Gå til innhald

Mellomlanding i Kaosland

juli 18, 2011

I går kveld kom me heim frå ei familieveke i Bærum til ein dag med klesvask og malearbeid. Huset er ein blanding av maleprosjektplass, klesvaskplass, mellombagasjeoppbevaring og Odd Christian sitt flyttelass. Det er godt at kaoskompetansen i familien er stor. Innimellom har eg rukke å jobba litt med eit liturgioppdrag eg har og å vera med Ingrid til dyrlegen med Oscar for eitt-års-sjekk. Der fekk han vaksine og røntgenfotografering av hoftene. Til vår store glede og lettelse fekk me vita at den opererte hofta er veldig fin, og at den andre er heilt frisk. Betre beskjed kunne me ikkje fått. Tanken på ein ny hofteoperasjon har spøkt litt i hovuda våre. Oscar kan nå betraktast som heilt frisk, men han bør ikkje avlast på sidan hoftesjukdomen han hadde er genetisk betinga.

I ettermiddag har me vore på IKEA og Living for å kikka på hyller og salongbord til stova som me håpar blir ferdigmalt etterkvart. Det ser ut til å vera ein trend at stoveborda enten er svært små og veldig lave, eller i shabby- chick-stil på ein måte som ser ut som om dei har overvintra ute i vestlandsregnet. Eg likar shabby-chick- stil når møblene er naturleg elda, men har ikkje lyst til å kjøpa eit nytt bord som er laga for å sjå gammalt ut.

I morgon reiser me på Korsveifestival. Det er noko av det finaste eg veit. Stort sett har me vore der annankvart år sidan barna var små, men for to år sidan jobba eg i Spania på akkurat den tida. Sist var me der bare med Sunniva og Halvard, og denne gongen reiser me aleine. Det blir ei ny oppleving. Sidan opplegget går ut på å ligga i telt på ein stor festivalplass, så er det bare å psyka opp speidaren i seg sjølv. Vermeldinga er nemleg den dårlegste nokon gong under ein slik festival. Det ser ut som om me skal velsignast med mykje regn for å uttrykka det positivt. Eg kan styra meg for teltliv i høljeregn, men alt det andre er så fint at eg gledar meg villt og uhemma likevel. Eg har kjøpt meg knallrøde gummistøvlar til å vassa omkring med under den grøne regncapen viss graset blir forvandla til gjørme. Det må då hjelpa på humøret. Nå held eg på å vaska soveposar i vaskemaskinen fordi dei lukta småmuggent etter tidlegare turar og lagring i kjellaren. To soveposar til kvar har me tenkt å pakka, for frysa har me ikkje tenkt å gjera…  Eg kjem truleg tilbake med meldingar frå livet i tun og telt.

Heidi

2 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Min varmaste medkänsla för den tragedi som drabbat Norge. Helt ofattbart. Kram!

  2. heidi permalink

    Takk for medkjensla Tintomara.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: