Skip to content

Dæ ekta livet

januar 13, 2014

image

Måndag er den store møtedagen. Etter at elevane har lukka klasseromsdøra etter seg er det tida for møter, teamarbeid, fagleg oppdatering og sidkusjonar. Som de ser av biletet så hender det at lærarar på møte unner seg eit og anna som dei vanlegvis ikkje serverer elevane sine.

I dag var måndag i tillegg den delte arbeidsdagen. Nå har me gått gjennom manus og fordelt rollar til den store årlege tiandeklasseforestillinga. Det skal sjølvsagt vera spennande heilt fram til påske kva ho handlar om, men eg kan røpa at tittelen blir sånn omtrent: «IRL- Dæ ekta livet». Eg skal bare røpa at det startar som ein dystopi om ei tid der menneska har slutta å snakka saman på den måten menneska har gjort heilt sidan språket vart oppfunne. Det er eg og tre tiandeklassejenter som har jobba oss fram til manus etter at alle tiandeklassingane fekk vera med på idédugnad. Andre år har regien vore min og Ja Ivar sin, men nå er eg jo ikkje dramalærar lenger, så nå er det heile overlevert til søte og entusiastiske Maren, som har fått beskjed om at ho har full kunstnarisk fridom. Det kjennest befriande.

Sidan det var nesten snøstorm ute, var denne jenta så snill og medgjerleg at ho reiv seg laus frå både den gode boka og den hyperklengete katten for å henta meg på kveldsjobben.

image

image

Nå skal eg ta med meg eventyret om Hans og Grete ut i senga og forsikra meg om at eg kan det skikkeleg, for i morgon skal alle på første trinn få eventyrstund. Eit klokt menneske har sagt at ein må fortelja barn mange eventyr, for dei handlar om alt som sidan skal skje dei i livet. Som vaksen og som «utdanna forteljar», kan eg skriva under på at eg ser eventyra i andre lys enn då eg var barn, det gjer at eventyr er like fascinerande nå som då, bare på ein annan måte. Hans og Grete opplever to gonger å bli svikta på det grovaste av nokon dei stolte på, faren og heksa, som tilsynelatande var ei snill bestemor i starten. Svolten deira driv dei til å smaka på ting i livet det hadde vore best for dei å gå forbi, nemleg kakehuset. Dei må stola på små teikn i tilveret, kvite steinar, månelys, fuglar og svaner. Grete som er den barnslege og redde er den som til slutt blir den vaksne og handlande, dyttar heksa i bakerovnen og kjem seg vidare. For det er jo slik det er å leva. Plutseleg er ein pannekaka som trur det er trygt å sitja på ein griserygg over elva, ein anar ikkje at konsekvensen av det ein har gjort er at ein må lenger og lenger fram i farlegare og farlegare terreng og til slutt er det «heilt på trynet», bokstaveleg talt. Kanskje ungar anar desse gåtene i dei gamle forteljingane? At dei kan koma til å få bruk for dei ein gong. Som Tove Ditlevsen skriv så treffande i eit barndomserindringsdikt:

«Min far er en drage, min mor er en heks. Vort hus er lavet av pandekager. Min far kommer hjem kver kveld klokken seks, og han spiser kun menneskekød»… For er det ikkje alle menneske sin djupaste angst å bli svikta av alt ein trudde var trygt og av alt ein er henvist til å stola på. Eg trur filmen «Amnesia», som eg såg på laurdag er ein variant av Hans og Grethe for vaksne. Eit ektepar reiser ut på ei øy for å vera i ei luksushytte fjernt frå andre menneske, og båten kjem ikkje for å henta dei før om mange dagar. Kvinna oppdagar at mannen ho har stolt på, eigentleg er ein skruppellaus psykopat, og plutseleg dreier det som skulle vera trygt seg om manipulasjon, vondskap, liv og død.

image

Det er og blitt hevda at ein trygt kan fortelja eventyr om vonde ting til barn, for sjølv små barn veit at det vonde finst, og gjennom eventyr får dei bearbeida sakn, sorg og redsle. Heldigvis veit og dei fleste menneske at det gode finst. Nokre av oss vågar å kalla det gode for Gud. Men framleis er det innfløkt. Framleis har menneske blanda motiv for alt dei gjer, og i tenesta for og namnet til det gode blir sviket og manipulasjonen farlegare. Noko av det skumlaste er at me kanskje ikkje eingong gjenkjenner vårt eige behov for å manipulera andre som angst, sjalusi eller behov for makt. Det står ei bøn om dette i den svenske bøneboka eg fekk til jul, ei bøn eg synest me har all grunn til å be dei av oss som ope og ærleg trur på bøn:

Må jag aldrig
bli en port för min ästa
där han dras in
och tvingas
gå mina v¨gar
genom mina dörrar
-som om de vore hans-
och bli beroende av mina nycklar.
Om min port är Kristus
är ändå det viktigaste
att jag hjälper min broder
att vandra sin väg
till Fadern
och förbli sig själv.

***

Tenkjer Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: