Gå til innhald

Hvad du ikke est kanst du blive…

juni 27, 2011

Eg meiner bestemt at replikken over er frå ei av skodespela til Holberg, eg trur det er frå Eramus Montanus, men er ikkje hundre prosent sikker på at det ikkje er frå Jeppe på Bjerget. Hur som haver, som ein seier i Sverige, så kan jo den påstanden vera til oppmuntring for nokon og ein kvar, sjølv om det står for meg at det ikkje er slik han fungerer i stykket. Dei som kjenner oss, ja kanskje til og med dei som les bloggen har fått med seg så pass at dei veit at store hagemenneske og gartnarar, nei det er me ikkje. Dette faktum har stått fast til nå sjølv om eg i heile mitt liv har vore veldig glad i blomar, grøne fingrar har eg til nå ikkje hatt, og tid og pengar til å utvikla ein prakthage har eg aldri prioritert. Bedet framfor huset har sett ut som ei lita katastrofe til nå i år. I helga fekk eg det for meg at det bedet skal eg få fint, ja eg rett og slett begynte å gleda meg til å få setja i gang, og eg visste at så snart måndagen kom så skulle eg i veg til eit hagesenter.

Som sagt så gjort, og denne gongen var det stauder eg ville kjøpa, for det ville jo vore fint at noko kom opp att til neste år. Først fann eg to liljekonvallplanter, eg har lenge hatt veldig lyst på liljekonvallar, så dei håpar eg blømer neste år. Eg hadde sett for meg store kraftige stauder av typen blå og gule iris, lupinar, revebjøller og keisarkroner. Dessverre var ikkje utvale så stort som eg håpa, men eg fekk nå kjøpt anemoner, nokrre strandnellikliknande blomar, raude og blå lupiner, noko blåveisblått og prestekarage liknande og noko som likna på store tusenfryd, den eine i blålilla og den andre i raudlilla. I bedet stod det frå før av halvvvisne begoniaer, og sånne gule og oransje tagetes. Det stod og nokre avblomstra løkplanter som kvite stringlar og i tillegg var det masse ugras.

Eg var til og med innom biblioteket og kikka i hagebøker. I ei av dei stod det at uteromet burde gjenspegla resten av huset og dei som budde der. Akkurat det trur eg eg oppnådde, for det beste eg kan seia om det er at det vart fargerikt og kaotisk… Medan eg stod der og flytta rundt på det som fantest frå før kom ein nabo forbi og spurte om det var sommarblomar på gang, kor på eg sa at eg ville prøva meg på stauder i staden for sommarblomar i år. Han sa at han ikkje visste så mykje om blomar og eg repliserte med at hagestell ikkje akkurat var det me var aller flinkast til her i verda. «Nei, eg har merka det!» sa han. Då måtte eg liksom forsvara meg litt midt i min eigen dom og seia muntert at me kunne jo koma til å bli det frå nå av. «Ja, kven veit!» sa han, men heilt overbevist høyrdest han ikkje ut til å vera…

Då tenkte eg på dette at me har så lett for å setja oss sjølve i bås.: «Treningsstudio er ikkje noko for meg, eg er ikkje flink med hagearbeid, eg er redd for å kjøra bil og er ein dårleg sjåfør.»Alt dette kunne eg kor tid som helst ha sagt om meg sjølv med ei rund lita hand på hjartet og dermed sementert nokre av sanningane om meg sjølv. Samstundes veit eg heldigvis at det faktisk er ein del ting eg er ganske flink til og. Ikkje det at ein ikkje skal læra seg sjølv å kjenna, men det er då opning for endringar i dei vande atferdsmønstera. I alle fall likar eg på gode dagar å tru at det er håp for det meste om ein stiller med tankane opne og fordomsfrie. Ein heilt annan ting er når eg skal få tid til å lesa, skriva, strikka og gå på besøk nå når eg skal bli superflink husmor og habil gartnar i tillegg til mine daglege lange turar på sykkel og joggesko. Nei det får tida visa. Som ein alkymist på leit etter formelen for gull har eg i store deler av mitt liv leita etter løyndomen som fører til at ein kan skjera kraftig ned på nattesvevnen. Løysinga bør helst ikkje heita amfetamin eller noko i den leia…

Me har kjøpt inn salmiakk, plast. maletape, malerullar og kostar, for nå skal me mala stova. Eg er dessverre ikkje av dei som gler meg til oppussing i heimen og nikosar meg medan det står på, men det må til, for veggene er flekkete og malingsslitne. Eg trøyster meg med at eg har søner som har lova å hjelpa til, men gruer litt for å dekka til alt med plast, vaska ned vegger og tak og ta ned alle bileta frå veggene. Men det blir vel bra, får me tru. Me har bestemt oss for ein eller annan ariant av kremgul farge på malinga. I dag då me tok heim fargekartet såg eg plutseleg at det ville ha vore ganske sprekt med ein bleik rosafage til den spesielle raudoransje fargen på dei nye sofatrekka, men det får eg ikkje familien med på…

Men det blir vel fint til slutt, får me tru…

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: