Gå til innhald

Med ikkje så veldig mange ord

september 25, 2013

image

For dagen har vore full av dei allereie. I kveld har me hatt besøk av gode venner og snakka saman med utgangspunkt i ei åndeleg treningsbok som eg ikkje hugsar tittelen på akkurat nå, for hodet er fullt og tankane nesten litt samansurra etter ein ganske intens dag.  Me har delt kveldsmat te og tankar, det har vore fint. Eg er her eigentleg for å sjå om Sunniva var innlogga, ho er nå i ferd med å starta volontørverksemda på ein skule på El Alto, men sidan dei skal reisa så langt, kvar veg, får ho kanskje mindre tid til å sitja og chatta med mor på nettet. Eg får ta det som eit ledd i frigjeringsprosessen, som sikkert mest av alt er mi frigjering frå henne. Sidan eg først er her, så kan eg jo gjera noko såpass fornuftig som å koma med ei helsing frå Hans Børlie. Det er framleis mykje eg har lyst til å dela før eg legg akkurat den boka frå meg, og eg fortsett der eg slapp sist, med hausten, tankar kring døden og det vare, skjøre livet me ber med oss.

Høstkveld på myrene

Vått kongrospinn. Skodde.
Et fugleskrik som ei sped flamme
på bunnen av skumringen.

og himmelen full av grå lyd
et bladløst sus
som om alle døde ting hvisker
med morken tunge

Ingenting
ingenting
… ingen

Jeg griper tak i livet mitt.
kjenner det inne i hendene
lik en liten våt, varm fugl
som rører på seg
vil ut mellom fingrene.

Hans Børlie

Og eit dikt som osar av livskjensle

Du lever på Jorden

Du lever på Jorden.
Det er du som hører
skogduene klapre med vingene
i morgensval luft. Det er du
som krummer tærne inne i gummistøvelen
og tenkter:
Det er noe som stikker…
jeg må viss ha fått ei barnål i strømpen…

Du lever på Jorden.
En usigelig glede er hos deg. ER
skinnende
i ditt sinn, i ditt blod,
uten at du vet det.
Slik kilden speiler seg
i fugleøyet
når fuglen drikker.

Hans Børli

Er det ikkje eit vakkert bilde med kilden som spegler seg i fugleøyet når fuglen drikker. Så stort og så lite. Nå er det på tide å takka for dagen som har vore her.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: