Gå til innhald

Å rekna velsigningar

mai 7, 2013

Sunniva flyr

I morgon skal me setja oss i bilen for å reisa og henta denne flotte jenta heim frå folkehøgskule. Eit skuleår har ho budd vekke, og me har sakna henne litt kvar einaste dag.
Me gleder oss til ho skal bu heime hos oss i sommar før ho skal ut på nye og lenger flyturer etterkvart.

One of those mornings, you gonna rise up singing,

and you´ll spread your wings

and you´ll  take to the sky

until that morning, nothing gonna hurt you,

with mammy and daddy standing bye…

eller noko slikt. I dag då me hadde dramaundervisning, gjekk eg forbi eit rom der ein songelev øvde på «Summertime», og akkurat nå har eg oppdaga at songen har sunge i meg etterpå.

I kveld har eg site ved eit veldig koseleg kveldsmatbord med blårutete duk saman med seks andre damer. Me snakka saman og prøvde å koma litt innanfor huda på kva det vil seia å leva.

Det vart snakk om å avslutta dagen med å rekna velsigningane sine. Det er ein fin sport, og visst kan me telja ganske langt når me set i gang.

Nå er det på tide å få vaska håret og koma seg i seng. Morgondagen blir lang, fin og krevjande, reknar eg med.
Heidi

2 kommentarar
  1. ALL VERDAS's avatar

Legg att svar til ALL VERDAS Avbryt svar