Gå til innhald

Luke tjueein igjen

desember 23, 2010

For der fann eg meir:

Julekaffi med personalet på arbeidsplassen ege har permisjon i frå

Julehandel aleine med gavekort

Vandring i vintergate saman med Torhild

Melodiskaping og fiskesuppe

Kveldskaffi i heimen med Torhild og Per Magne

Då eg sat i ei seng i ein butikk og las eventyr ein gong i haust, fekk eg to gavekort som takk. I fag var eg tilbake på kjøpesenteret for å julehandla for beløpet på korta. «Hugs at du og skal ha ein liten ting for pengane, då,» sa Sunniva då eg reiste. Det tok eg på alvor så mitt utbytte vart fine lilla juletrekuler på halv pris, ei rimordbok og ei bok om spøkelse. Eg var og innom Jane som driv den butikken eg las bok i og fekk snakka med henne. Det var kjempekoseleg. Me vart kjende med kvarandre då me begynte i første klasse i 1968, og er framleis venninner.

Etterpå hadde eg ein avtale med Torhild, som eg forresten har vore venninne med sidan eg var seks år og eg og ho flytta inn på same byggefeltet. Då sat ho på huk med kvit skinnlue på hovudet og rørte med ein pinne i ein sølepytt. Det første ho sa til meg var at ho kokte gomme. Kanskje ho var inspirert av mor si som kokte på meieriet… Og nå kokar ho gomme, men eg trur det tok sånn ca 43 år før ho verkeleg skulle koma til å gjera det. Men det er ein heilt annan historie, eg er dronninga over avsporingar…

Iuansitt, som dei ville sagt i Hå; eg og ho vandra saman i Langgata på Sandnes som for anledinga var dekka med kvit snø og julepynta med granbar, lys og kvite klokker. Det var så vakkert ute at det kjendest omtrent som å bevega seg i ei juleforteljing av Astrid Lindgren. Me hadde tenkt å drikka kaffi, men kafeteriaen var stengt. I staden ende me opp med deilig varm fiskesuppe, grovbrød og smør på ein restaurant. «I natt skreiv eg ein julesong,» sa eg til Torhild, og viste henne arket. «Denne vil eg setja melodi til», sa ho. Så begynte ho å nynna, og nynna seg fram til ein melodi. «Nå gjeld det å hugsa melodien,» sa ho. Så kom den mest litt surrealistiske scenen; Ho tek opp mobilen sin, syng julesongen inn på mobilen og sender som lydfil til meg. Nokre av dei andre gjestene på fiskesupperestauranten kikka litt nyssgjerrig bort på oss.

Etterpå kjørde ho og Per Magne meg heim. Dei fekk smaka på lefsene mine og sjå på kjærasten min sine Boliviabilete. Ein stad underveis tok me tekst og mobil med bort til pianoet og fekk flytta melodien frå mobilnynning til pianomusikk. Me var rett og slett litt stolte og fortumla etterpå. Så fort kan det vera gjort å laga ein julesong. Om nokon andre enn oss får lyst til å bruka han, sjå det står det endå att å sjå…

Og før me kom så langt så hadde eg lese teksten for nokre kolleger. Anne Kristine som er flink komponist og har laga melodiar til meg før, hadde allereie tilbydd seg å laga melodi ho og. At teksten skulle bli så ettertrakta for melodiar på leit etter song, nei det hadde eg aldri tenkt på…

Heidi

2 kommentarar
  1. Torhild's avatar
    Torhild permalink

    Hehe….. Gome er gode greier! Dei heimvendte naboane mine som plar vera klimaflyktninger i Spania har eg lova smaksprøver både på gome og krumkakaker – og fersk julasong 🙂 Songen har allereie rørt mange! Herleg med innhaldsrik førjulstid 🙂 Gler meg til tekstrevisjonen er klar!!

  2. heidiskriv's avatar
    heidi permalink

    Tekstrevisjonen kjem.

Legg att svar til Torhild Avbryt svar