Gå til innhald

Den siste av tre sommarmånadar

august 4, 2014

image

Det gjorde meg godt å høyra august månad bli omtalt på denne måten. Det er lett å tenkja at august betyr at døra til sommaren skal lukkast, det er då ein mykje finare tanke at ein tredjedel står att. Ei av svigerinnene mine var inne på noko av det same då eg spurte korleis sommaren hadde vore. «Spør meg heller om korleis sommaren er», sa ho, og då gjorde eg sjølvsagt akkurat det.

image

For oss starta august på ein praktisk måte. Me møtte Halvard på Oslo S og tok ein ny runde på IKEA for å handla inn det han trong for å starta eit hybelbuarliv i Oslo. Etterpå var me hos Sunniva, der dei framleis var i ferd med å flytta inn. Eg sette meg på golvet litt og såg på dei. Eg sa at eg trong ti minutt på å gjera meg klar til å ta avskjed. Men så gjekk dei ti minutta og, og eg måtte innsjå at timen var komen.

Så drog me ut til Kirkeveien i Bærum, der me skulle lasta inn eit nytt flyttelass for nevø Oscar som skal til Stavanger for å utdanna seg til musikar. Det blir koseleg å ha han i nærleiken.

Og så måtte livet gå vidare, med ei heilt fysisk kjensle av sorg ein stad i hjarteregionen, kjørde me mot vakre Hvaler, for å besøkja gode venner, Astrid og Lars, saman med Anne Mette som var på besøk allereie. Det var fint å vera i lag med dei. Me hadde ein veldig fin kveld saman, og neste morgon gjekk me ned dei varme rosa svaberga for å ta eit morgonbad i havet før me hadde lang frokost ute på verandaen med nydeleg havsutsikt.

imageimage
image
image

Litt utpå føremiddagen måtte me setja oss i bilen att. Me skulle på syskenbarntreff til Vikene, farmor og farfar til Leif sin feriestad utanfor Fredrikstad. Eg hadde ikkje vore der før, og Leif kunne bare fjernt hugsa at han hadde vore der tidleg i barndomen.

image

Her er huset dei bygde, ein gong på tjuetalet, for å feriera her med barn og tenestejenter.

Familien til Leif, det vil seia syskenbarna hans, disponerer nå tre hus på denne eigedomen, langt oppe i ein bakke med fin utsikt over havet og tettstaden Vikene. Me åt god mat, drakk kaffi og åt kaker og snakka om livet før og livet nå.

image
image

Etterpå drog me ned til familien sitt badehus med badebrygge, og fekk ein ny sjanse til å bada i nydeleg sommarvarmt sjøvatn. Det er lenge sidan eg har bada så mykje ein sommar, spesielt viss eg ikkje reknar med somrane i Spania. Etterpå vart me tekne med på båttur rundt Hankø. Det var varmt og vindstille.

image

Neste dag hadde me ein lang heimtur, og det absolutte høgdepunktet var å eta middag hos Jan og Hilde i Søgne. Det var og koseleg å møta Simen som snart skulle i veg for å starta på lærarutdanning han og. Det er fint å få fylgja dei me har sett veksa opp eit lite steg inn i vaksenlivet. Akkurat nå er mange av vennene våre i den same fasen som oss… Barna deira blir vaksne og flytter ut.

image

image

image

Vel heime venta det oss eit tomt hus og ein svolten katt, velsigna vere katten som framleis ventar. I dag er eg i ferd med å nyta den siste ferieveka mi. Eg ryddar, vaskar, skiftar ut blomane som hadde visna i vasane, og plukker unna ting som ungane lot liggja att då flytteplassen i bilen måtte prioriterast.

image

image

Ein ny livsfase er i gang, antar eg…

Heidi

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget