flytta på,
fjerna eller bygd ut.
Me som bommar
på moten i år og,
og som veit for lite
om gjeldande fargekombinasjonar
denne våren og vinteren,
me som insisterer på å velja
vår eigen skjørtelengde ,
og som balanserer
på hustaka i matpausen
medan me bles store tyggisbobler
og trampar takten
til ein melodi
me ikkje hugsar heilt.
Orda som høyrer til
har me ikkje peiling på.
Me som ikkje sit stille på stolane våre,
me som ler
når det på ingen måte passar seg.
Me som spelar munnspel på bussen
eller bannar i kyrkja
og som kanskje
snakkar best med Gud
når me får senda han morsesignal
frå vår eigen sofa
La oss laga plass i buketten,
vegar i vellinga
og gangstier i saltet.
Og måtte me
trass alle våre utilbørlege feil hugsa
at den er størst som tener andre,
og den stiller svakast
som trampar andre ned.
*
Dikt 6
Mellomstundene er alltid hos deg,
du brukar dei til å venta
venta på bussar tog og tannlegar
Eller til å bli lukkeleg ståande
og kikka ut av kjøkkenvidauget.
…medan kattane dine balanserar på hustaka
og naboen går opp trappa si
med to bereposar frå rema i hendene.
Mellomstundene er fulle
av reklamepausar
og av ungar
som ikkje er klare
til å koma ut i bilen endå.
Dei er der på jobben
medan du ventar tålmodig
på at det ska bli ledig på toalettet,
og i kassakøen på Kiwi og Rema 1000.
Du bur i dei og pustar i i dei.
Du finn deg eit vekeblad
og ventar på
at gynekologen skal ropa
på ver så god neste,
og lener deg tilbake i tannlegestolen
medan tannlegen leitar
etter det rettaste boret.
Du ventar på flyet
du helst vil sleppa å gå inn i,
og håpar det ikkje blir for lang kø
når du skal venta på det utenkjelege.
I mellomstundene
set du radioen lågt på,
slik at ingen skal koma og byta kanal,
du klappar katten
kjærleg eller tankelaust
og smugles litt
i ei bok du ikkje har tid til å begynna på.
Dei er i rundetidene du gløymer å telja,
og kjeksane som heller burde fått ligga i boksen sin.
Du burde samla på mellomstunder,
seier eg til dama i parken,
legg dei i eit skap foreksempel,
ein vakker dag kan du ta dei fram,
og knyta dei saman til ein langt tau.
Det kan du ha i fall du får bruk for
å fira deg ut av det høge vinduet ein vakker dag,
ein av desse kvardagane som krev meir du eg kan tilby.
Katten hoppar nok etter kjenner eg han rett.
Du skal velsigna mellomstundene,
du treng dei for å ha noko å halda deg fast i.
*
Dikt 7
Det er kjekt å balansera på steingardar.
Dei største steinane ruggar
så fint når eg trør på dei.
Det kitlar frå skorne mine
heilt opp i magen
…Dei er farlege, seier bestemor.
Slike som meg kan få dei over seg
om dei losnar og ramlar ned.
Bak steingarden
Ligg potetåkeren
med lilla og kvite blomar
Med skarpe lukter av potetkål og jord.
Fuglane trekk makkar opp av jorda
med kvikke bestemte nebb.
Bestemor seier at dei kan høyra
kor makkane kryp under den svarte molda.
Sjølv har eg aldri klart å høyra dei
ikkje ein gong utan lue.
Bak endå ein steingard
er det ein skog
akkurat som i eventyrboka.
Eg har ikkje slik raud cape
men eg har ei bestemor,
kanskje ho kunne ha sydd meg ein.
Korg har eg.
med små handtak og blomar på.
Oppi den kan eg samla konglar.
I eventyrboka mi står det
at Rødhette har vin i korga si.
Det liker ikkje bestemor.
Ho liker ikkje korta med bilete
av slaktarfamiliar
og bryggarfamilien heller.
Dei som bit i rått kjøt
og drikk vin frå store tønner
gjennom gummislangar
med auge som mest dett ut av hovuda,
så me spelar det spelet
utan dei korta
for bestemor har gøymt dei
i ei hemmeleg skuffe.
I skogen min er det ingen ulvar,
men heilt sikker kan ein aldri vera.
Det hadde ikkje vore farleg om dei kom
for bestemor kunne ha sett dei frå stoveglaset sitt.
Eg hadde nok ikkje tort å snakka med dei,
eller kanskje likevel.
Eg snakka jo med den store guten
den gongen eg gjekk langs bilvegen heilt aleine utan lov
og togg på ein tyggis eg hadde plukka opp frå vegkanten.
Det er bare dei store som tygg tyggis,
Slike som meg kan setja dei i halsen.
Viss eg vil at igjen skal skjøna
kor liten eg eigentleg er,
finn eg meg bare ein tyggis,
eg spyttar ut stein og grus
og tygg heilt til han blir mjuk.
*
På førehand tusen takk for hjelpa. Ikkje få prestasjonsangst, ingen kommentarar er dumme.
HEIDI
10 kommentarar
  1. emma's avatar
    emma permalink

    Eg les og grin i ei svært tidleg morgonstund utan å klare å gi konstruktiv tilbakemelding. Uansett likar eg dette Heidi. For meg er dei fantastiske – blir gjerne med på realease partyet…

  2. heidiskriv's avatar
    heidi permalink

    Tusen takk Emma. Eg håpar at fleire kastar seg utpå. Viss nokon seier kva for ein tekst som appellerer mest til dei, eventuelt at ingen av tekstane gjer det, så er det hjelp i det og. Sei gjerne om det er eit spesielt uttrykk du likar eller mislikar…

  3. heidiskriv's avatar
    heidi permalink

    Fekk forresten ei melding ein annan plass frå ei som har skrive mykje sjølv. Ho meinte at 3,4 og 5 absolutt appellerte mest til henne. Er dokke enige i det?

  4. Torhild's avatar
    Torhild permalink

    Lange dikt er eit ork å pløya gjennom…..Eg vart fasinert av ordet mellomstund og dikt 6, sjølv om eg ikkje har teke meg tid til å lesa heile det eingong!!

  5. heidiskriv's avatar
    heidi permalink

    Betyr det at eit godt dikt bør vera kort, Torhild?

  6. Torhild's avatar
    Torhild permalink

    For meg- viss det skal greia å «fanga»meg – kanskje hjelper det viss det er nok luft innimellom……

  7. heidiskriv's avatar
    heidi permalink

    Skal passa på lufta. Det vart litt tett her. Men eit nyttig signal å ta med seg, for sjølv blir eg sjeldan skremd av lengden på ein tekst. 🙂

  8. Jarfeld's avatar
    Jarfeld permalink

    Hei! Liker spesielt godt dikt nr seks og sju, her har du verkeleg gripe notid og fortid på kornet og vevd saman hendingar frå kvardagen som er til å kjenna seg att i. Og her finn ein ord og formuleringar som søkk inn og som ein gjerne vil grunna på. I dei første 4 diktstrofene ville eg nok ha «kutta» ein del, fått teksten meir «samantrengt». Det er vel alltid slik at ting må modnast, då kjem gjerne endringar, rettingar, nye ord og vendingar. Eller teksten vert ståande som han er, slik eg ser på nr 6 og 7. Andre vil sikkert meina at og her kunne noko stramast inn. Den breie erfaringa di vil hjelpa deg langt på veg, du er ein meister til å formulera deg slik at det grip lesaren. Det er vakre, gode ord du deler. Er viss på at ein heil del av dette får plass i den nye diktsamlinga di. Lukke til med alt du skriv! Denne bloggen er magisk! Takk!

  9. heidiskriv's avatar
    heidi permalink

    Tusen takk, Jarfeld. Kjempenyttig og konstrujtuv kritikk. Eg trur du har heilt rett. I går las eg fire-fem dikt for eit lite publikum, eg fekk veldig god kritikk, men kjende på då og at det kunne vore lurt å stramma inn litt her og der. Det er omtrent det dei på teater/revyspråket kallar «Kill your darlings», det vil seia ta vekk ting du eigentlg liker ganske godt for at det som er endå betre skal få meir plass.

  10. heidiskriv's avatar
    heidi permalink

    Konstruktiv skulle det stått, ikkje konstrujuv.Ikkje så lett med ein katt som insisterer på å ligga delvis oppå tastaturet og mala medan eg skriv. Og gjer eg hjartet hardt og kastar ned det kjærlege dyret, så er han der att etter ca ti sekund-

Legg att svar til emma Avbryt svar