Gå til innhald

Glansbilete og andre minne

februar 21, 2011

Eg sit her og jobbar med ein blogg der eg skal legga ut dikt og andre tekstar saman med foto. Eg har strevd fælt med å få det til, sjølv om eg har fått mykje hjelp frå sambuarar som sukkar tungt på ein «er-det-verkeleg-mogleg-at-ho-ikkje-kan-dette»-aktig måte. Men eg har ikkje for vane å gje meg viss eg verkeleg vil noko, og eg reknar med at kæringskurva er bratt. Dessutan er det så triveleg arbeid at eg mistar tidsbegrepet. Det gjer eg litt for ofte når eg jobbar med tekstar, men eg går ut i frå at det er eit luksusproblem.

Undervegs tenkjer eg fram og tilbake: Kva bør eg leggja ut på denne bloggen? Vil nokon kjøpa ei eventuell diktsamling viss dei like godt kan lesa på nettet? Bør eg ordna det alfabetisk? Må eg spørja nokon viss eg legg ut tekstar eg har omsett frå andre språk? (Det går eg ut i frå at eg må.) Skal eg leggja ut teaterstykke eg har skrive eller bare bitar av det?

Og ute skin sola så fint, eg har på programmet å koma meg ut og gå, i går venta eg for lenge og sola vart eten opp av mørke før eg kom meg ut. Vinden er iskald så sola er ein opplagd plussfaktor for ein spasertur.

Eg sit med så mange minne og lurer på kva eg skal skriva ned og ikkje. Og eg skal jobba med to teaterstykke, og skriva tekstar for Hilde, så fingrane skal ikkje bli arbeidsledige så fort.

I det siste har eg blitt heilt hekta på å strikka babytøy. Utan mønster sjølvsagt, det kjekkaste er jo å finna ut korleis det blir etterkvart som arbeidet veks fram. Det seier litt om mine arbeidsmetodar at eg  har tre gensarar og to kjolar under produksjon. Det blir nok ferdig til slutt.

På lørdag tok me med oss svigermor på bytur, og var innom både Fretex og ein gjenbruksbutikk. Eg veit ikkje kva det eventuelt seier om mitt biologiske ur, men eg kjøpte to bittesmå dokkekoppar til fem kroner stykket fordi eg bare ikkje kunne gå i frå dei. Eg har dessutan fått så forferdeleg lyst til å sy dokkeklær og laga dokkehus av gamle pappkassar.

Eg og Eva Mari kunne ha ønskja oss ein stor felles verkstad der me kan samla masse vakre ting frå loppemarknadar og fretexbutikkar og så skulle me gå heilt amok med alle slags skapingsprosesser. Nå har eg i og for seg ikkje spurt Eva Mari om ho verkeleg har lyst til det, eller om det bare er noko eg trur, men om ho les dette kan ho få uttala seg sjølv.

Og kvar dag sit eg med boka til Lönnebo, som eg sjølvsagt fekk tilbake frå hotellet der eg gløymde ho, med Kristuskransen i handa og ber Gud om hjelp til å ta dei rette vala her i livet kor det går så mange vegar på kryss og tvers.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: