Pinsedag
Pinsegudsteneste i kyrkja. Pinsedagssola skin gjennom det fargesterke glasmaleriet. Altarbordet og golvet i koret er vakkert pynta med nydelege blomar. Stein er prest i dag, og står framfor altaret med den raude pinsemessehaglen med kvit due på. Preikestolen er og pynta med raudt. Me opnar oss for pinseunderet. Før syntest eg at Den Heilage Ande var den litt ubegripelege og ein smule skremande delen av treinigheita. Kva kunne ikkje skje dersom ein opna for mykje opp på den fronten? Kanskje ein ville detta baklengs av trykket og bli liggjande på kyrkjegolvet? Eller å bli driven til å stilla seg opp på torget og ropa ut profetiar som kjendest både farlege og meiningslause? Nei då var det tryggare med Faderen og Sonen.
Det var ganske befriande for nokre år sidan at ei venninne av meg, som ikkje er knytta tett opp til noko kyrkje, sa at Den Heilage Ande var då det minste problemet. Den kunne ho forstå seg på. Då var det verre med alle desse dogmene om Gud og Jesus. I dag sa ein annan persom omtrent det same til meg. Anden er det råd å forstå seg på… Sjølv har eg i dei siste åra kjend på ein aukande fascinasjon ved tanken på Den Heilage Ande. Kan me la oss opna, leia og føra av impulsar som kjem frå Gud? Kan eg plutseleg få det for meg at eg må ta sykkelen nå med det same og sykla ned i sentrum? Kan det då vera at eg går rett på ein person som eigentleg er veldig viktig for meg, men som eg ikkje har sett på fleire år? Kan det tenkjast at denne personen ser meg å seier; Du er akkurat den personen eg har håpa på å treffa i dag, fordi eg har noko eg har lyst til å snakka med deg om? Eg trur det går an. Det er rett og slett slik at eg opplever slike ting rett som det er. Nokon vil kalla det intuisjon, nokon vil kalla det ledelse, og nokon vil kalla det tilfeldigheitar. Eg er ikkje framand for nokon av tankane. Og kanskje er det ikkje så nøye kva som er kva heller…
Stein snakka om akkurat det. Korleis kan me vite kva som er intuisjon, kva som er tilfeldig og kva som er Den Heilage Ande? Kanskje finn me det aldri ut, og kanskje er det heller ikkje så viktig. Han sa noko om at det kan merkast på fruktene om noko kjem frå Gud, det kan godt henda. Sjølv fortalde han at han ei natt for ikkje så lenge sidan ikkje fekk sova fordi han ikkje klarte å slutta å tenkja på ein melodi og ikkje klarte å slutta å tenkja på nokre bilete han måtte setja ord på. Han stod opp for å skriva, og neste dag vart det til ein salme. Den salmen song me i dag etter preika. Det var fint.
I diktboka eg gav ut før jul, har eg eit dikt som handlar om akkurat dette. Stein spurde om eg hadde lyst til å lesa det som ein del av forbønna på gudstenesta. Det hadde eg. Her kjem diktet som ei lita pinsemarkering her på bloggen…
Blås på meg Heilage Ande.
Blås på meg Heilage Ande.
Blås meg nedover gata
så eg kjem på rett plass.
*
Ver den kvite dua
eg kan fylgja etter på tå
utn å forstyrra eller skremma.
*
Vis veg.
Gløym ikkje å bruka meg.
Varm hjartet mitt
nok til å tola ruskever.
*
Gjer hovudet mitt
kaldt nok
til klare tankar
om det eg ikkje veit
at eg veit.
*
Ver krafta
eg ikkje står i mot,
og vakt mine innfall.
*
Ver kjærleiken
eg ikkje har ord for,
og den som styrer lengten min.
*
Ver flammane
over håret mitt
og elden lengst inne i magen.
*
Blås på meg, Heilage Ande.
Fyll meg med din fred
og med din uro.
*
Eg sa det til Stein etterpå. Det er så fint å kunna tru at det ein har fått eller laga kan ein bare leggja roleg ned på bakken og seia: Dette vil eg dela med meg, dersom nokon har bruk for det, så kan dei ta det. Det er fint å ikkje tenkja at alt skal vera så stort eller så voldsomt, og at det skal vera så mykje prestisje i alt mogleg… Så enkelt kan det heile vera.
Eg gløymte viss å fortelja at organisten vår, Per Olav, spelte eit fantastisk postludium.
Så kjære lesarar, dette var eit lite innblikk i ei pinsedagsgudsteneste. Nå legg eg det heile ned på bakken i fall nokon har bruk for det, eller glede av å plukka det opp…
Heidi

Takk Heidi, dette var gode ord å ta med seg, dei skal eg grunna på.
🙂
Tusen takk, Heidi 😊
🙂 Så fint at du fann noko som var fint å finna 🙂