Fyrverkeri
Dagen er lang og varm. Etter mange Brooklynturen set me oss på ei trapp utanfor Central Park og ventar på Halvard som ikkje har vore saman med oss fordi han ikkje kjende seg bra. Han gjekk glipp av både pølsespising og folkemengde på Coney Island. Han gjekk og glipp av ein fantastisk gratiskonsert med eit band me fann på T-banestasjonen, You Bred Raptors, dei kalte seg eit postrockband, det var litt oppjazza og litt folkemusikktig, med ein touch av Kaisers Orchestra, framført på åttestrenga bassgitar, cello, klokkespel og trommer. Dei veksla mellom å spela med reptilmasker og klovnemasker.
Me måtte venta ei stund på Halvard som hadde vald å gå heilt frå World Trade Building. Eg er imponert over kor lett Halvard og Sunniva som med største letthet tek seg fram i storbyen. Det er eg som mistar retninga, blir forvirra over T–banekarta og får panikk ved tanken på å ikkje koma seg av og på på rett plass
Planen vår er å gå tur i Central Park, men me kjenner fort at me er for varme og for trøytte og for svoltne. Me leiter etter ein restaurant, og finn ein liten grillrestaurant ved eit tivoli der me bestiller hamburgarar og grilla kyllingbryst. Det siste viser seg å vera ei flatbanka stripe kyllingkjøt i eit hamburgarbrød. Medan me ventar på maten høyrer eg plutseleg «Hei Heidi!» Der står jammen Monika, Kalle, Alva og Nora. Eg visste dei var i USA, men ikkje meir, så kva var sjansen for å møta dei der, det er rimeleg usannsynleg å sitja på kafe i Central Park og møta naboar og kolleger. Det var utruleg koseleg å møta dei, og kjekt å utveksla erfaringar om å feriera i dette landet.
Me hadde planar om å gå ut og eta middag før fyrverkeriet klokka halv ti, men me var rett og slett så slitne og trøytte, at så langt kom me ikkje. Då tida for fyrverkeri var komen, melde Halvard pass og blei heime, medan me tre andre hekta oss på folkestraumen og gjekk i retning Hudson River, der det hadde samla seg ein stor folkemengde allereie ein halvtime før det begynte. Me var så heldige å få sitjeplass nederst i ei trapp. Manhattan såg fantastisk ut i skumringa med alle dei opplyste skyskraparane. Før fyrverkeriet var det masse båtar ute på elva, og politihelikopter. Eg kjende eit par dropar og samtidig med at rakettane gjekk i veret begynte det å lyna litt. Folk kom med begeistra tilrop då rakettane begynte å gå opp, og det var verkeleg ganske imponerande. Blomar, hjarter, jordkloder og intrikate formasjonar og mønster teikna seg på himmelen. Det var nokså langt frå den typen fyrverkeri der folk skyt vilt frå torget, Lye og Rossaland, og så ser ein bare kva som skjer. Dette var eit planlagd kunstverk, og det kjendest nesten litt magisk der me sat på ei trapp under eit stort tre med Manhattan skyline midt i mot medan mørket pakka seg tettare og tettare rundt oss. Små lysande eldfluer flaug rundt oss og det lynte svakt mellom rakettane. Alt er jo stort i dette landet, og det meste varer lenge. Me var einige om at fyrverkeriet ville sikkert enda med stars and stripes og det amerikanske flagget over himmelen, men etter tjue minutt fann me ut at det var nok fyrverkeri for oss. Me venta på at toreveret verkeleg skulle braka laus og at himmelen skulle opna slusane. Det kunne jo ha vore ei interessant oppleving med ein skikkeleg thunderstorm i mørket mellom alle menneska som ville heim i halvpanikk. Likevel bestemte me oss for å forlata staden før den gogongen slo.
Me hadde jo aldri rukke å eta den planlagde middagen ute, så me bestemte oss for å sjå om me fann ein stad der dei framleis serverte mat. Klokka hadde etterkvart blitt over ti, og det såg ut til at alle hadde stengd. Til slutt var me likevel heldige og fann ein cubansk restaurant, der dei reklamerte med autentisk cubansk mat. Det hadde normalt ikkje vore mitt førsteval, for eg ville tenkt at cubansk mat var ris og bønner og ikkje så mykje meir, men nå var det den sjansen me hadde.
Det vart ei hyggeleg overrasking. Lokalet var koseleg, og personalet veldig imøtekomande og søte. Noko heimsleg var det unekteleg over den høge salsamusikken og. Maten var kjempegod. Kjærasten min åt hhønsekjøt med ris og bønner, Sunniva hadde kylling i limesaus med pommes frittes og eg fekk først ei svart bønnesuppe med rømme og rå løk og så ein slags fiskekrokettar med torsk, som kanskje først hadde vore klippfisk, masse dill og remulade i ei lita skål. Me hadde eit kjempekoseleg måltid før me gjekk heim i den mørke og intenst varme natta. Toreveret slo aldri heilt til…
Heidi
fantatsisk! Vi feiret 4. juli på pier 33 i San Fransico sist år 🙂 et eventyr!