Ein blir nok frykteleg sliten
Det hender livet
spring fortare
enn du orkar.
*
Slik svingane
tok deg
i baksetet
på den gamle folkevogna
*
då du var lita
og til slutt
måtte ut for å spy
*
eller i beste fall
klarte å svelga
kvalmen
i små beiske munnfullar
til du var framme.
*
For dansar me ikkje
på stram line
med alt me har
i hendene
og strever
med balansen
rett som det er
utan å sjå ned.
*
Men tankane
finst
om alt
som kunne ramma oss.
*
Tsunamiar av frykt
Tikkande atomkraftverk.
*
For framleis
er me små
og dei store held
rattet
med det me kan håpa
i beste fall
er støe hender.
*
Og kanskje skulle me
ha dekka bord
i begge stovene
i eit gammalt hus ved havgapet.
ein sommarkveld.
*
Prestekragar
i blå skåler på bordet
og rabarbrasaft
skulle dei fått
og blomsterkransar
til å setja på hovuda sine.
Og så skulle dei
i ein time eller to
få vera små
desse store,
vera ein stad
der dei ikkje kan skada
andre enn einannan
ei heil lang sommarnatt.
*
Og nokon skulle spela
på munnspill eller fløyter,
*
ein blir nok frykteleg sliten
av å vera president
eller diktator.
Heidi
LIknande innhald
From → Ansvar for verda, Barndomen min., Poesi, sommar
❤