Flytting av element på eit skrivebord
Ein gong lærte eg at rydding var å systematisera element til ein slags orden. Merkeleg nok, så gjekk det eit lys opp for meg, og eg lærte noko om rydding. Eg meiner, det er jo så elementært at alle menneske intuitivt burde vita det, men eg hadde faktisk aldri tenkt på at rydding var å setja element i eit slags mønster. Det seier truleg mest om meg sjølv. Så nå sit eg her og har eit djupdykk i elementa på eit skrivebord, i dette tilfellet mitt.
I beste fall klarer eg å laga eit slags system i det eg finn der. Ein del av det eg finn får meg til å nikka gjenkjennande. Sjå det ja, der er det manuset, og den salmen der ja, den hadde eg jammen nesten gløymt at eg har skrive. I tillegg er det gamle fotografi der, og barneteikningar frå dei eldste barna. «Far går naken i hagen,» teikna av Odd Christian seks år gammal og «Mamma med baby i magen,» teikna av Ingrid tre og eit halvt år gammal. Det er og ei teikning av «Ingrid med mange og lange fingrar,» teikna av Ingrid fem år gammal. Ingrid har eit stort og sjølvbevisst smil og sprikar med fingrane, medan det står ei bittelita mor bak henne…
Der er innbetalinga for støttemedlemskap i Amnesty, den må eg sjå å få betalt. Andre får det til å grøssa litt nedover ryggen min, kreftregisteret som minner om at det er gått fire år og eit påminningsbrev sidan sist eg tok den obligatoriske kreftprøva av livmorhalsen. Jadå, jadå, eg skal bare… I slutten av brevet opplyser dei vennleg om moglegheita for å melda seg ut av det obligatoriske systemet alle er fødde inn i slik at eg ikkje vil motta fleire slike brev om eg ynskjer å melda meg ut av kreftregisteret. Neidå, neidå, slikt gjer ein sjølvsagt ikkje, eg skal nok koma, eg skal bare… Så snufsar eg litt over eit brev eg fekk eingong og vurderer å kasta eit biltete frå ein personaltur i Danmark, men sentimentaliteten sigrar og eg legg det inn i dokumentordnaren att, sjølv om det altså var eit lite flatterande bilete av meg sjølv…
I går kveld var eg saman med dei gode venninnene mine frå grunnskulen. Me var fire jenter som hang saman alltid, og framleis møtest me med jamne mellomrom. Det er så fint. Me kjørde til Sirdal i sol og kjørte heim att utpå natta i regn og skodde. Sunniva venta på meg der eg hoppa ut av bilen til Karin fordi det var der dei andre ikkje skulle vidare. Heime venta kjærasten min meir og meir engsteleg fordi me var mykje seinare heim enn eg hadde trudd. Eg kunne ha ringt, men trudde han sov. Unnskyld, Leif, eg veit det er fælt å engsta seg, men me var i live og i god behald både eg og den nybakte sjåføren, og klokka vart nesten tre før me var i seng. Eg sa til dei andre at eg skulle rydda arbeidsromet mitt i dag, og at det truleg kom til å ta nesten ein halv dag. Dei meinte at det kom til å ta minste ein heil dag, og eg er redd dei har rett. Eg er i ferd med å innsjå at eg ikkje blir ferdig i dag, for i morgon tek eg med meg flyskrekken min og reiser til New York, og ikkje er eg ferdig med pakking og alt ein burde bli ferdig med. Men litt meir rydding skal det bli, og eigentleg, minn meg på dette ein gong det trengst; det er ikkje så ille å rydda, det bare dukkar opp så mange minne, så det tek så frykteleg lang tid. Og visst får eg unna litt. To store papirkorger er fulle av papir. Og skulle eg angra, så ligg det framleis mykje att både på skrivebordet og harddisken. Og på lærarvis har eg bytta ut innmaten i utdanningforbundets almanakk, og flytta inn alle avtalane eg har for neste skuleår, det fyllest opp så smått, men først er det ein lang og romsleg sommarferie.
Og om skrivebordet mitt blir bunkefritt frå i dag av? Ikkje heilt, trur eg.
Heidi
Mitt skrivbord är förskräckligt…. men inte som en av de fd kollegornas i alla fall tröstar jag mig, det var en syn må du tro! Undrar hur de bär sig åt som har prydliga skrivbord. De gör väl aldrig nåt?
Nei heilt sikkert ikkje, dei med ryddige skrivebord bruker sikkert all energi på å halda dei ryddige… 😉