Gå til innhald

Et møblert hjem

april 7, 2013

piano Jar

Plutseleg bur me i «et veldig møblert hjem». Me har til dømes eit piano i kvar etasje. Dette pianoet har Halvard arva etter farfaren sin, og han kosar seg med å spela på det nede i kjellarstova. Han seier at han liker lyden i det, og det er jo bra. Sjølv er eg mest fornøgd med at me fekk det med oss dei meir enn femti mila heim utan at ryggar eller andre ting tek skade. I tillegg har me fått ein fin gammal kommode i stova. Og Sunniva har fått farmor sitt sybord med symaskin opp på rommet sitt.  Ingrid si italienske sibylle heng på den eine veggen vår sidan ho ikkje har plass der ho bur nå, og rundt om i stova vår heng gamle oljemaleri med tunge gullramer i tre. «Admiralinnen», som eg trur i si tid var gift med admiral Henrik Christian Harboe heng foreløpig over sofaen borte ved fjernsynet, medan professoren, som visstnok og var prost, som seg hør og bør avbilda med ei bok, treng mindre veggplass, så han heng på ein av småveggane. Mine eigne bilete, stort sett grafiske trykk som eg har samla meg gjennom nokre tiår, står på golvet medan me tenkjer gjennom kor alt saman skal hengja. Det store maleriet i sepiafargar med ein norsk gard i ei li heng over sofaen der den postmodernistiske madonna med barn i rosa og oransje hang før, og på det svarte gamle pianoet har me fått ei gigantisk svart klokke i støypejern.

Om nokon skulle ana eit element av misnøye i avsnittet over, så er det heilt feil. Eg synest at tinga er vakre, og er glad for å ha fått arva dei. Det er interessant å sjå at stova skiftar karakter med alle dei nye gjenstandane, og me kjem nok til å trenga nokre månadar på å landa i korleis det skal sjå ut hos oss frå nå av. Det ser litt stygt ut med gavekortet frå Time kommune for lang og tru teneste, som eg har vakta på i ti månadar fordi eg hadde bestemt meg for å kjøpa kunst for det… men heilt skrinlagd er planen på ingen måte…

Svigermor var på ingen måte ein person som ødsla med penger til eiga fornøying, men ho var glad i vakre ting, og hadde gjennom livet samla seg mange vakre vasar, skåler, lysestakar, servise og glas, i tillegg til alt dei hadde arva. Sjølv delt på oss alle, så har me nå ganske mykje meir av dette enn det me strengt tatt treng, men det er fine ting me har teke med oss, knytte til mange fine minne. Det er på ein måte vakkert å sitja med sol i ryggen og ansiktet og drikka kaffi i ein av dei fine koppane frå skapet til svigermor. Me får ha desse tinga og inntil vidare for å sjå kva det er fornuftig å gje vidare til nokon som kanskje treng det meir enn oss…

Og så alle bøkene. Sjølv om eg er overbevist om at me gav vekk meir enn tusen bøker, har me nå bøker stabla i lag på utsida av dei andre bøkene i bokhyllene. Bøker har eg alltid hatt problem med å kvitta meg med… Og eg som har likt å tru at eg ikkje er materialist… Framleis har me nokre kassar att å pakka opp, men det begynner å hjelpa, og i alle tinga er det eit slags nærver av dei som har gått bort som eg liker å kjenna på.

På torsdag vart urnene deira sette ned. Side om side ved gravsteinen som allereie har stått klar ei stund. Nokon hadde lova svigerfar ein av dei siste dagane at dei skulle koma samtidig i jorda. Eg har aldri vore med på urnenedsetting. På mine kantar av landet er kistebegravelsar nesten den einaste måten å gjera det på, mens kremasjon er det naturlege i Oslo-området. Dei hadde tint jorda tilstrekkeleg til å få sett urnene ned sjølv om telen gjekk djupt. Eg ville gjerne ha vore der, men sidan bisettelsane jo er tida for sermonien, fann me ut at eg nok fekk bli heime og passa jobben min som vanleg. Eg har sett fotografi som kjærasten min tok med familien rundt gravstøtta, framleis omgitt av mykje snø, og med påskeliljer og tulipanar på grava. Dette har vore eit halvår med mykje fokus på det å ta farvel. For oss går livet vidare. Og visst skal våren koma. I grunnen er han her allereie…

Dagen min begynte med ein time på spikarmatte. Eg anbefalar dette mot vonde ryggar. Snart er min rygg så god som ny etter strekken eg fekk for fjorten dagar sidan. Etterpå drakk eg kaffi og høyrde radiogusdteneste. Eg festa meg spesielt ved songen «Just a closer walk with thee». Av ein eller annan grunn har desse swingande amerikanske litt gospelinspirerte songane veldig appell til meg. Kanskje dei minner meg om barndomen då eg på ein måte var ein del av ein baptismenighet, sjølv om foreldra mine absolutt ikkje var det. Eg reknar med at det for mange blir uforståeleg fromt viss eg seier at temaet «Just a closer walk with thee» er noko av det som gjer livet mitt verkeleg spennande. Den som har øyrer å høyra med høyr, som det står i skrifta, men her er songen, om nokon vil høyra:

Og her er nokre av etterkomarane til admiralinnen, eller kanskje det er ei anna grein av Harboefamilien,  som altså nå heng på veggen min… Må nok sjå om eg kan grava fram nokre bilete av mine eigne forfedre, småbønder frå vestlandet, for å balansera litt 😉

Familiefoto gammalt

Heidi

From → sorg, Tru, våren

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: