Gå til innhald

Morell- og solsikkesommar

august 6, 2014

image

I dag hadde eg storfint besøk. Eg har samarbeida med Calle Fjogstad om ei sommarvise, og han hadde lova at når me var fornøgde med songen begge to, skulle han koma å syngja for meg. I dag var dagen koma. Han hadde med seg Georg Pollestad som spelte munnspel. Dei hadde gjort ein god jobb, songen var verkeleg fin. Det er ikkje kvar dag eg får privatkonsert i sofaen heime. Gode heimelaga muffins hadde dei med seg og, kaffien var mitt einaste ansvarsområde. Takk for veldig kjekt besøk til dei begge to.

image

Eg veit ikkje om livsledsagaren min er på jakt etter nye utfordringar nå når barna er ute. Dagens overrasking til meg var at han hadde lånt ein el- bil han ville ha meg med og prøvekjøra… Sidan Torhild fyller år i dag, kjøpte me med oss ein stor bukett solsikker, og la turen forbi døra hennar.

image

image

image

Solsikker er eit teikn på seinsommar akkurat som moreller er. Ho er den einaste i vennekretsen min som har eit stort kvitt flygel midt i stova. Det ville eg og hatt om eg kunne spela slik som ho kan. I og med at Halvard arva pianoet etter farfaren sin, så har me to piano i heimen, og det er vel ikkje verst det heller. Eg saknar allereie pianomusikken til Halvard. Kanskje eg må lokka Leif til å spela meir, for han kan han og. Dersom eg kunne ynskja meg ein ferdigheit eg ikkje har, så måtte det vera å kunna spela. Helst piano eller saksofon, eller kanskje tverrfløyte. Det å ha ein litt fin songstemme hadde heller ikkje vore feil… Men kvar av oss får vel leggja ned dei puslespelbrikkene me faktisk har fått utdelt, så kan det bli noko fint til slutt. Det er ganske fascinerande kor ulike styrker og svakheiter me menneske har. Det må rett og slett vera tanken at me skal slå oss saman…

Eg avsluttar med eit fint bilete av dagens jubilant. Nå syng dei Evert Taube på fjernsynet.
Rønnerdal er gammal, men han dansar endå…
… Hur han klarar skivan kan ingen forstå,
ingen utan ternan i viken, hon som døk,
och ekorren och finken, och engens førsta gøk,
och blommorna, de blommor som redan sprungit ut i engen,
mandelblom, gullviva, kattfot och blå viol.

Eller noko liknande… Eg finn dessverre ikkje dei særsvenske vokalane på i- paden min, så dei norske får duga.

Ja, dagens jubilant var det, ja… Det var kjempekoseleg å drikka kaffi med henne og Per Magne på terrassen deira. Det var så lenge sidan sist.

image

Ha ein fin augustkveld.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: