Skip to content

Nyttårsafta -2014

desember 31, 2013

regnversdag lillejulafta

Det er føremiddag i heimen. Dei to sprekaste, og det er ikkje meg, har vore ute og jogga i regnet. I stova svingar det frå CD-spelaren: «In the summertime». Sunniva står på kjøkkenet og marinerer kylling og nykokt pasta til salaten ho skal ha med på hytteturen sin. Min kjære mann, akkurat nå på sin arbeidspult, skrivande han og, er i ferd med å starta opp vårt nye familieforlag «Sporisand forlag». Det må jo vera ein fin måte å avslutta året på…

At eit år til er gått, er nesten meir enn eg kan fatta, sjølv om det i og for seg har roma ganske mykje, men det er då verkeleg ikkje så mange vekene sidan sist me feira nyttår? Det er ikkje så ofte eg brukar malurt i bloggen min, men for ein gongs skuld tenkte eg me kunne unna oss ei lita klype, og koma med ein liten bekjennelse. Det å feira nyttårsaftan har mange gonger vore ein litt blanda sak for meg. Det er noko med at me blir fortalde at denne eine kvelden, då skal verkeleg det store skje, og så blir forventningane liggjande og dirra på ei notelinje det kan vera vanskeleg å koma opp på. Blir den festen eg steller i stand så vidundereleg som folk forventar at ein nyttårsfest skal vera? Heldigvis har eg etterkvart landa på at alle kveldar, denne inkludert, består av halvtimar og kvarter som i seg sjølv kan vera overraskande, trygt rutinemessige, visunderlege, vanskelege eller kvardagslege. Det siste er ikkje det dummaste, men då skal det seiast at for meg er dei fleste kvardagar fulle av små overraskingar.

Så er eg inne i mitt femtande og siste år som tenåringsmor, og eg skal jo innrømma at det i førekant ofte har bekymra meg litt at eg har hatt ein gjeng tenåringar som skal feira nyttårsaftan, og fantasien har ofte teke meg til dei store høgder og djupe djup med tanke på kva tenåringsbarn kan koma til å råka ut for på nyttårsafta når ein er ute og jagar det fantastiske. At det denne kvelden tradisjonelt har vore ein grenselaust fri flyt av artiklar som kan eksplodera i hender og auge, har ikkje vore eit pluss for fantasien. Nå høyrer det vel med til historien at alle til nå, så vidt eg veit, har klart å ta vare på seg sjølv den siste kvelden i året. Likevel må eg innrømma at det har falt ein slags fred over meg når eg høyrer sistemann koma inn utgangsdøra nede ein gong utpå morgonen, og eg kan sovna letta og lukkeleg med vissa om at nå kjem kvardagane i lange rekkjer uendeleg langt borte frå marsipan og delfiakaker, og med rugsprø i staden for julekaker.

Og nå i mitt altså femtande og siste år som tenåringsmor, er eg rimeleg sikker på at alle tek like godt vare på seg sjølv som på ein vanleg helgekveld, og eg har ikkje tenkt å venta på nokon før eg somnar. Eg skal på nyttårsfest til gode venner, og trur at det kjem til å bli ein veldig hyggeleg kveld. Og i morgon begynner eit nytt år, i alle fall på papiret, sjølv om det som alltid eigentleg bare er kvarter og halvtimar som kjem i lange rekkjer. Eg har og teke med meg Per Fugelli sine tankar om denne merkelege vanen vår å la nyttårsløfta våre gjelda eigen kropp: Meir trim, mindre røyk og færre kilo. Han utfordrar oss til å løfta blikket litt. Og det skal me kanskje gjera.

Måtte det nye året verta oss vennleg, og måtte me bruka det godt. Ei skål for alle festbremser der ute, inkludert meg sjølv, og for alle dei andre av oss. Nå skal me ut og glitra på kvar vår måte medan me tek i mot tida, kvarter for kvarter, halvtime for halvtime. For heilag vere livet! Bruk dei siste timane av 2013 til noko fint, og ta godt i mot alle halvtimane som koma skal etter midnatt og.

Heidi

PS: Pass godt på auge og fingrar…

Fedrene kneler for sine fedre.
evig eies det du legger bak deg.

Disie dager mot kjølige netter.
Sår samler lyspartikler.

Du er den andre for deg selv.
I din sønns ansikt.

Freddy O Fjellheim (Ljåens svarte blomst)Amishmann med hest

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: