Ver så snill å finna meg
Då eg var tenåring, og i dei første åra etterpå, tenkte eg ofte på fine ting eg håpa skulle henda i livet mitt. Ville eg møta nokon eg verkeleg torde å lova å elska for resten av livet? Ville eg få barn? Helst ville eg ha veldig mange. VIlle eg få ein jobb eg kunne trivast godt med? Ville eg nokon gong få oppleva å skriva ei bok eller å få stå på ein teaterscene? Ville eg finna min plass i vaksenlivet der eg kunne kjenna at eg høyrde heime. Slike spørsmål stiller ein seg vel til ei viss grad gjennom heile livet, men kanskje særleg medan ein framleis går og håpar på at alle gode ting skal henda. Så opplever ein kanskje at i periodar blir ein så grundig funnen av livet at ein nesten ikkje klarer å sortera dei ulike laga. Eg trur mange av oss i faser av livet stiller spørsmålet «Kor skal eg gå hen med meg sjølv?» Svara me finn kan vera veldig ulike og nye svar kan opna seg etterkvart. Eg synest Leonard Cohen uttrykkjer mykje av dette på veldig få linjer når han skriv fylgjande:
MARITA
MARITA
PLEASE FIND ME
I AM ALMOST 30
Leonard Cohen
Leonard Cohen er dagens funn i bokhylla. Ikkje alle låter har tekstar som toler dagens lys. Leonard Cohen sine har det. Ikkje alle veit at han og skriv dikt, Eg tek med eit til av dei.
Gift
You tell me that silence
is nearer to peace than poems
but if for my gift
I brought you silence
(for I know silence)
you would say
This is not silence
this is another poem
and you would hand it back to me.
Leonard Cohen
Er heimom så vidt etter første del av arbeidsdagen. Nå skal eg tilbake til kulturskulen og kveldsjobba litt. I kveld startar me opp det store tiandklasseprosjektet kulturskulen har kvart år før påske. I dag startar me heilt på null saman med elevane med ei stor idémyldring. Framleis er ingeting bestemt og framleis kan alt skje. Dette blir spennande. Måtte livet finna oss alle-
Heidi