Gå til innhald

Men når vårsol i bakkane blenkte…

mars 25, 2014

grågjess i Sandtangen

«Måååå me ha på osse boksa i dag? Kaaaan me´kje få ha bara jakke å sko?» Spørsmålet er nok ikkje så dramatisk som det kan høyrast ut som? Bukse i denne samanhangen, er sånn bukse som dei har utanpå den andre, i betydninga vindbukse, boblebukse, regnbukse eller heil dress. «Bara jakke å sko», er elevane sine frydefulle ord for å sleppa å ha på seg støvlar, ytterbukse, lue, skjerf og vottar. Det er lenge sidan me har hatt utedag med bare jakke og sko. Eg kan nesten ikkje hugsa at me har hatt det i det heile tatt, men eg hugsar sikkert dårleg. Allereie då eg stod i gangen og tok i mot dei då dei kom i dag morges, kom dei første spørsmåla om bare jakke og sko.

Me hadde ingen hast med å koma oss på tur. Først måtte me henga opp symbolet for at i dag var det bare sol. Ikkje skyer, ikkje skodde og ikkje regn, merkeleg nok nesten ikkje vind ein gong. Rett nok har eg ein mistanke om at folk frå rolegare dalstrok ville funne vinden her hos oss i dag og, men etter ein vinter med nesten dagleg vindstyrke bortimot kuling, så er me ikkje bortskjemde. Eg vart direkte lattermild då ein mann i Oslo sa til meg «Ja i dag er det jammen nesten storm…» då eit forsiktig vindpust rørde oss lett i det me møttest i ei døropning.

Før me i første klasse kunne gå på tur, hadde me ein ting til me skulle ordna. Elevane sat på låge lyttekrokbenkjer og tova omsorgsfullt på ei lita gul filtkule som me skal laga påskekyllingar av. Framfor seg hadde dei isboksar dei hadde teke med heimefrå fylde med håndvarmt grønnsåpevatn. Alle vart ferdige, og alle vart stolte. Nå skal filtballane få liggja til tørk ei vekes tid, og så skal dei få halefjør, filtkam, fine auge og lange hyssingbein.

Så var det det med jakke og sko då… Me to damene i «snart bestemorsalder», var einige om at det nok var litt vel lettsindig å gå «utan bukse», me klarte til og med å spora opp overtrekksbuksene til dei som meinte at dei ikkje hadde med seg ei. Så var det å leggja hoppetau, klinkekuler og gamle myntar øverst i dei vaksne sekkane.

Og visst var det nydeleg ute i sola. Me leika gamle barneleikar i Sandtangen og åt nistematen vår ved vatnet. Me vaksne hadde faktisk gløymt å kle skikkeleg på oss sjølv, og fekk etterkvart «kjølen i oss», men ein smak av vår var det utan tvil, med krokus, gåsungar og grønkande gras. Så var det å pakka seg oppover for å høyra og dramatisera eldgamle påskeforteljingar før dagen var slutt. Etter dobbel arbeidsdag er eg nokså slutt eg og, og går inn for tidleg landing. Først må eg få vaska litt klær, for nå har eg lagt meg på ein «pendlarrytme» med avspasering av halve arbeidsdagen og tur til Oslo denne torsdagen og. Eg skal til Lysebu på seminar om dansk-norske salmetradisjonar, og eg gler meg veldig til det. Det finnest punkt i livet, sjølvsagt ikkje mange (?!), der eg må innsjå at eg er ganske nerdete. Sjølv i godt vaksen alder er det litt skummelt å reisa til eit seminar der eg ikkje veit om at eg kjenner eit einaste menneske… Men eg har god tru på at det skal bli veldig bra…

Heidi

From → barn, Skule, våren

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: