Skip to content

Konfirmasjonssalme

mai 5, 2014

8753876027_40fccf131b_b

Etter etterspørsel, så legg eg ut teksten til konfirmantsalmen min her. Eg skreiv han til Ingrid sin konfirmasjon for ti år sidan, og etter det har han blitt brukt på konfirmasjonsgudstenester både her hos oss og i fleire andre kyrkjer. Eg blir glad når andre har lyst til å bruka orda mine. Johanne Ur Sæbø har laga ein fin melodi til teksten.

Konfirmantsalme:

Glade samlast me i kyrkja
for å vera i din nærleik
Her er våre konfirmantar,
Herre signa dei med kjærleik
For dei unge vil me be,
signa dei med mot og fred
Herre gje dei kraft og tru,
signa dei du.

Stolte bar me dei til dåpen,
og nå samlast me i glede.
Nå er dåpsbarna blitt store,
dei står her i kvite klede
Sjå til alle som er her,
signa oss og ver oss nær
Ver hos oss i tvil og tru,
signa oss du.

Gje dei unge mot og vilje,
vakne sinn og sterke røter,
så dei vågar sjå og høyra,
vera midt i alt dei møter.
Kunna tola slit og strid,
halda fast og vera fri,
signa dei med mot og tru,
signa dei du.

Signa alle deira dagar,
dei som gret og dei som smiler.
Ver du nær dei alle timar,
når dei trur og når dei tviler.
Herre signa deira liv,
gjev dei håp og perspektiv,
signa dei med song og tru
signa dei du.

Heidi

I dag har eg forresten vore så heldig å få koma i etterselskap til flotte Lise, som vart konfirmert i går.

Heidi

One Comment
  1. calle permalink

    Ein fin salmetekst. Høyrde han for første gong i Bryne kyrkje under konfirmasjon no sundag. Det vart ikkje den store salmesongen sidan mest ingen kjende tonen. Elles merka eg meg ordet «perspektiv». Uvanleg og modig i ein salmetekst..

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: