Født og oppvokst på landet…
I fall nokon ikkje har fått det med seg, så har staden eg bur på vore oppgradert til by i meir enn ti år nå. Om eg føler meg som bydame er eit heilt anna spørsmål. Då eg var lita var «byen» synonymt med Stavanger. Skulle ein «te byn» så gjekk ferda til Stavanger med buss, tog eller bil. Eg må innrømma at det følest bittelitt slik framleis, samstundes som Bryne følest meir og meir som by, og at eg opplever meir og meir liker det som høyrer byar til, folkeliv, kafear, kulturelle tilbod og mangfald. Om eg føler meg som ei bydame er ein heilt annan sak, bondejenta er vel på sett og vis sterkare til stades i identiteten min.
For sånn ca trettifem år sidan var eg på «storbyferie» i Oslo saman med to venninner. Me sat på ein kafé, og for mitt vedkomande var vel kanskje øyrene og auga ganske store der eg sat og observerte bylivet. Ein godt vaksen mann som hadde slukka ein del tørste, kom bort til meg, nikka bekreftande og konstaterte: «Jasså, du er født og oppvokst på landet…» Var det så tydeleg?
Me skulle og på skikkeleg storbytur med engelskklassen min, heilt til London. I samband med avreise sa engelsklæraren min: «Dine foreldre er vel kanskje bønder, Strand?» Men det var dei ikkje. Derimot var besteforeldra mine bønder, og det var eg for så vidt ganske stolt av. Eg har ferdast ein heil del i fjos og syntest i grunnen at det var triveleg å vera der, ikkje minst fordi farfar kom med god underhaldning medan melkemaskinane gjekk. Ei side ved farfaren min som eg trur ikkje var openlys for alle og ein kvar, var at han hadde ein utruleg sans for humor. Han er den einaste eg kjenner som har fått meg til å vri meg av lått bare ved å lesa opp ein isreklame frå ein brosjyre som låg i postkassen ein vakker dag…
Kor eg vil hen med dette? Ja, sei det… Eg såg dette biletet som ein av yndlingsfotografane mine hadde teke her ein dag, og så var det desse tankane som dukka opp. Eg har trass alt dette merkelege fortsettet for meg om å skriva noko meir eller mindre vettugt kvar dag, og i dag var det denne vegen assosiasjonane tok meg. Eg er utruleg trøytt akkurat nå, dagen har vore lang og intens med lang arbeidsdag først, så planleggingskveld etterpå, og innimellom har eg fått ordna eit og anna som ordnast skulle. Morgondagen blir litt mindre hektisk, då er det bare normal arbeidsdag og eit uskyldig lite foreldremøte for komande førsteklasse på kveldstid. Det er koseleg å stå tidleg opp, eta frukost i lag og gå til skulen saman med Sunniva. Det er kjempekoseleg å ha henne heime så lenge det varer.
Heidi
LIknande innhald
From → Barna mine, Barndomen min., Farmor, mai, våren


Koser meg hvert eneste innlegg 🙂
Så kjekt å høyra, Sissel. Nå vart eg glad 🙂