Gå til innhald

Fødde sånn

januar 3, 2014

image

I dag er det den første skrivefredagen i det nye året, og alle nye begynnelsar må vel tast godt i mot. Eg tenkte å invitera inn i skrivestova for å visa kva som skjer der, sånn for eksempel akkurat i dag. Ein skrivefredag startar med frokost og ein smule ettertanke, så gjeld det å rydda unna det verste relativt fort. Eg må tenkja på skriveromet som eit kontor og skrivinga som noko eg må på jobb til, elles kan eg bli gåande å tru meg forplikta til at «eg må bare» med den konsekvensen å aldri koma i gang. Dersom ein skal kunna vera produktiv i eige hus, trur eg at ein må ha evna til å setja seg ned i rotet og la humlene susa enn så lenge… I dag hadde eg forresten ein ting eg måtte få gjort…

imageDenne fine, nye linløparen, som eg kjøpte som julegåve til stova mi, var utsett for eit uhell i går. Eg skulle rydda han til sides fordi me skulle spela «kortskalle» og så kom eg til å velta eit heilt flytande varmt telys over… Etter ei natt i fryseboksen og skraping av frosen stearin har eg kasta han i vaskemaskinen på 60 grader. Eg er veldig spent på om flekken går vekk. Viss ikkje får eg notera i notisboka mi at eg eigentleg ikkje bør ha dyre ting som kan øydeleggast i huset mitt i det heile tatt…

Av alle ting har eg brukt dei første timane i dag til å oversetja og omskriva Lady Gaga til jærsk. Elevane har sjølv fått finna låtar dei vil ha med i den store tiandeklasseforestillingane, og ein av dei er «Born this way», av Lady Gaga. Eg kan ikkje påstå at ho er den artisten eg lyttar mest til, men det er artig å la seg utfordra. «Born this way,» er blitt til «Fødde sånn». Vidare ser eg at eg har fått for få rollar inn i stykket i forhold til dei som ville vera skodespelarar, så eg må skriva inn ein scene til litt seinare i dag.

Elles så er planen å begynna så smått på ei lærebok i skapande skriving, eller kanskje snarare ei ressursbok for alle som driv med kreativ skriving saman med barn og unge i skule og kulturskule. Eg har drive med dette i ein heil del år nå, og i kulturskulen har eg laga det aller meste av opplegget mitt sjølv, sidan dette er eit heilt nytt fag, og eg har hatt ganske frie tøylar. Eg har ført logg heile tida og skrive ned det eg har gjort, og så har eg tenkt på ganske lenge at det kan vera nokon der ute som kan bli glade for litt tips og idéar. Sidan me faktisk starta vårt eige forlag i sist veke «Sporisand forlag», så kan det vera greitt å ha noko å gi ut… Eg må innrømma at eg eigentleg har endå meir lyst til å vera kreativ sjølv enn å laga lærebok, men det hadde nå vore kjekt å ha prøvd det og… Det blir nok å jobba med fleire prosjekt samtidig. Seinare i dag har eg lyst til å jobba litt med dikt og songtekstar, og så er nok arbeidsdagen slutt, er eg redd…

I går vart det ikkje plass til nokon gjestelyrikar, så i dag opnar eg armane og bloggen for ei dame som heiter Anne Karin Fonneland. Ho har mellom anna gitt ut boka «Når dei vakne ser» på «Det norske Samlaget». Der har eg funne nokre fine små tekstar eg har lyst til å dela med dykk. Det er den boka de kan sjå på det øverste fotoet under eit fint krus Sunniva kjøpte til meg i Bolivia.

Berre barn skulle leie oss
i dagar og netter like stille
som mennesket stod ved dei første elvane

det var før det vart kviskra, i stunda
då livet tok til i små hender
og lyset vart festa til regnbogehinnene

der, i den vesle rørsla til lys,
kanskje såg vi då,
før jorda stempla den svarte pupillen.

Anne Karin Fonneland

 

Teen i koppane varmar,
brenn nesten orda vi prøver å svelgje,
Små ringar breier seg, tynn latter over
det som kjem tydelegare fram

alt det tomme vi prøver å fylle

Så skjøre er vi no at eg vil gripe di hand.

Anne Karin Fonneland

***

Nå får eg skriva vidare på det andre som skrivast skal, men først skal eg med lett bevande hjarte gå ned og sjå om eg har fått stearinflekken av løparen min. Det er fint at lin toler høg varme, så i beste fall er alt i orden.

Ha ei fin helg.

Heidi

From → Bøker, Nytt år, Skriving

3 kommentarar
  1. Scylla's avatar

    Jag håller tummarna för duken!

  2. Heidi's avatar
    Heidi permalink

    Det ser bra ut så langt. Eg kunne ikkje sjå nokon flekk då eg tok han ut av vaskemaskinnen, så nå er det bare å håpa at det ikkje kjem fram ein flekk når han tørkar. Det komiske er at eg har sagt til alle at dei må vera forsiktige med han fordi han er ny og dyr, og så er det sjølvsagt meg sjølv som står for kunsten å tømma store mengder stearin over han…

  3. Scylla's avatar

Legg att svar til Scylla Avbryt svar