Skip to content

Tore, regnver, flor og fjære.

august 7, 2014

I natt vakna eg av eit forferdeleg torever. Det lynte og brakte samtidig. Lyna var så sterke og så tette at dei lyste opp soveromet i fleire sekund om gongen. Alle himmelkranane vart opna, og det høyrdest ut som om nokon tømde vatn frå gigantiske bøtter over huset. Det spesielle var at det pågjekk i timesvis, eg kan mest ikkje hugsa å ha vore ute for slikt vêr.
Om morgonen fekk me høyra at det var storflaum lenger sør på Jæren.

image

Det regna ganske heftig her og.

image

Eg oppdaga at viss eg sette meg på benken heilt inntil huset, så kunne eg drikka morgonkaffi ute og sjå på regnet nesten utan å bli våt.

image

image

image

image

Det var rett og slett ein ganske fin start på dagen.

image

I dag var dagen komen for å innvia den nye symaskinen. Det var frykteleg lenge sidan sist eg sydde, for det har vore så mykje utriveleg tull med den andre. Eg hadde ikkje tenkt å bli sitjande og sy resten av dagen, men det var akkurat det som skjedde. Det var så kjekt at eg ikkje klarte å rydda det vekk.

image

Plutseleg oppdaga at eg var i ferd med å få dårleg tid, for dette var dagen for den lenge planlagde turen til «Flor og fjære» på Nordhidle saman med mor og far, bror, syster, svoger og svigerinne. Me hadde jo lurt på korleis vêret ville oppføra seg, det hadde me ikkje trengt å bekymra oss over. Det regna då me kom, men det gav seg etter ei stund. Fargane i dei fantastiske hagane kom verkeleg til sin rett i det våte kveldslyset. Det er så fint der ute at ein ikkje trur sine eige auge. Eg tek hatten av for dei som har fått til dette og held det i stand. Først fekk me omvisning, så var det tre rettare middag i restauranten med nydeleg fiskesuppe til forrett. Etterpå var det god tid til å vandra rundt på øya, oppleva den utruleg vakre naturen og kjenna dei gode luktene av blomar, sjø og jord som blir spesielt sterke etter at det har regna. Dette var ei veldig fin måte å vera saman med familien sin på, og far insisterte pågå dra bankkortet for oss alle.image

image

image

image

image

image

image

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: