Skip to content

Luke 3 -2013

desember 3, 2013

image

«Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje –
at tidi skal opna seg
at hjarta skal opna seg
at dører skal opna seg
at berget skal opna seg
at kjeldor skal springa –
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um
»

Olav H. Hauge 

Diktet over er eg veldig glad i. Eg trur det seier noko viktig om å vera menneske. I kveld har eg vore i samtalegruppe i lag med ein gjeng flotte damer, me har drukke varm te, og me har ete heimebakte grove rundstykke med ost og heimelaga syltetøy og peparkaker så tynt kjevla at dei var nesten som papir. Oppskrifta stamma frå ei tippoldemor, og smaken var veldig god. Temaet vårt i dag var lengt. Korfor lengtar me, og kva lengtar me etter? I eit av dikta mine har eg skrive: «… og kjenner til vår forundring kor mykje me framleis lengtar…» For lengtar gjer me. I alle fall gjer eg det. Det er i den samanhangen eg har teke med diktet av Olav H Hauge. For det måtte vera med eit dikt i dag, og eg måtte laga eit blogginnlegg før eg vaklar i seng, for eg har jo lova adventkalendar. Me snakka om at lengt er positivt like mykje som det er negativt. Lengt har med livstørste å gjera, og det har med det å gjera at me framleis er knytta sårbart nært opp til det levande livet.

Dagen har vore god på andre måtar og.imageMe hadde ei fin adventstund i klassen, her har me ikkje rukka å få på rett dato enno, men det kom… Ungane pakkar ut ein figur til julekrubba kvar dag. Og dei får trekkja hemmelege konvoluttar i adventkalendaren vår.

image
Han ser omtrent slik ut i det første morgonlyset. Etterpå gjekk me rundt juletreet på torget med ranslane på ryggen og song julesongar før me var på oppdagingsferd og såg på skulpturane i Fritz Røed- parken. Etter matpause i gymnasparken var det tid for blåfjell og for forteljinga om Nikolas av Patara som seinare er kjend som Santa Claus. Dei gamle norske fjøsnissane som passa dyra og fekk graut på julafta måtte me og gje litt plass for. Det er min jobb å stå på gangen og seia god morgon til trøytte eller lysvakne ungar som kjem til skulen før det har rukke å bli lyst. Mange av dei rekk nesten ikkje opp til knaggen sin ein gong og treng hjelp til å få hekta av seg refleksvestar og fleire lag av varme klede.

For ikkje så lenge sidan las eg at den viktigste utfordringa for skulen er å gjera han til den varmaste, tryggaste og mest inkluderande plassen barna nokon gong har vore på. Det er ikkje lett oppnåelege ord, men dei kan vera greie å ha som ei stjerne å sikta mot… Og lærarane bør vera opplagde og blide. Då kan det kanskje vera greitt at eg sender ein av dei, meg sjølv faktisk, i seng snart. Klokka nærmar seg faretruande eitt om natta, og det er ikkje meining i slikt. Til og med katten har sovna og søv tungt her på musematta, eit eksempel til etterfygjing. Eg har seld mange bøker i dag, og kan ikkje nekta for at det er ganske kjekt at nokon har lyst til å lesa ho. Nå må eg bare halda orden i systema…

God natt, var det viss ja. Takk til alle gode makter for ein god dag.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: