Gå til innhald

Eg er tilbake frå vintererie i miniformat

mars 9, 2011

Eg og kjærasten min og Sunniva la ut på tur i saman. Eg trur det er første gongen Sunniva har prøvd seg som einebarn, men ho er eit elskeleg og tålmodig vesen og eg trur ho opplevde det ganske ok.

Litt av planen var at ho skulle få øvekjøra. Det fekk ho. Til dels med ei livredd mor i baksetet som prøvde febrilsk å ta seg saman slik at frykta ikkje skulle smitta over. Gullungen vår har nemleg ein ganske modig far i trafikken, og det er jo bra, men så blir det opp til mor i baksetet å kunna analysera sin eigen redsel så pass objektivt at ho seier i frå når det objektivt sett er uforsvarleg det som foregår. Eg er ikkje heilt sikker på at eg klarte det… Men av og til fekk eg mi vilje om veto gjennom. Som då ho var passert på vegskuldra på ein motorveg der bilane suste forbi i 100 km i timen med beskjed om å kasta bilen innpå når det kom ei luke… Ved forbikjøring av trailar på den same motorvegen, sat mor med lukka auge og bad til Gud medan far forsikra med roleg stemme om at dette var heilt trygt…

Men visst kom me fram… Først til Frode som møtte oss med eit stort smil og nysteikte rundstykke på eit kjøkken så fullt av liv og vakre detaljar at Sunniva måtte fram med kameraet, så fekk me med oss innspurten på damestafetten før ferda gjekk vidare. Farmor og farfar gleda seg stort over å få nokre timar kvar dag saman med Sunniva. Me åt reker og salatar, ost og fastelavnsbollar rundt det store bordet i stova. Farfar kom med improviserte små quizar der me skulle gjetta kva for melodiar han spelte på pianoet med to fingrar, eg og svigermor strikka babytøy og me heia fram norske skiløparar på 5-mila på TV. Eg er takknemleg for alle gongene me framleis kan sitja slik og vera friske og oppegåande alle saman. Svigerfar har passert 90 og svigermor for lengst 85. Eg blir vemodig klar over at livet er forgjengeleg.

Installerte på finaste vis var me hos Henrik og Eva Mari. Brennande lys, søm og strikkepinnar, masse fotoutstyr og ein stor irsk setter som vil vera med på det meste. I tillegg fekk eg nokre veldig koselege timar i lag med Tove, som eg reiste til Tanzania med for seks og eit halvt år sidan. For første gongen på ti år, eller noko slikt, møtte me Jan Georg og Birgitte ein sundagskveld. Snøen låg framleis sånn omtrent meterhøg rundt huset deira på Bærums verk. Det var fint å møta dei igjen.

Mandag føremiddag rakk me ein oppdagingstur til Fretex i Sandvika. Der kom Sunniva og eg over eit par heilt nye steppesko med stålbeslag under hæl og tå til bare 250 kroner. Dessverre var dei litt små til meg, men slutta seg rundt foten til Sunniva som skoen til Askepott ein gong gjorde det… Sunniva og eg var samde om at begge to djupast sett alltid hadde ønska seg steppesko. Sjølvsagt kjøpte me dei, og Sunniva steppa for farfaren sin ein time seinare. Sjølv kjøpte eg bittesmå roser i bleikrosa organsa som eg har sydd på den eine bittelille babykjolen i bleikrosa og bleikgrønt. Det vart fint.

På veg heim hadde me eit stopp hos Jan og Hilde og Simen i Søgne. Det var utruleg fint å vera der og. Me var veldig mykje saman før me fekk barna våre og då barna var små, men dei siste åra har me sett dei alt for sjeldan. Det var veldig fint å vera der. Ferien har på mange måtar vore ei reise i det som ein gong var og som framleis er bare me finn det fram.

Vel heime var det ei stor glede å sjå at vesle Oscar Otto faktisk har begynt å bruka den nyopererte foten. Han kom glad og sprettande på fire bein for å ta i mot oss. I morgon skal han til dyrlege for etterkontroll og fjerning av sting. Eg håpar med alt eg har at alt ser bra ut.

Eg og Ingrid kjørde Sunniva og Thea opp til Vilde, og så stakk me innom foreldra mine som nettopp er komne heim etter to veker i syden. Dei baud på kaffi og nysteikt grovbrød som framleis var varmt. På vegen heim stoppa me for å gå ein tur rundt vatnet. Det var deilig å koma heim til det snøfrie landskapet her heime etter  alt snøen austpå.- Men nå snør det att her og. Akkurat nå er det kvitt ute, men eg satsar på at våren ikkje har planar om å kle seg varig i kvitt.

Skriva var det eg skulle. Det begynner å hasta litt med alle prosjekta mine.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: