Gå til innhald

Olav H Hauge og alle dei andre

april 8, 2011

Dette permisjonsåret mitt, eller til dels permisjonsåret mitt, som eg ser det er rettare å kalla det, fordi det skjer ting heile tida, har eg lese mykje dikt. Eg har og lese mange diktarbiografier, bøker om kven menneska bak lyrikken eigentleg var, og dei har gjort iintrykk på meg. Eg har lese om Gunvor Hofmo, om Rolf Jakobsen, om Tove Ditlevsen, om Kolbein Falkeid, om Jens Bjørneboe og akkurat nå om Olav H Hauge, fruktgartnaren frå Hardanger som var ein av dei første som skreiv modernistiske dikt på norsk. Boka er ein skikkeleg murstein, og det krev stor sjølvdisiplin å leggja ho vekk både om nettene og om føremiddagane. Helst vil eg lesa til det svartnar for auga, men slikt har eg jo ikkje tid til. Eg har verkeleg fått opp auga for dikta hans, frå før av hadde eg eit par eg var veldig glad i, men nå har eg fått syn for mangfaldet. Her er eit av dikta hans:

EIT ORD

Eit ord

– ein stein

i ei kald elv.

Ein stein til –

Eg lyt ha fleire steinar

skal eg koma over.

 

Olav H Hauge

 

Olav H Hauge skriv om at stundom kjem eit dikt rekande på ei fjøl, men som oftast må dei meislast omhyggeleg ut av stein.

Når eg les om desse menneska blir eg bittelitt misunneleg. Tenk å bare dikta heile dagane, og kalla det jobben sin. Nå er det ikkje alle dei som har levd av dikta heller då, men fleire av dei klarte det.

Eg har høyrt folk seia at den nye lyrikken er songtekstane. Det er det nok noko sant i. Få menneske les lyrikk i større utstrekning. Det er nok langt mindre status ved lyrikken enn det var før. Forlaga gir ut lite lyrikk og. Det lønnar seg ikkje i ein verden der alt må lønna seg ut frå marknadsøkonomien. Få kjøper dikt om dei ikkje er skrivne av dei 4-5 mest kjende lyrikarane i landet.

Og likevel så sit eg her og har lyst til å bli diktar når eg blir stor. Finna ut om det er innan rekkevidde å få gitt ut dikta mine på eit større forlag, og få til å bruka meir tid på å skriva. Eg har tenkt å prøva, og får eg dei ikkje ut, så trykkjer eg dei vel opp på eiga hand. Nå sit eg med ei bunke eg vil senda til eit forlag, og plaagar meg fram og tilbake med kor mykje dei bør bearbeidast. Skal eg pussa, slipa og reinskjera, eller risikerer eg å øydeleggja det som i utgangspunktet var brukbart? Eg veit ikkje. Og for å vera ærleg er eg litt i tvil om talentet er stort nok, men einaste måten å finna det ut på er jo å prøva seg.

Eg er heldig om vaks opp i ei tid der radioen alltid stod på. «Ord for dagen» som NRK sende kvar morgon i barndomen min, fekk det ofte til å gå kaldt nedover ryggen min i ilingar, og nokre av setningane sit fast endå:

Det er bedre å stå enn å gå,

det er bedre å sitte enn å stå,

det er bedre å ligge enn å sitte,

det er bedre å sove enn å ligge,

det er bedre å dø enn å sove.»

Om dette diktet verkeleg var slik, og kven som hadde skrive det, veit eg ikkje. Men eg hugsar desse setningane lese av ein kvinnestemme, gjekk som isdrag gjennom kroppen min og sette seg fast i magen. Kanskje eg var seks eller sju år, eg stod på golvet heime på Ålgård med ryggen mot døra og høyrde ord for dagen, og logikken tok meg like til dødsangsten.

Andre ord som brann seg inn var diktet om «Je vil hematt syster Anne, je vil hematt for å dø», og «Du må ikke sove, du må ikke sove, du må ikke tro at du bare har drømt,» det siste lese med Øverland sin eigen litt skurrande patosfylde stemme.

Seinare var eg så heldig at mor og far kjøpte Andre Bjerkes lesebok til meg. Framleis ser eg teikningane klart for meg og høyrer dikta som passa til bokstavane:

«Død er dragen, drept og slagen, djerv er den som dreper dragen!»

Denne merkelege trongen til dikt og rim har fulgt meg gjennom livet, og som lærar har eg alltid brukt mykje dikt. Eg har tre gonger lese så og seia heile «Haugtussa» av Garborg for relativt små barn. Håpet har vore at eit og anna barn vil plukka det med seg som dyre skattar slik eg gjorde det. Kanskje eg har tenkt litt som Tove Ditlevsen «Det er en lille pige hvis hjerte ligner mit, hun bor måske på Holserbro, måske i København, hun elsker mørke sange og har ofte mareridt og alle hennes dukker må de andre gerne låne.»

Alle sitat er etter minnet, for eg har ikkje teke meg tid til å sjekka kjeldene mine, slik ein sjølvsagt alltid burde gjera det.

Og for menneska si skuld så håpar eg aldri at det går heilt av moten å lesa dikt. Ta deg tid til å lesa diktet under av Olav H Hauge før du går her i frå. Eg likar dei godt begge to.

 

Katten sit
i tunet
når du kjem.
Snakk litt med katten.
Det er han som er varast i garden.
*

Du var vinden

Eg er ein båt
utan vind.
Du var vinden.

Var det den leidi eg skulde?

Kven spør etter leidi
når ein har slik vind!

 

Olav H Hauge

Det siste diktet møtte eg første gongen i eit brev frå Bokklubbens lyrikkvenner då eg gjekk på lærarskulen og sat på Hybelen min i St Olavs gate i Kristiansand med utsikt ut i gata. Eg hugsar at det gav meg frysningar like opp i hårfestet.
Kanskje eg er litt merkeleg?
Heidi
2 kommentarar
  1. Jarfeld permalink

    «Eit ord», «Du var vinden», «Snøklokkesjel. To dikt av OHH og eit av HSH. Det eine står ikkje tilbake for det andre og det tredje meiner eg er like meisterleg som dei to hine.
    «SNØKLOKKESJEL
    Ho har ei snøklokkesjel
    lett skjelvande,
    lett frysande,
    samanliknar seg
    og kjem til kort,
    veit ikkje sjølv
    kor sterk ho er,
    ho som ber blomar i snø.» (Heidi)
    Det heiter «smi mens jarnet er varmt». Og eg seier: Smi, Heidi, smi! Du har mykje å fara med. Og tekstane dine er til stor inspirasjon. Trur at mange med meg gler seg over poesien din. «Det er bare livet ditt» inneheld fleire perler. Sjå bare kommentaren direkte under diktet «Snøklokkesjel» der. Det er noko «Haugiansk» (OHH) over teksten din. Ord som seier meir enn ord. Takk for alt du deler!

  2. heidi permalink

    Takk, takk. Skal smi så godt eg kan. 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: