Skip to content

Stille før stormen

august 8, 2014

image

I dag har det teknisk sett vore siste dag i ferien, eller kanskje ikkje det ein gong, sidan eg har undervisningsfri på fredagar. Nå har eg akkurat sett ein vemodsvakker film :
«Renoir», om den aldrande malaren, Auguste Renoir, som med giktiske hender, sterkt sviktande syn, og ute av stand til å gå lenger, nekter å gje opp kunste. Han blir boren rundt på ein sto, for å få dei scenarioa han vil ha, og får hendene bandasjerte og kjølte ned med isbitar for at han skal orka å halda penselen. Filmen handlar like mykje om den unge vakre aktmodellen hans Renee, og om sønene hans, Jean og Coco. Leif havna etterkvart framfor golfen nede i stova, men eg har hatt selskap av ein malande katt, som kom hoppande inn takvindauget her oppe på loftet, etter å ha bed meg opna for henne ved å gå fram og tilbake over glasruta og mjaua. Då ho var vel inne la ho seg med hovudet på skuldera mi og mol inn i øyret mitt.

image

Heimen har og ein annan losjerande, som har vore her sidan i dag morges, og som har gått til ro for natta på eit lammeskinn i dokkesenga si nede i stova…

image

Eg held framleis på med å utforska den nye symaskinen min. Det er spennande at eg kan bruka han til skriving av tekstar. Det er vanskeleg å riva seg laus når eg først har sett meg ned for å sy.

image

Vêret i dag har vore varmt og nydeleg. Dei melder nytt kraftig torever, store nedbørsmengder og storm. Leif har teke vermeldingane svært seriøst og trekt teltduken av paviljongen på terrassen så han ikkje skal blåsa sund. Akkurat nå er det ein blikkstille og tropevarm, seinsommarkveld, så det er litt vanskeleg å tru storm og regn. Me får sjå korleis det går…

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: