Skip to content

Pinsedag

juni 8, 2014

imageODet er pinse og det er sommar. Eg har alltid likt godt å plukka blomar, og sidan huset stort sett var stengd for reingjering på grunn av akutt sommar i går måtte eg i det minste gå ut i hagen og plukka meg ein pinsebukett. Duken under i svartsaum har farmor brodert til meg for ikkje så veldig mange år sidan. Første pinsedag er eigentleg ein dag eg likar å gå i kyrkja, men i dag fekk det bli radiogudsteneste med fine sommarsalmar, for Leif skulle kjørast til flyplassen. Som ein snusmumrik frå Mummidalen, kjem det dagar for han då det er på tide å pakka ryggsekken, ta på seg reisehatten og dra ut i verda på eventyr. Akkurat nå sit han på flyet til Buenos Aires, og eg håpar han får ein riktig fin tur.

Før han reiste rakk me frokost og kaffi ute i sommerdagen med båtkopp til han som skal reisa og ein kopp meir eigna til dei som skal vera att heime og omgåst førsteklassinger, til meg.

imageDei to koppane fekk eg av Sunniva og Halvard til gebursdagen min for eit par veker sidan. Eg er svak for Tove Jansson og universet ho har skapt i Mummidalen.

image

Og eg er svak for biletbøker generelt. Etter at eg fann at ein stabel biletbokmanus eg mest hadde gløymt at eg hadde skrive, fekk eg frykteleg lystvtil å jobba meir med dette mediet. Eg fekk i siste liten slengt inn nokre av dei til ein barnebokkonkurranse. Ingrid gjorde det same med boka om pengetelleren Sverre. Ho har fått beskjed om at ho er blant fem forfattarar som har gått vidare til finalen. Nokon slik beskjed har ikkje eg fått, dessverre, så eg får vel nøya meg med å vera stolt mor og kryssa fingrane for dotter mi … Og det gjer eg…

Etter at vandraren min var avlevert på flyplassen, fekk eg og jentene tid til ein tur langs stranda. Det vart den første barfotturen for meg i år. Vatnet var relativt kjøleg. Det blømde så fint der nede med tiriltunger, marisko og små fiolar. Sommaren er rett og slett over alt akkurat nå.

 

imageResten av dagen har eg verkeleg nytt å vera meir eller mindre aleine heime. Eg har kokt kaffi og laga rabarbrapai, eg har fått skrive litt og, men mest av alt har eg ligge langflat og lese. Eg kjenner i heile kroppen at eg har lengta etter rolege sommardagar med tid til å lesa bøker og pusta roleg inn og ut. Eg er veldig glad i biografiar. I går las eg den nye Arve Tellefsen -biografien. Det var veldig interessant lesestoff. Både om hans lidenskapelige forhold til musikk generelt og sitt eige fiolinspel, ikkje minst. Korleis prioriterer ein livet sitt, og kva er rette prioriteringar? Ein eller annan kreativ person uttalte nettopp at ein som er kunstnar, kreativ og skapande, vil aldri bli klar til å slutta å vera det, og dermed ha eit livslangt prosjekt. Når ein er snart åtti og stjernefiolinist, legg ein då ned lista når fingrane blir stivare? Legg ein fiolinen vekk, eller satsar ein på å bruka sjela og musikaliteten til å finna nye djup i musikkuttrykket medan ein legg teknikken litt ned? Dette er interessante tankar for dei av oss som ikkje spelar fiolin og… I dag har eg lese Anne Karin Elstad sine barndomsskildringar. Det er og veldig interessant. Eg nyt å bare la meg bli fanga av boka og la tankane segla sin eigen sjø… Det er ikkje kvar dag ein kan tillata seg slikt.

imageOg heilt aleine er eg ikkje om å ha teke livet med ro…

Sidan det er pinsedag har eg lyst til å slutta innlegget med  å opna litt for mysteriet. Pinse har jo med Guds ånd å gjera. Lenge var Den heilage ande den mest ubegripelege og litt skumle delen av Gud for meg. Nå er eg djupt fascinert av tanken på dette aspektet ved livet. Eg trur Heilaganden er vinden som plutseleg kan blåse oss dit me ikkje visste at me skulle, intuisjonen som gjer at me plutseleg forstår at me skal gå bort til eit menneske, innskytelsen som plutseleg får oss til å ta ein telefon me ikkje hadde planlagd, det som får oss til å forstå at nokon akkurat nå treng ein klem eller ti minutt av tida vår, det mystiske og kvardagslege smelta saman til små kvardagsmysterium. Mange ting er små og store på same tida. Av og til høyrer me musikk som får oss til å dansa. Til vår forundring oppdagar me at ikkje alle høyrde musikken på same måten som oss. Eg sluttar aldri å forundra meg over at me menneske er så like og så ulike på same tida.

For dei som orkar å lesa endå meir, sluttar eg med eit avsnitt av Charles Ringma, henta frå «Den indre rytmen.»

«Å dele mennesker inn i kategorier stemmer imidlertid dårlig med livets mangfold. Det stemmer heller ikke med våre hverdagslige erfaringer.Den mektige kan miste makten, sterke kan oppleve svakhet, den mindre heldig stilte kan ha sine særlige kvaliteter og styrker. Vi er alle barn, foreldre, elever og lærere, hjelpere og hjelpetrengende. Selv om vi har masse å gi, har vi alle en masse vi trenger å få.»

Ha ein framleis god pinse.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: