Skip to content

Eit rom som heiter sommar

juli 30, 2014

image

Det finst eit rom som heiter sommar. Der er tida open og romsleg, og ein kjenner ikkje dagen lang tid på førehand via avtalar i almanakken. Det tek ofte litt tid å koma inn dit og få lagt seg flatt i graset, men når ein først har fått roa seg ned der inne og stengt dør til resten av livet, så vil ein ikkje ut att.

Summertime when the living is easy,
fish are jumping, and the cotton is high…

Med Louis Armstrong sin trompet og hese stemme, så er det definitivt sommar, sjølv om me, om me skal vera ærlege nordmenn, ikkje relaterer så veldig mange sommerminne til velstanden bomullsplanter.

image

I går hadde eg to herlege sommarinvitasjonar på timeplanen. Dagny hadde bakt kake og steikt lappar, og Åshild hadde nykokt bringebærsyltetøy. Saman med kaffi, gulrøter og vannmelon,
så sommarmogen at han nesten knaste mellom tennene, sat me ein gjeng i hagen hennar og lot føremiddagen vibrera av liv.

Etterpå gjekk eg heim og bakte eplekake der skiver av irrgrøne eple låg tett i tett med dryss av kanel og sukker på toppen. Så kunne eg med stor fargeglede plukka vertinnebukett nummer to frå krukkene på verandaen min.

image

Så stabla me oss i veg i bilen til Hundvåg til ein av dei aller koselegaste sommarinvitasjonane i år. Heidi og Per Inge inviterte til kveld saman med vaksne barn. Me er ein gjeng venner, som i viktige år av liva våre, ofte var saman på sundagsturar, gebursdagsfeiringar, hytteturar, nyttårsfeiringar og mykje anna kjekt frå dei eldste ungane våre var bittesmå og opp gjennom oppveksten deira. Nå er ungane mellom 18 og 29 år, og det er veldig mange år sidan me har klart å samla ungdomane i lag med oss. Denne gongen klarte me det nesten. Tre ungdomar og ein far hadde lovleg fråver. Me andre sat rundt langbordet på terrassen til Heidi og Per Inge og koste oss med grillmat, plommer frå eige tre, friske bær, eplekake og is. Det var så fint å sitja der i lag, i ein sommarkveld som etterkvart vart svalare enn dei ne har kjend på lenge.

image

I dag er dagen komen for å kjøra flyttelass over fjellet. Eg høyrer på Louis Armstrong og kjenner eg blir litt varm bak auga:

One of these mornings,
you gonna wake up singing,
gonna spread your wings,
and take to the sky…

Og plutseleg blir den songen veldig sann og reell.

Until that morning,
nothing gonna hurt you,
with mammy and daddy standing by…

Eg høyrer på «Sommar i P2», med Runi Børresen, ei klok dame som jobbar med lærerutdanning og har spiseforstyrrelsar som spesialfelt. Det er fint å høyra på henne. Ho har mange gode poeng, og snakkar om den umoglege kvinnerollen unge jenter skal leva opp til. Overvekt er blitt den nye skamfaktor nummer ein. Den første risikofaktor for å utvikla spiseforstyrrelsar er å vera fødd som jente, seier ho. Og mange sirkulerande slankekurar i nærområdet til barn i puberteten er og ein risikofaktor. Dette er tankar eg har reflektert mykje over, men det får kanskje bli ein annan tekst ein annan gong… Viktigst i dag får vera eit visdomsord frå dama i radioen: Det beste foreldre kan gjera for å forebyggja spiseforstyrrelsar hos barn er å gje dei masse kjærleik, og byggja opp den grunnleggjande sjølvkjensla til barnet, slik at dei vågar å tru at dei er bra nok som dei er. Og denne setningen får stå for mi rekning: Det treng dei når dei skal bera kroppen sin og sjela si ut i ein verden der det kan blåsa ganske friskt. Eg er heilt einig med Runi Børresen i at det ville vera fint viss ungane var trygge nok på eigen kropp til å ikkje leggja ned absolutt alle krefter på å perfeksjonera han. Det ville vore fint å ha litt overskot til å gjera sitt for å gjera verda utanfor eigen kropp litt varmare, romslegare, fredelegare og meir rettferdig…

Nå må eg pakka til avreisa. Eit par klesskift og ein tannkost er vel omtrent det me får plass til på toppen av flyttelasset. Framleis står det juli på kalendaren, og august er og ein sommarmånad…

image

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: