Gå til innhald

Dukar, dugnad og diktsamling

juli 2, 2011

I dag har eg send diktsamlinga mi inn til det forlaget der eg aller helst vil få gitt ho ut. Det er godt å ha gjort det. Eg sat langt utover kvelden i går og forfatta følgebrevet. I natt låg eg og tenkte på ting eg kunne ha formulert annleis og dikt som kanskje burde ha bytta plass, så i dag tidleg måtte eg inn og forandra litt. Den siste finpussinga er ein ganske fin fase, samtidig som det er litt vanskeleg å vita når ein er ferdig. Det er litt som å høvla på ei fjøl på sløyden eller å mala på ein akvarell, plutseleg burde ein ha stansa litt før… Men det fine med dikt er jo at ein kan reversera alle prosessar. Det er bare det at på ei gitt punkt blir eg veldig usikker: Var det betre før, eller er det betre nå? Det er som å skriva på ei oppgåve ein skal ha karakter på. Og eg veit at det kanskje er eit urealistisk nålauge eg prøver å koma gjennom. Eg prøver meg på det eg oppfattar som eit ganske prestisjefylt forlag. Men det er lov å prøva og få avslag. Det er betre enn å ikkje våga prøva… I alle fall er det slik eg trur det er. Men både plan B og plan C er klar. Eg veit bare ikkje heilt om plan B kjem først… Eg vil jo aller helst koma ut på eit forlag, men fleire og fleire vel å trykka opp og gi ut ting sjølv utan å bruka forlag. Eg kjenner meg derfor sikker på at eit års arbeid kjem til å gi resultat. Økonomien i det er meir usikker. Nesten ingen tener pengar på å skriva lyrikk, men det bør vel kanskje helst ikkje bli ein rein utgiftspost heller. Kjærasten min tek veldig fine bilete, så om eg skal gi ut sjølv kunne eg godt tenkja meg å bruka hans fotografi i lag med mine dikt, men det kan vel fort koma til å kosta litt. Om dikta mine kjem ut på forlag så er nok ikkje fotografi til å tenkja på.

Dugnaden med å få det fint i stova går sin gang. Alt står i midten av romet dekka med plast medan vegger og vinduskarmar og peis blir malte. I dag stod nesten heile familien med kvar sin kost eller malerulle. Ingrid meinte at me kunne glidd rett inn i ein amerikansk film om ei eller annan amishliknande sekt der alle jobbar saman medan dei syng og ler. Store delar av stova framstår nå i sin nye farge. Tealeaves, eller noko slikt heiter han på fargekartet. Det er ein brunbeige farge som går litt mot grønt. Eller ein slags beigefarge med litt militærgrønt i om det hjelper på det visuelle. Eg hadde eigentleg sett for meg ein lys kremgul farge, men eg fekk fleirtalet i familien mot meg. I går stod eg og snufsa over gamle minne som dukka opp i skuffer og skap eg måtte tømma; alle korpsmedaljane til Odd Christian, ei brikke frå det første billedlottoet me kjøpte då han var liten, eit gammalt fotografi… Til og med ein gammal tutt fann me klemt inn bak bokhylla, han må ha lege der i minst 15 år. Eg kjenner ei slags sorg over å rydda i gamle ting. Eg blir på ein måte minna om ei tid som aldri kjem tilbake. Inne i skjenken som me ikkje skal ha lenger, var det ein mengde dukar, brikker og løparar. Eg har vore glad i dukar og det å dekka fine bord. Kanskje spesielt fordi me i lange periodar har hatt gamle bord som er finast med duk på. Dei siste fem åra har eg nesten ikkje brukt dukar i det heile tatt, for det nye ikeaspisebordet vårt er fint utan og. Eg innser at ein del av dukane og brikkene bør gå til fretex, men eg slit med å velja ut. Eg kan jo ikkje senda den blårutete kjøkkenduken til bestemor i frå meg sjølv om han er tynnsliten og ikkje fin lenger. Og duken som farmor har brodert, og damaskdukane eg har arva etter svigermor, nei dei  kan ikkje rørast. Nei, kanskje eg klarer å disiplinera meg til å gi bort halvparten? Då kan eg framleis ha ny duk på bordet kvar dag i fleire veker. For ikkje å snakka om alt eg kan variera løparar og brikker.

Og bøkene. Eg ante ikkje at me hadde så mange fine kunstbøker som eg sjeldan ser i. Dei må eg bruka meir tid på frå nå. På det nye kjøkkenet har me ei stor skuffe full av kokebøker. Eg elskar kokebøker sjølv om eg må innrømma at dei fleste sjeldan blir brukt.  Då me gifta oss for 26 år sidan ønska kjærasten min seg ei stor fransk kokebok som kom ut då. Han er glad i å laga mat, i alle fall sånn innimellom. Då han den gongen oppdaga alle dei ekstrordinære ingrediensane i boka som «ein nyslakta fasan» eller «ei årsgammal gås», så la han boka bort. Sidan har ho blitt liggande. I dag vart ho plukka ut til å gist til fretex, men då me las helsinga frå meg om at eg gleda meg til dei spennande middagane, var det hans tur til å bli såpass sentimental at boka havna i skuffa att.  Eg meiner å hugsa at ho kosta meg over 300 kr, ein heil formue på den tida. Så nå får me sjå om det blir mykje fransk mat framover. Norske butikkhyller har jo blitt mykje meir internasjonale i løpet av det kvarte århundret som har gått, så kanskje det er lettare nå å fylgja oppskriftene? Eg har til og med observert strutse- og kengurukjøt i ein lokal matvarebutikk, men denslags er det kanskje ikkje så mykje av i den franske kokeboka.

Nei generalopprydning er ei påkjenning for sentimentalistar som meg. Men samtidig er det interessant å sjå kva som dukkar opp, og for å seia det slik så kunne det nok ha forsvunne ein del dukar, sølvtøy, vaser, bøker og skåler frå meg utan at eg hadde oppdaga det… Dette er ikkje ein invitasjon til innbrotstjuvar, snarare ei konstatering av at eg ikkje er frykteleg oppteken av jordisk gods, eller kanskje er det akkurat det eg er når eg står der og snufser over 60 år gamle dukar som eg kanskje aldri kjem til å bruka, men som det gjer vondt å eventuelt bare tenkja tanken på p skulla kvitta seg med. I eit av desse ryddeprogramma vart det sagt at slike kaosmenneske som bur i hus der ein nesten ikkje kan koma inn døra for bare kulepennsamlingar og gamle krus i kassar over heile golvet, har ein slags angst for å gi slipp på fortida. Det er altså nesten ein slags psykisk diagnose, og eg ser ikkje vekk frå at eg har eit snev av lidelsen…

Det er heller ikkje ein invitasjon til innbrotstjuvar å fortelja at i morgon dreg me på Danmarksferie, for huset kjem til å vera strengt vakta av Oddvar, Oscar og Cleopatra. Me har leigd eit sommarhus i Ålbæk, ikkje langt frå Skagen, og barn og «svigerbarn» er inviterte til å bli med. Oddvar må jobba, og Håvard blir heller ikkje med, men alle våre ungdommar har faktisk takka ja til gratisferie i Danmark. Det skal bli kjekt. Det er mange år sidan Ingrid og Odd Christian eigentleg slutta å dra på ferie med oss, så det er kjempekoseleg at dei «vaksne barna våre» faktisk blir med. Langtidsvermeldinga gjekk tidlegare i veka ut på at det skulle regna mykje, men nå ser det rett og slett ut til at me får mykje sol. Temperaturen skal imidlertid halda seg under 20 grader, men stornøgde er me ikkje etter ein kald forsommar med mykje vind og regn. Litt av problemet er vel at når me så ofte har hatt somrane våre lenger sør i verda så gløymer me at ein gjennomsnittlig skandinavisk sommar faktisk er ganske mykje kaldare enn for eksempel ein spansk ein. Til gjengjeld så er sommaren her lys og sval.

Alle har fått beskjed om å pakka med seg minimalt med bagasje. Det skal i grunnen bli deilig å leggja igjen mesteparten av tinga her heime og klara seg med ganske lite. Eg satsar på at eg får plass til strikketøyet, fotopapparatet og nokre bøker. Då skulle eg vera godt berga.

Heidi

2 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Mycket igenkänning här… dukar och böcker… särskilt böcker har jag svårt att göra mig av med. har kommit så långt att det finns några kassar med böcker som ska bort (till välgörenhetsloppis) men de är inte ut huset än!
    Lycka till med utgivning och ferie!

  2. heidi permalink

    Nei, eg veit. Sist me sende frå oss bøker ende det med at eg stakk så å seia alle mine inn i hylla att.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: