Gå til innhald

Ein dag i Oslo

juli 31, 2014

image

I går fylde me bilen til ytterste trengsel og sette kursen mot Oslo. Sunniva og faren sat framme og byttest på å kjøra, medan eg sat omtrent innebygd i baksetet med bagasje på golvet og ein stor flatskjerm eg tvihaldt på første del av turen for at ingen skulle få han i hovudet når me bremsa og svingde. Då me stopte for å strekkja på beina i Valle, fann Sunniva på ein måte å omorganisere bagasjen slik at me fekk klemt flatskjermen inn mellom to koffertar beskytta av eit badehandkle. Me køyrde på smale, svingete vegar gjennom fin natur. Etter ned- og oppstigninga frå Dalen i Telemark, stoppa me og åt middag på ei veikro. GPS-en tok oss til Thereses gate der ho skal bu, og saman fekk me bore flyttelasset opp trappene til leiligheita i andre etasje der ho skal bu saman med tre barndomsvenninner.

image

I dag vakna me på Diakonissehuset, og åt frokost i den ærverdige gamle diakonissestova som fungerer som spisesal. Til frokosten høyrde me eit veldig hyggeleg tysk ektepar planleggje ein særdeles ambisiøs turistdag i Oslo, der Holmenkollen, domkirke, Gamle Aker Kirke og Nasjonalgalleriet bare var første delen av dagen. Eg var glad for at me kjende Oslo så godt frå før at me bare kunne la dagen skje oss i staden for å planleggja.

image

image

image

Visdomsordet over stod på døra til eit av dei fine kapella her i huset.

Sunniva ville bruka føremiddagen til å ordna seg litt i den nye heimen, og ta i mot Thea som skulle dukka opp, flyboren frå heime. Me spaserte ned til Grunerløkka, sommarveret var fint og folk var ute i byen og koste seg. Heldigvis var sentrum lite prega sv terrortrusselen. Me fekk kartlagt kor Halvard skal bu. Det er eit veldig stort studenthybelhus like ved Akerselva, veldig nær Grunerløkka. Eg trur han kan få det veldig bra der.

På Karl Johan var det sommarstemning. Eg snakka lenge med ei rom-kvinne på 22 år som fortalde at ho hadde tre barn. Eg handla litt på Gudrun Sjøden, og kjøpte «Folk er folk,» og «= Oslo». Gatemusikantar såg me mange av, eit jazzband laga triveleg stemning, eldslukarar, gullmenn, bronsemenn og diverse anna, stod tett i tett.

image

Eg lar denne ulven representera dei alle… Me sette oss på ein benk og observerte tilfeldigvis ein «gorilla» som stod på gata. Me la først merke til han fordi han stod utan gorillahovud, med resten av drakta på og kjølde seg litt ned, før han etter ei tid sette han hovudet seg att. Først var denne mannen i gorilladrakt utan hovud litt komisk, så gjekk det opp for meg st det han dreiv på med nok var anna enn lettbeint leik. Han stod eit lett skrantsnde gorilladrakt, der glidelåsen, som truleg ikkje fungerte, var open i ryggen. Fingrane på gorillahanskane var klipte av, og drakta hadde eit hol bak. Så stod han der og prøvde å fanga merksemda til dei som gjekk forbi, men mest ikkje eit einaste menneske, sjølv ikkje barna ofra han eit einaste blikk. Skåla til pengane stod like tom. Til slutt tok han sv seg drakta der han stod, keølla ho saman i ein bag og gjekk der i frå…

Me åt lunsj på ein liten fortausrestaurant det selgjarar, trekkspelarar og ein vervar frå Greenpeace var innom under måltidet.

image

Som de ser: no soup today…

Etterpå kjørde me Sunniva, Thea og Olav til IKEA, der det var veldig mange andre i dag. Dei handla senger, bord, stoler, dyner, sengklede og andre ting dei kan koma til å trenga. Varene blir brakte til huset i morgon, og då vil det visa seg om dei får plass til alt saman. Dei er godt i gang med redebygging, så det kjem nok til å bli veldig bra til slutt…

image

image

image

Utanfor huset har dei eit stort grønt tre, og ei godt brukt trikkelinje, så det tek kanskje litt tid å vennskap seg til lydane. Lydane av trikk og trafikk, altså, treet kjem nok ikkje til å laga bråk…

image

image

Me avslutta dagen med å eta pizza på ein koseleg uterestaurant. I morgon tidleg kjem Halvard, og skL begynna å ordna seg til i byen. Terrortrusselen skal vera avblåst, og det set eg pris på…

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: