Gå til innhald

Ei handfull ro

desember 4, 2011

Bak luke fire skjulte det seg:

Ein roleg føremiddag

Resten av Pan

Pinnekjøtt og kålrabistappe

Eit grafisk trykk

Ein sein ettermiddag hos Ingrid

Normalt så likar eg å koma meg til gudsteneste på ein sundag, det gir åndeleg påfyll og ein god rytme, men i dag hadde eg sett av føremiddagen til å sova ut sidan eg hoppa over natt til laurdag. Merkeleg nok vakna eg til vanleg tid og kjende meg ikkje spesielt trøytt. Eg reknar jo med at det å hoppa over netter ikkje er å anbefala sånn stort sett, men som eit eksperiment så er det jo interessant å prøva det ut. Skriveturen gjekk og forbausande bra og var riktig triveleg. Sånn er det å ha nok varme klede, då har ein det bra ute i regn og stiv kuling og. Eg kjørde til toget og måtte passa på at eit vindkast ikkje skulle ta med seg heile bildøra. Frå togvindauget var det fascinerande å sjå korleis havet kokte kvitt og skumsprøyten stod meterhøgt. Stormhavet er vakkert, men farleg. For ei veke sidan i dag tok havet med seg to menn som stod i havkanten og filma, og tross leiting og søk i fleire dagar har ingen teke dei att.

Etter ei travel arbeidsveke var det godt å ha ein nokså roleg dag i dag. Eg fekk lese ut Pan, slik at eg kunne diskutera med Ingrid, og eg fekk rydda på soveromet, og jammen så dukka det ikkje opp eit grafisk trykk med fargesterke hus og stjernehimmel som eg har fått i presang, men ikkje kunne finna. Biletet vart nydeleg og eg vart så glad for å finna det. Etter julebordet på fredag hadde eg fått med meg heim pinnekjøt som vart til overs, og det smakte fortreffeleg i dag og. Den kvænske salma eg skal omsetja fann eg på youtube slik at eg fekk høyra song og musikk og til og med fått teksten med meg på skjermen. Det kjem til å letta arbeidet kollossalt fordi eg bare hadde noter og tekst kvar for seg, og ikkje ante kor trykket skulle ligga i dei kvænske orda eller om orda skulle uttalast med alle lydane og stavingane. Så i dag har eg funne litt av kvart.

Etter ei koseleg litteratur-og språkhistorieøkt hos Ingrid har eg nå sykla heim og kan jobba med noko hyggeleg til det er på tide å ta kvelden. Dagen med to tende adventlys har vore roleg og god, og slikt set ein pris på når ein lever med mitt tempo.

Nå tenner vi to lys i kveld, to lys for håp og glede.

Heidi

2 kommentarar
  1. Torhild's avatar
    Torhild permalink

    Du skal ikkje sova bort vinternatta???? Du veit når me eldes, treng me visst mindre svevn……

  2. Heidi's avatar
    Heidi permalink

    Det er jo interessant å sjekka ut om det let seg gjera å hoppa over ei natt i veka… Masse frigjort tid. Dette ser ut som om det er skrive av ein manisk person…

Legg att svar til Torhild Avbryt svar