My life is just a slow train…
… crawling up a hill.
Eg er heime på mellomlanding med innebygd dugnad i heimen, eg håpar dei andre i familien les teksten og tek hintet… I går kjørte me heim over fjellet. Det er så vakkert med norsk sommarnatur at ein kunne gråta av synet aleine. Det viste seg at Katie Melua sin stemme og song var heilt perfekte lydkulisser. Kombinasjonen norsk fjellandskap og Katie som lydregissør er med dette anbefalt. Dei ni millionane med syklar i Beijing passa perfekt til landskapet over Brokke- Suleskard.
Og my life is just a slow train… crawling up … a … hill… Slik vil eg at sommarlivet mitt skal vera. Sjølv om det i dag hadde vore behov for eit skikkeleg hurtigtog helst med brøyteplog, for å få skufla unna noko av alt det me ikkje nådde i den hektiske avslutninga av eit skuleår.
Eg trøystar meg med at historia vil ha det til at Arne Hestenes eingong fann ein sykkel han hadde gløymt under papirbunkene på kontoret sitt. Det gjer meg godt å tenkja at eg til og med ville ha funne ein trehjulssykkel under mine bunker, heilt sikkert ville eg ha funne trehjulssykkelen, faktisk. Og det er uendeleg mykje kjekkare å skriva om det enn å begynna å rydda. Men til rors Columbus. Kanskje det å få klesvasken ut i vinden akkurat nå, ville vera ein vind-vinn-situasjon? Det er nemleg det som på gammalt godt «kånespråk» heiter «Goe tork!»
Sunniva fekk førarkort i går, og eg vart minst like glad som henne. Eg var frykteleg nervøs på hennar vegne og intenst konsentrert om å senda gode tankar. Etterpå ville ho kjøra, kjøra og kjøra, og vips har eg ein ny ting å bekymra meg over: «Kjør forsiktig, Sunniva, hald auga på vegen, ikkje ta mobilen viss han ringer, ver forsiktig inn i rundkjøringane, ikkje la deg distrahera av passasjerane.»
Eg synest nemleg at gullungen min er i modigste laget i trafikken, samtidig som eg er eit svært dårleg barometer på kva som er sunn bilkjøring fordi eg sjølv er den mest nevrotiske sjåføren eg veit om. Eg tek konsekvensen av at eg er ein nokså ubrukeleg sjåfør, og kjører bare når eg må, det gjer at eg ikkje har gjort dei store framskritta som bilførar sidan eg fekk sertifikat for nøyaktig 30 år sidan. Så visst er det bra at eg ikkje har smitta Sunniva, men å sovna før ho og bilen var trygt heime ein gong i natt var nokså utenkjeleg.
Ein eitparognittiårgammal mann eg kjenner godt fekk meg i går føremiddag til å tenkja på Orfeus og Evrydike. Det er mykje sant i mytene.
Og rydding var det ja, rydding og husvask.
Heidi
LIknande innhald
From → Ansvar for verda, Barna mine, Natur, sommar, Uncategorized
Och då kan du tänka hur det känns när barnbarnen tar körkort!!! 😉
Till all lycka är de två vuxna barnbarnen både lugna och vettiga – men det finns ju så många andra i trafiken som inte är det!
Jag behöver också röja. Men det låter mycket mysigare på norska! 😉
Nei, eg ser meir og meir at det alltid kjem til å vera noko å vera bekymra for. Eg eg bekymra, altså lever eg…